Hopp til innhold
X
Innhald

Vest Karosseri A/S

Vest Buss i Stryn. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK

Vest Buss i Stryn. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK

Vest Karosseri A/S på Visnes i Stryn vart grunnlagd i 1965. Eigarar var Nordfjord og Sunnmøre Billag L/L, Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane, Stranda og Sykkylven Billag, Stryn kommune og ein del private investorar frå campingvognbransjen. Etableringa i Stryn kom etter ein dragkamp med Gloppen om lokaliseringa av bussfabrikken.

Stor bussmangel

Like etter 2. verdskrig var det stor mangel på bussar, og Nordfjord og Sunnmøre Billag bygde sitt eige bussmateriell. I alt vart det bygt 43 bussar i Stryn i tida frå 1946 til 1965 - før Vest-Karosseri vart starta.

Vest Karosseri var såleis ei vidareføringa av bussproduksjonen som billaget hadde drive for «eige bruk» fram til då.

Fabrikkbygningen på Visbes. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Fabrikkbygningen på Visbes. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Laga ei campingvogn

Dei første åra prøve bussfabrikken seg også på andre beslekta produkt som campingvogn (det vart berre ei!) og skåpbilar, men har sidan konsentrert seg berre om bygging og innreiingar av bussar på ferdigleverte chassis.

Dotterselskapet Buss Supply som driv vedlikehald og delesal, har avdelingar i Stryn, Bergen og Oslo. Med dotterselskapet, hadde Vest-Karosseri i år 2000 223 tilsette, og ei omsetning på 220 millionar kroner.

Av dette 185 tilsette og omsetning på 185 millionar kroner på bussfabrikken i Stryn.

Vest-emblemet er å finne på bussar over heile landet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK

Vest-emblemet er å finne på bussar over heile landet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK

To namnebyte

Konsernet bytte namn til Vest Busscar, og kjøpte i 2002 65 prosent i den danske bussfabrikken Scania Silkeborg med 190 tilsette. Den andre eigaren er brasilianske Busscar Omnibus. I februar 2003 gjekk fabrikken i Silkeborg konkurs.

Vest Buss AS kasta korta, men nye eigarar

Fabrikken i Stryn bytte sidan namn til Vest Buss AS, eigarselskapet Vest Buss Industrier AS. Sviktande ordrar gjorde at Vest Buss måtte seie opp 50 av dei 120 produksjonsarbeidarane i 2008. I oktober 2010 vart dei tilsette informerte om at selskapet legg ned bussproduksjonen i Stryn og at den siste bussen skulle bli produsert i januar 2011. Då har fabrikken i Stryn produsert 4500 bussar på 45 år. Men i desember 2010 vart det kjent at ei lokal investorgruppe overtek fabrikken og fører produksjonen vidare. Gruppa har registrert seg med namnet Gode Busser Holding AS, medan driftsselskapet heiter GB Drift AS. Sjølve bussfabrikken fekk namnet Vidre AS. Dei nye eigarane tek sikte på å ha rundt 50 tilsette i starten, medan det var rundt 100 tilsette då Vest Buss AS vedtok nedlegging. Men i 2013 måtte Vidre AS melde oppbod, og dei då 30 tilsette miste jobben.

Vest-bussar i Tsjekkia

Samstundes har Vest Buss Norge AS frå 2008 produsert bussar i Tsjekkia. På tre år leverte denne bussfabrikken 309 bussar til norske rutebilselskap. I Stryn har Vest Buss AS administrasjon og verkstad. Selskapet har og verkstader i Arna, Haugesund, Lillestrøm, Otta og Kristiansund. I 2014 vart desse verkstadene oppgraderte for 10 millionar kroner. I 2014 hadde Vest Buss Norge 94 tilsette, 35 av dei i Stryn.

Den første bussen som vart laga av Vest Karosseri saman med meir moderne Vest-produkt. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Den første bussen som vart laga av Vest Karosseri saman med meir moderne Vest-produkt. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Mange underleverandørar

Mellom dei viktigaste underleverandørane til bussfabrikken i Stryn har vore Nomek - sjå Nordfjord Mekaniske AS og AMT Produksjon på Nordfjordeid. Denne verksemda har levert veggar og tak til karosseria og hadde opp til 25 tilsette då dei vart slegne konkurs i 2007. Eidaren Bjørn Myklebust kjøpte driftsmidlane og heldt fram produksjonen med 19 tilsette. Selskapet hans heiter Fjord Technology Production.

Frå bussproduksjonen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Frå bussproduksjonen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Den første bussen som vart produsert av Vidre AS. Foto: Jan Ivar Vik.

Den første bussen som vart produsert av Vidre AS. Foto: Jan Ivar Vik.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 26.03.2014