Hopp til innhold
X
Innhald

Vik Trafokjøt DA

I denne tidlegare trafostasjonen held Vikja AS til. Foto: Ottar Starheim, NRK.

I denne tidlegare trafostasjonen held Vikja AS til. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Vik Trafokjøt DA slakteri på Vange vart skipa i 2003 av bønder som produserer økologisk kjøt: Olav Arnar Bø, Rune Hatleli og Bjørg Fritsvold, Kari Haga og Nils Vange, Linda og Asbjørn Holstad og Siv og Odd Myrkaskog. Verksemda produserer både spekemat og ferskvarer. Den held til i ein tidlegare transformatorbygning - derav namnet.

Namnet vart seinare endra til Vikja AS. Verksemda lagar m.a. karbonadar og pølser som blir selde til hotell og restaurantar i Bergen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 08.02.2012