Hopp til innhold
Foto innanfrå Hotel Videseter. Foto: Hotel Videseter. Brukt med løyve for Allkunne.
Foto innanfrå Hotel Videseter. Foto: Hotel Videseter. Brukt med løyve for Allkunne.
X
Innhald

Videsæter Hotel

Videsæter Hotel, i dag Hotel Videseter, ligg i Videdalen i Stryn kommune, like ved Gamle Strynefjellsvegen. 

Videseter i 1905. Foto: O. Svanøe.

Videseter i 1905. Foto: O. Svanøe.

Videsæter Hotel vart starta som fjellstove i 1903 då Staten kjøpte Hotel Victoria på Meland av Isak Meland og sette det opp att ved Strynefjellvegen, eit steinkast frå den mektige Videseterfossen (60 meter høg).

Bonde Rasmus L. Skaare frå Oppstryn vart tilsett som fjellstovestyrar. I sjølve fjellstova kunne han berre ta Statens regulativsatsar for kost og losji, men i 1909 fekk han høve til å setje opp eit tilbygg som han kunne drive som privat hotell. Etter ei tid fekk han også overta sjølve fjellstovebygget. Hotellet hadde då plass til 40 overnattingsgjester.

Videseter i 1938. Foto: Harstad.

Videseter i 1938. Foto: Harstad.

Sonen Lars R. Skaare overtok i 1930 og bygde på 1930-talet eige kraftverk ved hotellet. I 1960 overtok dottera Magnhild Skaare Erster og svigersonen Otto Erster drifta og var vertskap ved Videsæter Hotel til dei selde i 1999.

Hotellet vart i 2000 kjøpt av Per Garen, som sidan har drive hotellet under namnet Hotel Videseter. Hotellet har plass til om lag 70 overnattingsgjestar. 

I 1961 vart hotellet sterkt skadd og slege skakt av eit snøras. Drifta kunne likevel halde fram medan eit nybygg i betong vart reist. Dette stod ferdig i 1964. Lunsjgjester ved såkalla overlandturar for cruiseturistar mellom Nordfjord og Geiranger har vore ein spesialitet for dette hotellet heilt sidan starten.

Videseter Hotel i dag. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Videseter Hotel i dag. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Sjå foto av Hotel Videseter, tatt med om lag hundre års mellomrom:

Medan turistane får lunsj på Videseter, tek sjåførane ein pust i bakken. Biletet er teke på 1920-talet av ukjend fotograf.

Medan turistane får lunsj på Videseter, tek sjåførane ein pust i bakken. Biletet er teke på 1920-talet av ukjend fotograf.

Hotel Videseter (2017). Foto: Hotel Videseter. Brukt med løyve for Allkunne.

Hotel Videseter (2017). Foto: Hotel Videseter. Brukt med løyve for Allkunne. 



Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 10.08.2017