Hopp til innhold
X
Innhald

Vik Prestegjelds Brannassuranseforening

Fanejunker Nikolai Erdal tok opptakten til skipinga av Vik Prestegjelds Brann-assuranseforening.

Fanejunker Nikolai Erdal tok opptakten til skipinga av Vik Prestegjelds Brann-assuranseforening.

Gjensidige i Vik. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Gjensidige i Vik. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Vik Prestegjelds Brannassuranseforening vart skipa i 1891 etter opptak frå varaordførar og fanejunker Nikolai Erdal. Han var formann frå 1891 til 1900. Branntrygdelaget omfatta også Kvamsøy sokn på nordsida av fjorden. Kvamsøy sokn var fram til 1965 ein del av Vik kommune.

Laget fekk 270 medlemer frå starten, og kommunen vart delt inn i 13 branntakstkrinsar. Ole R. Hopperstad var forretningsførar i laget i 40 år frå 1898 til 1938. Han vart avløyst av Olav E. Brekke som var forretningsførar frå 1938 til 1972.

Laget hadde som regel at dei ikkje forsikra hus på den tettbygde Vikøyri. Heller ikkje bakeri og møller fekk brannforsikra i laget fordi dei vart vurderte som spesielt brannfarlege. Det forsiktige Vik branntrygdelag slapp dermed å betale ut forsikringspremiar då lauselden raserte store delar av Vikøyri i ein storbrann i 1922.

Laget Vik var eitt av dei siste kommuneavgrensa branntrygdelaga i fylket som dreiv som sjølvstendig branntrygdelag heilt til det gjekk inn i den nyskipa fylkeseininga Gjensidige Sogn og Fjordane i 1986. Men i 2010 vart avdelinga til Gjensidige i Vik lagd ned.

Styret i Vik Branntrygdelag i 1966. Framme  frå venstre formann Sigurd L. Holstad og nestformann Otto M. Fosse. Bak frå venstre: Endre Holstad, Arnfinn Fjærestad Hagen, Olav E. Brekke og sekretær Johannes Målsnes. Foto frå jubileumsheftet til Vik Branntrygdelag.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 08.06.2011