Hopp til innhold
X
Innhald

Vik Trevarefabrikk A/S

Vik Trevarefabrikk på 1920-talet. Ukjend fotograf. Eigar: Olga Fretheim/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Vik Trevarefabrikk på 1920-talet. Ukjend fotograf. Eigar: Olga Fretheim/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Vik Trevarefabrikk A/S vart bygd i 1920 med dansken Waldemar Andersen som disponent. Bak selskapet stod seks aksjonærar frå Bergen og Vik. Ein av aksjonærane var den kjende «kyrkjerestaureraren» Jon Ivarson Hove.

Det var ein stor fabrikk, med hovudfløy i tre etasjar. Kring 10 mann fekk arbeid. Fabrikken brann ned i 1923, men vart bygd opp att i mindre utgåve. Andersen fekk lokale kausjonistar til store lån, og då verksemda skranta lei desse eit tap på 33.000 kroner. Vik Sparebank måtte tole eit tap på 34.000 kroner på denne affæren.

TaGo Trevarefabrikk

Jakob Hornnes frå Førde overtok og styrde fabrikken frå 1930 til 1940. Etter fleire eigarskifte, leigde snekkarmeister Tjalve Godager verksemda i 1947 og endra namnet til TaGo Trevarefabrikk. I varemangeltida etter krigsåra gjekk fabrikken godt, og hadde til saman over 20 personar i arbeid. I tillegg til fabrikken, dreiv Tjalve Godager også byggevareforretning under namnet TaGo & Co. Godager flytta i 1953.

Bygningen som Vik Trevarefabrikk reiste i 1971. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Bygningen som Vik Trevarefabrikk reiste i 1971. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Ny produksjon

Etter at verksemda hadde lege nede ei tid, tok byggmeister Ivar Engan over og auka frå fire til til 20 tilsette. Dei produserte møblar, vindauge, dører og trapper. Kleskap og barnesenger var store artiklar. Om hausten produserte fabrikken fruktkasser. I 1960 starta verksemda møbelbutikk. Sonen Arvid Engan tok over, og i 1971 fekk firmaet nytt trelastlager og butikk. Både trelastlageret og møbelbutikken er avvikla, og bygget vart selt til kunstnaren Johnnie Jacobsen for bustad, ateliér og utsal. Jacobsen skipa Johnnie Jacobsen Design AS i 2001 og driv produksjon av juleartiklar.

Johnnie Jacobsen Design. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Johnnie Jacobsen Design. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 03.03.2010