Hopp til innhold
X
Innhald

Vikfalli

På 1950-talet skapte utbygginga av Vikfalli stor aktivitet. Her blir ein transformator buksert gjennom Vollasvingen på veg til Målsete. Bak transformatoren ser vi Hopperstad stavkyrkje. Ukjend fotograf. Eigar: Statkraft/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Problem for Sognekraft

Det interkommunale kraftselskapet L/L Sognekraft vart skipa i 1947 med seks kommunar i midtre og indre Sogn som eigarar. Planen var at selskapet skulle kjøpe svært billeg straum i Årdal, og seinare byggje ut eit større kraftverk i Årøy i Sogndal. Årøy-verket skulle så overta forsyninga av indre Sogne-bygdene frå 1953. Men ein hard strid kring kraftrettane i Årøy (sjå: Kraftutbygginga i Sogndal) gjorde at det drog ut. Sognekraft-samarbeidet stod i stampe. Selskapet hadde kjøpt inn over 2400 stolpar. Dei vart liggjande ubrukte. Det skulle ta 10 år frå Sognekraft vart skipa til selskapet kunne levere straum frå eigne kraftverk - og dei kom i Vik.

Frå bygginga av Refsdal kraftstasjon i 1956. foto: Vagn Horn Fjalestad. Eigar: Vagn Horn Fjalestad/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Frå bygginga av Refsdal kraftstasjon i 1956. foto: Vagn Horn Fjalestad. Eigar: Vagn Horn Fjalestad/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Kraft frå Vik

Medan kommunane på nordsida krangla og ikkje kunne samle seg, tok vikjene til å sjå seg rundt etter andre måtar å løyse kraftkrisa på. I NVE sat den utflytte vikjen Olav Seim. Han vart oppsøkt av folk frå det lokale kraftlaget i Vik, som ville drøfte utbygging i dei store vassdraga på Vikafjellet. Dette vart opptakten til den storfelte utbygginga av Vikfalli på 1950- og 1960-talet. Sognekraft vart kopla inn, og vedtaket om kraftutbygging vart gjort i 1952.

Frå ei synfaring under bygginga av demninga på Målsete i 1957. Frå venstre ingeniør Dahl, Kolberg, ukjend, P. August Hysing,  Per Lie og Vagn Horn Fjalestad. Ukjend fotograf. Eigar: Vagn Horn Fjalestad/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Fallrettane

Men før ein kom så langt, måtte Sognekraft ut med ein kvart million kroner for å få hand om fallrettane, som var på bergenske hender. Bergens Kreditbank var den største eigaren, og eigaren av Framfjord Talcmill (sjå: Talkgruvene i Framfjorden), skipsreiar Jakob Kjøde, eigde store fallrettar i Arnafjord-vassdraga. Fallrettane som var med i den første konsesjonen frå 1957, vart formelt overtekne av kommunen og fylkeskommunen som leigde dei ut til Sognekraft. Med denne ordninga sat Sognekraft berre med bruksrett i 50 år, noko som Statkraft mislikte då dei seinare kom tungt inn som partnar i Vikfalli.

Frå gjennomslaget i tunnelen mellom Storehaug og Målsete i 1955.Fremst sit Brennodden, dei andre er frå venstre: Ingeniør Dahl, Ole Kokkvoll, Arne Refsdal, Kristian Lee, Løberg. Ukjend fotograf. Eigar: Vik lokalhistoriske arkiv.

Stort anlegg

Utbygginga starta i 1954 med selskapet Bro Bane Bygg som entreprenørar. Den første krafta frå «Refsdal I» kom på nettet i 1958. Vikfalli vart i åra fram til 1967 bygd ut i fleire etappar, og gav arbeid til fleire hundre mann. Utbygginga førde til at Sognekraft la hovudadministrasjonen sin til Vik. I tillegg til alminneleg forsyning i Sognekraft sitt område, har krafta frå Vikfalli gått til aluminiumsverket i Årdal og inn på det vestlandske samkøyringsnettet. På same vis som t.d. Davik kommune måtte gjere i samband med Ålfot-utbygginga (sjå: Ålfotsaka - det store økonomiske marerittet) måtte vertskommunen Vik no garantere å kjøpe ein stor del av krafta frå verket. Når linenettet i Vik ikkje var godt nok, og kraftsalet dessutan var mindre enn venta fordi mange i Vik fekk frikraft, kom Vik kraftlag i ei hard likviditetskrise.

På Storehaug var det ein brakkeby som husa anleggsarbeidarane. Også på Målsete var det brakker. Foto: Vagn Horn Fjalestad. Eigar: Vagn Horn Fjalestad/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

På Storehaug var det ein brakkeby som husa anleggsarbeidarane. Også på Målsete var det brakker. Foto: Vagn Horn Fjalestad. Eigar: Vagn Horn Fjalestad/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

I samband med utbygginga, vart m.a. Muravatnet regulert med ein demning som er 79 meter høg og 260 meter lang. Det gjekk med kring 1 million kubikkmeter masse i Muravassdemningen. Magasinet bak rommar 13,5 millionar kubikkmeter, og frå magasinet går vatnet i ein åtte kilometer lang tunnel til kraftstasjonen på Målsete.

