Hopp til innhold
X
Innhald

Vik Samyrkelag

Coop Vik. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Coop Vik. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Vik Samyrkelag vart starta i 1935 etter opptak frå Erling Nummedal. Det fekk 112 medlemer frå starten og dreiv dei første åra i leigde lokale i den tidlegare forretninga til Anna Rivedal på Vikøyri.

Samyrkelaget kjøpte huset i 1939. Laget starta også eige bakeri frå 1946. I 1958 starta Samyrkelaget filial på Vangsnes, men den vart lagt ned i 1962. I 1957 kjøpte Vik Samyrkelag P. Kvamme sin fiske- og delikatessebutikk.

Vik Samyrkelag (nærast) i 1955. Vidare ser vi O. P. Fosse og gamlebygningen til Hopstock Hotell (riven i 1970). © Bjørn Milde.

Vik Samyrkelag (nærast) i 1955. Vidare ser vi O. P. Fosse og gamlebygningen til Hopstock Hotell (riven i 1970). © Bjørn Milde.

I 1965 overtok Vik Samyrkelag drifta av Framfjorden Samyrkelag. Samyrkelaget bygde nytt varehus i Vik i 1970.

I 2008 er Coop Vik BA og samvirkelaget i Høyanger dei einaste lokale Coop-butikkane i Sogn og Fjordane som står utanfor den store samanslutninga Coop Vest BA.

I denne bygningen heldt Vik Samyrkelag til frå 1939 til 1970. Foto: Ottar Starheim, NRK.

I denne bygningen heldt Vik Samyrkelag til frå 1939 til 1970. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 11.05.2012