Hopp til innhold
X
Innhald

Vik Industrihus

Vik Industrihus (til venstre i biletet) vart bygt i 1970. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Vik Industrihus (til venstre i biletet) vart bygt i 1970. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Vik Industrihus vart bygt i 1970, og gav plass til fleire nyskipa verksemder som Viking Husflid AS og Sogn Mek. Verksted. I tillegg leigde Sognekraft og Vik Verk lokale i det vel 4000 kvadratmeter store bygget.

Viking Husflid hadde fem tilsette, men gjekk konkurs i 1975. Styraren Hans Grønningen (1925–2000) kjøpte maskinar og utstyr og starta baderomsmøbelprodusenten Vik Interiør AS. I 1986 skifta verksemda namn til Linn Bad AS, og flytta same året inn i eige fabrikkbygg, og har sidan utvida til 28 tilsette i 2011. I 2003 hadde Linn Bad AS ei omsetning på 41,2 millionar kroner. dette var auka til 87 millionar kroner i 2010.

I 2010 vart fabrikken utvida til 5000 kvadratmeter.

Fabrikken som Linn Bad reiste i 1986. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Fabrikken som Linn Bad reiste i 1986. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 09.06.2011