Hopp til innhold
X
Innhald

Vik Hermetikkfabrikk (Sardinen)

Vik hermetikkfabrikk med dei tilsette, truleg på 1920-talet. Foto: O. P. Fosse. Eigar: Vik lokalhistoriske arkiv.

Vik hermetikkfabrikk med dei tilsette, truleg på 1920-talet. Foto: O. P. Fosse. Eigar: Vik lokalhistoriske arkiv.

Vik Hermetikkfabrikk vart starta i 1920 av Jæger Sardine Factories LTD i Stavanger. På folkemunne vart den berre kalla «Sardinen». Fabrikken heldt til på Vetløyri i ein karakteristisk bygning med «taggete» takkonstruksjon, og hadde eiga kai som står framleis. Fabrikken hadde 10 røykomnar. På det meste arbeidde det 60 personar i sesongen.

Brisling og saft

Hermetikkfabrikken la først og fremst ned brisling, men hermetiserte også frukt, og laga saft og syltetøy.

Dei første fabrikkåra i Vik gjekk dårleg. I 1922 gjekk fabrikken konkurs, og vart kjøpt av Stavanger-firmaet Central Canning Co. AS. Dette firmaet dreiv eige notbruk. Fabrikken vart lagt ned i 1966, og Vik kommune kjøpte eigedomen. Fabrikkbygningen brann ned i 1982.

Tilsette på Vik Hermetikkfabrikk. Frå venstre Sverre Christensen, Sivert Lilleøren, Harald Hove, Johannes Øgland, Bjarne Karlsen og ? Eggum. Ukjend fotograf. Eigar: Edvin Pettersen/Vik lokalhistoriske arkiv.

Forlis

I 1963 var frakteskuta «Sjøgutt» frå Vik på veg til Bergen med last frå «Sardinen» då den kom i brann og sokk på Bømlafjorden. Mannskapet på to berga seg i livbåten.

Lastebilen til Central Canning – Vik Hermetikkfabrikk -  med Harald Hove ved førarhuset. Han var arbeidsformann på ”Sardinen”. Dei andre på biletet kjenner vi ikkje namna på. Ukjend fotograf. Eigar: Per N. Hove/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Røyrvik Bygg og Betong

I 2002 er det Røyrvik Bygg og Betong AS som held til på tomta med trelastlager og byggevarer, og dei har fleire betongbilar. Verksemda har i 2002 16 tilsette.

Bøthun Notalag i Fresvik. © Vik lokalhistoriske arkiv.

Bøthun Notalag i Fresvik. © Vik lokalhistoriske arkiv.

Lokale notalag fiska for fabrikkane

I Sogn var det i mellomkrigstida fiskehermetikkfabrikkar både på Hermansverk, Leikanger og Fjærland, forutan Vik.

Mykje av råstoffet fekk fabrikkane den gongen frå lokale notalag i Sogne-bygdene. Såleis var det berre i Fresvik åleine fleire notalag med 7-8 mann i kvart lag. Dei lokale notalaga i Fresvik var i drift heilt fram på 1970-talet.

Thorsens notalag

I Vik var det kring 1905 fem notalag: Eitt leia av bakar Anders Jakobsen, eitt av Skule-Hermund, eitt heitte Garvarlaget, eit fjerde Nyalaget, og det femte med Endre Pettersen og Jens Jensen som basar.

Thorsens notalag

Elles dreiv m.a. slekta til hotelleigar Mons Thorsen «Thorsens notalag» med båten «Yankee» fram til 2. verdskrig. I Vik fann ein elles Lilleørens notlag med båten «Falken», og «Sardinen» sitt eige notlag.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 10.06.2011