Hopp til innhold
X
Innhald

Vevang Produksjon AS

Vevang. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Vevang. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Vevang Produksjon AS, verna verksemd, vart starta i Dale i 1990. Etter ein start i tidlegare Jarl skofabrikk sine lokale, flytta ein over i skulebygget Vevang, tidlegare Falchs Pensjonat- og Middelskole. Bygget vart skadd av brann i 2000.

Verksemda produserer småmøblar og ulike tekstilprodukt, og sysselset i år 2002 15 yrkesvalhemma, sju på attføring og har seks tilsette i leiing og stab.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 08.10.2010