Hopp til innhold
X
Innhald

Visnes Hotell

Visnes Hotell er eit gamalt hotell med fasade i sveitsarstil som ligg på Visnes i Stryn, vegg i vegg med Central Hotell.

Verksemda starta i 1850 då eigaren av den store garden på Visnes, Anton Visnes, innreidde nokre rom i hovudhuset på garden og tok imot gjester. Verksemda vart bygd ut gradvis, og sonen Arne gjorde det om til hotell i 1887.

Den største utvidinga av Visnes Hotell vart gjort i mellomkrigstida, då også den velkjende fasaden i sveitsarstil vart bygd. Hotellet fekk 30 gjesterom. Eigarane dreiv også bensinstasjon og bilverkstad ei tid. Hotelldrifta låg nede frå 1957 til 1986, då femte generasjon Visnes, Kristin Visnes, tok opp att drifta. I 2000 kjøpte ho også nabohotellet Central Hotell og har sidan drive dei to historiske hotella i samdrift.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 20.08.2008