Hopp til innhold
X
Innhald

Verlo AS

Verlo AS vart grunnlagt i 1936 av Reidar Verlo, som overtok utstyr frå det konkursråka Moldøen Mek. Verksted.

Han dreiv verksemda saman med brørne Alf og Magnus. Driv slipp og skipsutstyrs- og jernvareforretning i Måløy. Bygde i 1956 første vognslippen i Nordfjord. Slippen vart utbygd til å kunne ta båtar på inntil 100 fot. I 2006 vart Verlo AS selt til Knut Helge Sørpoll, Per Jørgen Silden, Malvin Silden og Roger Silden.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 20.08.2008