Midt på dette biletet ser vi demninga i enden av Muravatnet, fotografert frå riksveg 13 ved Storehaug. Demninga er 79 meter høg og 260 meter lang. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Midt på dette biletet ser vi demninga i enden av Muravatnet, fotografert frå riksveg 13 ved Storehaug. Demninga er 79 meter høg og 260 meter lang. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Samarbeid med Statkraft

Frå 1962 skjedde utbygginga av Vikfalli i samarbeid mellom Statkraft og Sognekraft, med ei fordeling på 70 prosent på Statkraft og 30 prosent på Sognekraft. Ein viktig grunn til dette var at Sognekraft fekk problem med å finansiere ei så stor utbygging åleine. Dessutan ville ei så stor utbygging produsere mange gonger så mykje kraft som Sognekraft-distriktet hadde trong for til alminneleg forsyning. Engasjementet i Vikfalli var det første utbyggingsprosjektet som Statkraft engasjerte seg i i Sogn og Fjordane. Seinare kom Statkraft inn i Leirdøla og Jostedøla i Luster (sjå: Kraftutbygginga i Luster), men måtte sjå at kraftplanane i Breheimen mot Stryn vart lagde bort fordi vassdraga der vart verna.

Midt på dette biletet ser vi demninga i enden av Muravatnet, fotografert frå riksveg 13 ved Storehaug. Demninga er 79 meter høg og 260 meter lang. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Midt på dette biletet ser vi demninga i enden av Muravatnet, fotografert frå riksveg 13 ved Storehaug. Demninga er 79 meter høg og 260 meter lang. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Ein av grunnane til at Statkraft engasjerte seg så sterkt i Vik, var truleg at BKK (Bergenshalvøens Kommunale Kraftselskap) var ute etter å sikre seg fallrettar i den delen av Stølsheimen som høyrde til Vik og Voss. Alliansen Sognekraft/Statkraft hindra BKK-ekspansjonen nordaustover. I seinare utbyggingsrundar i Vikfalli vart områda austover mot Fresvikbreen regulerte.

Vikja renn framleis med full vassføring gjennom bygda. Det hadde elva ikkje gjort om ikkje Vik kommunestyre hadde ombestemt seg i 1964. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Vikja renn framleis med full vassføring gjennom bygda. Det hadde elva ikkje gjort om ikkje Vik kommunestyre hadde ombestemt seg i 1964. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Tørrlagd lakseelv?

Statkraft ynskte opphaveleg å byggje kraftstasjon heilt nede ved sjøen på Vikøyri. Etter først å ha røysta for, gjekk Vik kommunestyre i 1964 imot denne planen, for det ville turrleggje lakseelva Vikja. Kraftstasjonen vart difor bygd på Hove lengre oppe i dalen, og gav dermed kring to kilometer lakseførande elv nedanfor.

Betonmast bygde fjordspennet frå Rabnaberg til Fatlaberg, og orienterte om det lengste fjordspennet i verda på ei tavle. På 1950-talet var fjordspennet ein turistattraksjon. Ukjend fotograf. Eigar: Betonmast.

Krafta over fjorden

Men skulle Sognekraft oppfylle oppgåva si og forsyne alle eigarkommuane i midtre og indre Sogn med straum, så måtte selskapet dei få krafta nordom Sognefjorden. I Nordfjord hadde det skandaleombruste Ålfotselskapet (sjå: Ålfotsaka - det store økonomiske marerittet) løyst dette i 1922 ved å byggje til då verdas lengste kraftspennn over Nordfjorden ved Bryggja. No sto ei endå større teknisk utfordring for tur - å krysse den halv mil breie Sognefjorden. Staden ein valde seg ut var frå Rabnaberg aust for Borlaug på sørsida, og Fatlaberget aust for Hermansverk på nordsida. I 1955 vart dei fire kablane strekte. I direkte line er det 4890 meter over frå mast til mast. På Fatlaberg står mastene 780 m.o.h. - på Rabnaberg 480 m.o.h. Kvar kabellengd er 5050 meter, og midtfjords er den frie høgda mellom sjøen og spennet 68 meter. Fjordspennet stod ferdig i 1955, og lenge var dette verdas lengste luftspenn. Selskapet Betonmast stod for bygginga. Strekket av dei fire kablane var unnagjort på 20 dagar.

Her blir det gjort reparasjonsarbeid på fjordspennet over Sognefjorden på Rabnaberg ved  Borlaug på 1960-talet. Mannen som står nede på fundamentet manglar vi namn på. Dei tre oppe på masta er frå venstre Einar Nummedal, Jon A. Risløv og Arne Hove. Ukjend fotograf. Eigar: Statkraft/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Ettersyn og reparasjon av fjordspennet over Sognefjorden er ikkje for folk med høgdeskrekk. Her er Arne Hove på veg utover ein gong på 1950-talet. Ukjend fotograf. Eigar: Statkraft/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 20.07.2011