Hopp til innhold
X
Innhald

Visnes Hotel

Visnes Hotel i 1910. Foto: Jens K. Maurseth. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Visnes Hotel i 1910. Foto: Jens K. Maurseth. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Visnes Hotell er eit gamalt hotell med fasade i sveitsarstil som ligg på Visnes i Stryn, vegg i vegg med Central Hotell.

Verksemda starta i 1850 då eigaren av den store garden på Visnes, Anton Visnes, innreidde nokre rom i hovudhuset på garden og tok imot gjester. Verksemda vart bygd ut gradvis, og sonen Arne gjorde det om til hotell i 1887.

Den største utvidinga av Visnes Hotel vart gjort i mellomkrigstida, då også den velkjende fasaden i sveitsarstil vart bygd. Hotellet fekk 30 gjesterom. Eigarane dreiv også bensinstasjon og bilverkstad ei tid. Hotelldrifta låg nede frå 1957 til 1986, då femte generasjon Visnes, Kristin Visnes, tok opp att drifta. I 2000 kjøpte ho også nabohotellet Central Hotell og har sidan drive dei to historiske hotella i samdrift.

I 2014 vart Visnes Hotel selt til ekteparet Marit Nordheim Otterdal og Arvid Otterdal.

Visnes Hotel i dag. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Visnes Hotel i dag. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 14.05.2014