Hopp til innhold
X
Innhald

VideoNor AS

Dagleg leiar i Seevia AS, Jørn Mikalsen, tek mot Rosingprisen av juryleiar Benedicte Fasmer Waaler. Foto: Cille Berglund.

Dagleg leiar i Seevia AS, Jørn Mikalsen, tek mot Rosingprisen av juryleiar Benedicte Fasmer Waaler. Foto: Cille Berglund.

VideoNor AS - ei IT-bedrift som leverer profesjonelle videokonferansar – vart starta av Heidi Kopperud og Jørn Mikalsen i Måløy i 2010. Bedrifta reknar med sju-åtte tilsette i startåret.

I 2011 skilde dei ut selskapet Seevia AS, som same året fekk Rosingprisen av Den norske Dataforening.

I 2011 fekk Jørn Mikalsen og Heidi Kopperud årets gründerpris i Sogn og Fjordane, og i 2012 vart VideoNor AS og Seevia AS tildelt nyskapingsprisen til NHO Sogn og Fjordane.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 30.03.2012