Hopp til innhold
X
Innhald

Vik Meieri

Den første bygningen til Vik Meieri, som vart opna i 1900. Ukjend fotograf. Eigar: Vik lokalhistoriske arkiv.

Den første bygningen til Vik Meieri, som vart opna i 1900. Ukjend fotograf. Eigar: Vik lokalhistoriske arkiv.

Etter opptak frå sokneprest S.B. Hersleb Walnum vart Vik Meierilag skipa i 1897, og Vik Meieri starta produksjonen 1. mars 1900.

Nest etter Breim Meieri og Grungen Meieri i Jølster, var Vik Meieri det tredje største i fylket i 1905, med 361.100 liter mjølk innvege. Men meieriet var berre i drift i vinterhalvåret på denne tida, og det hadde sine spesielle grunnar:

Budeiene Ingeborg Åse (til venstre) og Johanna T. Stadheim med kyr på Vollafjellet på 1920-talet. Ukjend fotograf. Eigar: Marie Stadheim/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Budeiene Ingeborg Åse (til venstre) og Johanna T. Stadheim med kyr på Vollafjellet på 1920-talet. Ukjend fotograf. Eigar: Marie Stadheim/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Leigde bort kyrne

I stølstida om sommaren sytte bøndene for kinning og ysting sjølve - eller dei hadde den spesielle skikken at dei leigde bort kyrne. Det var folk frå Voss og frå Lærdal som leigde kyrne i Vik om sommaren mot å ta avkastninga sjølve.

Vik var faktisk så «mjølketom» sommarstid at ein kafè-vert på Vikøyri ein gong på 1920-talet måtte skrive heim boksemjølk frå Bergen for å ha i kaffien! Endringa kom på slutten av 1930-talet då bøndene tok til å gå over til kulturbeite i staden for stølsdrift, og Vik Meieri kunne produsere heile året. Meieriet utvida mottaksdistriktet sterkt då det fekk nytt bygg i 1941, og vart samstundes den største gamalostprodusenten i landet. I 1944 vart Meland Meieri i Vetlefjorden lagt ned og mjølka ført over til Vik. Det same skjedde med Balestrand Meieri i 1951 og Fjærland Meieri i 1971.

Vik Meieri fekk nybygg i 1961, der m.a. Sognekraft L/L leigde kontorlokale.

Mjølkespann blir lempa frå lastebil over på transportbandet til Vik Meieri på 1960-talet. Foto: Arne Svendsen. Eigar: Kirsten Lunde Skeie/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Mjølkespann blir lempa frå lastebil over på transportbandet til Vik Meieri på 1960-talet. Foto: Arne Svendsen. Eigar: Kirsten Lunde Skeie/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Større og større einingar

I 1972 gjekk Vik Meieri, Årdal Meierilag og Sogn Meieri saman i Sognemeieriet, som i 1985 gjekk inn i Sogn og Fjordane Meieri og vidare i Tine Meieriet Vest i 1998.

Før vegane vart bygde, dreiv Vik Meieri mjølkerute med båt frå bygdene vestafor på begge sider av Sognefjorden - frå Nessane på nordsida (som tidlegare høyrde til Vik kommune) og Arnafjord. Mjølka på nordsida gjekk over til bilruter frå 1967, då mjølka vart køyrd til Balestrand og gjekk med ferja sørom fjorden. Langs strendene på sørsida har ei lokal båtrute mellom Ortnevik og Vik teke med seg mjølka.

Gamalostmeiriet i Vik i 2007. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Gamalostmeiriet i Vik i 2007. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 19.07.2011