Hopp til innhold
X
Innhald

Vikjatunet

Vikjatunet. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Vikjatunet. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Vikjatunet handels- og servicesenter vart opna i 1989. I eigarselskapet Vik Servicesenter AS fekk kommunen 51 prosent og Vik Sparebank 49 prosent. Bygget fekk i tillegg til spesialforretningar for sport, kle, leikar, blomster og konditori også plass til bank, postkontor, trykkeri, forsikring, datafirma, bilforretning og revisjon.

Etter økonomiske problem som m.a. skuldast manglande betaling av husleige, overtok Vik Sparebank som eineeigar av Vikjatunet i 1992.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 08.06.2011