Hopp til innhold
X
Innhald

Vik Sparebank

Vik Sparebank held i dag til i Vikjatunet. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Vik Sparebank held i dag til i Vikjatunet. Foto: Ottar Starheim, NRK.

«...til Sædeligheds Befordring»

Vik Sparebank vart skipa i 1846 etter opptak frå krigskommissær og ordførar Christian Fredrik Fasting.

I skipingspapira står det at: - «I Viigs Præstegjeld oprettes til Sædeligheds, Flids, Ordens og Sparesommeligheds Befordring under betryggende Sikkerhed, en Sparebank kallet Viigs Sparebank». - Slike «moralreglar» var vanlege reglar for dei første sparebankane fleire stader i fylket på den tid, for sparsemd og evna til «å leggje seg opp nokre kroner» vart fremja som ein dyd både av geistlege og verdslege føresette. Grunnfondet vart skaffa til veges av 151 innskytarar.

I åra frå 1876 til 1880 opplevde banken ei krise, då uttaka var dobbelt så store som innskota. Banken måtte ta opp lån for å ri stormen av. Banken fekk elles store tap i samband med den mislukka Gaulasamskipnaden - kraftlaget som skulle byggje ut Gaularvassdraget i Sunnfjord på 1920-talet.

Frå 1965 til 1989 dreiv banken filial i Framfjorden.

Frå offisersgarden til Vikjatunet

Banken heldt dei første åra til i offisergarden Sjøtun, der Fasting budde. Frå 1850 til 1890 heldt banken til i skulehuset på Grov. I 1890 vart det bygd kombinert kommunehus og banklokale (i 1994 overteke som kontor av arkitektane Anders og Olav Vikøren). Her heldt sparebanken til fram til 1964, då den flytta inn i nytt bygg på Sjøtun. Her leigde også Vik Apotek og Sognekraft seg inn.

I 1964 reiste Vik Sparebank denne bygningen. Her heldt banken til fram til 1993. Etter det vart bygningen leigd ut til Sognekraft. Foto: Ottar Starheim, NRK.

I 1964 reiste Vik Sparebank denne bygningen. Her heldt banken til fram til 1993. Etter det vart bygningen leigd ut til Sognekraft. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Frå 1983 kom sparebanken til å stå sentralt i planlegging og finansiering av det nye handels- og servicesenteret Vikjatunet, som vart opna i 1989. I eigarselskapet Vik Servicesenter AS fekk kommunen 51 prosent og sparebanken 49 prosent. Bygget fekk i tillegg til spesialforretningar for sport, klær, leikar, blomar og konditori også plass til bank, postkontor, trykkeri, forsikring, datafirma, bilforretning og revisjon.

Etter økonomiske problem som m.a. skuldast manglande betaling av husleige, overtok Vik Sparebank som eineeigar av Vikjatunet i 1992 og flytta sjølv inn der, medan Sognekraft overtok bankbygningen.

I 2010 hadde Vik Sparebank ein forvaltningskapital på 941 millionar kroner. Vik Sparebank er i 2011 ein av dei få lokale sparebankane som er att i Sogn og Fjordane.

Vikjatunet Handelssenter som Vik sparebank har eigd sidan 1992. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Vikjatunet Handelssenter som Vik sparebank har eigd sidan 1992. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 07.06.2011