Vik Apotek

Tilsette på Vik Apotek ca. 1963. Frå venstre Bernt Fridell, Gerd Vikøren, Gudny Nummedal og apotekar Vidar Vollsnes. Ukjend fotograf. Eigar av biletet: Bernt Fridell/Vik lokalhistoriske arkiv.
Vik Apotek vart opna i 1921 med Rolf Greve som første apotekar. Vik vann då lokaliseringskampen om apoteket mot Kyrkjebø (Høyanger). Høyanger gjorde i 1954 eit mislukka forsøk på å få flytta apoteket frå Vik til Høyanger.
Vik Apotek hadde også utsal i Brekke, Høyanger, Balestrand, Fjærland og Hermansverk.

Vik Apotek heldt til i dette huset. Foto: O. P. Fosse. Eigar: Vik lokalhistoriske arkiv.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014).
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.
Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.
Sist oppdatert: 08.06.2011