Hopp til innhold
X
Innhald

Vesterland Feriepark

Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK

Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK

Vesterland Feriepark på Kaupangerskogen er eit av dei største overnattings- og fritidssentra i fylket, med ein kapasitet på over 560 overnattingsgjester i tillegg til ei mengd aktivitetstilbod. Totalt dekkjer bygningane i 2003 eit areal på vel 10.000 kvadratmeter. Ferieparken vart starta i 1981 av Erik A. Flåten. Anlegget hadde frå starten 46 doble utleigehytter.

Kaféen på Vesterland. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kaféen på Vesterland. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kafé og pub

Flåten bygde kafé i 1986 og utvida med pub i 1988. I 1995 kom 60 nye hyttehusvære, og i 1998 eit velferdssenter. I 2002 vart det bygt ein fleirbrukshall på 1.550 kvadratmeter.

Mangfaldig tilbod

Senteret inneheld forutan hytter, konferanserom og restaurantar også ein daglegvarebutikk, treningsstudio, squash-hall, symjebasseng og barnebasseng, fysioterapi og solarium. I ein eigen «kunstallé» har Sogndal Kunstlag faste utstillingslokale.

Ei av hyttene på Vesterland. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Ei av hyttene på Vesterland. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Konkurs i 2005

Den samla investeringa fram til 2003 ligg på kring 100 millionar kroner. Frå 2000 overtok sonen Arne Glenn Flåten som dagleg leiar. I 2005 vart deler av Vesterland-anlegget slege konkurs med ei gjeld nær på 30 millionar kroner, og ei privat investorgruppe overtok. Drifta av anlegget vart seinare overteken av Norlandia-kjenden under namnet Norlandia Vesterland Resort.

Strand og golfbane

I 1995 kjøpte Arne Glenn Flåten garden Eskestrand med tre kilometer strandline sør for Stedje gard. Her er det bygt ut 9-hols golfbane, og planen er å utvikle eit feriesenter i området. Flåten-familien disponerer også ei hytte på 400 kvadratmeter i Sogndalsdalen som vert leigd ut til ulike samankomstar.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 11.08.2011