Hopp til innhold
X
Innhald

Utvikens Kloggfabrikk

På dette biletet ser vi Utvikens Kloggfabrikk til venstre (med skorstein) og Hammerstad Hesteskofabrikk til høgre. Foto: Ottar Starheim, NRK.

På dette biletet ser vi Utvikens Kloggfabrikk til venstre (med skorstein) og Hammerstad Hesteskofabrikk til høgre. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Broren Ragnvald Olsen Verlo tok over fabrikken i 1921, og deretter dreiv hans son Olav R. Verlo fabrikken.

vart starta i Utvik i 1918 av Peder Elias Olson Verlo. Kloggar er beksaumstøvlar med tresåle. I tillegg produserte verksemda vanlege tresko og skaftestøvlar.

Broren Ragnvald Olsen Verlo tok over fabrikken i 1921, og deretter dreiv hans son Olav R. Verlo fabrikken.

På det meste var det fem-seks tilsette, men etterspurnaden gjekk ned, og frå slutten av 1970-talet gjorde Olav R. Verlo alt arbeidet åleine. Han la ned fabrikken i 1987, men bygningane og produksjonsutstyret er teke vare på av Per Inge Verlo.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 02.08.2011