Hopp til innhold
X
Innhald

Walaker Hotell

Walaker Hotell. Foto: Merete Husmo Høidal

Walaker Hotell. Foto: Merete Husmo Høidal

Walaker Hotell i Solvorn har røter tilbake til den gamle gjestgjevargarden og skysstasjonen frå 1600-talet: I 1690 kom Christen Nitter (1665-ca. 1733) til bygda og leigde handelsstaden.
Nitter-slekta kom til Noreg antan frå Flandern i Belgia, eller frå Skottland. Slekta slo seg opp som handelsmenn i Bergen og som store jordeigarar på Vestlandet - m.a. i Sogn, der Henrik Nitter kom som den første og slo seg ned på garden Tandle i Gaupne i 1618.

Walaker Hotell anno 1856. Eigar av foto: Walaker Hotell.

Walaker Hotell anno 1856. Eigar av foto: Walaker Hotell.

Saman med kona Birgitte kjøpte Christen Nitter garden Vollåker (Walaker) og kremmarstaden i Solvorn i 1696. Sidan har same slekta eigd og drive gjestgiveri og hotell. Det vart den yngste sonen til Christen og Birgitte, Ludvig Nitter (1709-1776), som tok over handel og gjestgiveri Solvorn. Han fekk kongeleg løyve i 1734.

Bror kjøpte Tysse i Fjaler

Ein eldre bror, Trude Christenson Nitter reiste til Sunnfjord, der han kjøpte storgarden Tysse i Fjaler og vart stamfar til Sunnfjord-greina av Nitter-slekta. Les artikkelen Nitter-slekta på Tysse.

Krangel på kroa

Det kunne gå hardt føre seg når folk fekk for mykje skjenk på dei lokale bygdekroene i gamle dagar. Slik var det også i skjenkestova i Solvorn. Her kunne både lysestakar, ølkrus og anna laust innbu fyke vegg imellom når gemytta kom ut av kontroll. I 1807 vart såleis «Kjørlogs-Erik» så hardt handtert på Solvorn-kroa av nokre Hafslo-karar at han døydde nokre dagar seinare av skadane.

Hesteskyssen står klar utanfor Walaker. Ukjend fotograf.

Hesteskyssen står klar utanfor Walaker. Ukjend fotograf.

Turistane kjem til Solvorn

Alt på 1850-talet kom dei første utanlandske turistane til Luster og Solvorn. I 1856 reiste engelske Emily Lowe over Sognefjellet og via Solvorn, og har skildra reisa og opphaldet på Walaker i boka «Unprotected Females in Norway».

Den gamle tingstova. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Den gamle tingstova. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Fram til 1880-talet vart gjestane innhyste i to store sovesalar i den gamle tingstova - ein sal for kvinner og ein for menn. I 1880 vart salane delte inn i mindre rom. I 1934 vart det meste av dei gamle bygningane rivne av dåverande eigarar Wilken og Inga Nitter. Saman med tingstova vart berre den gamle salongen bevart i det nye bygget som vart teikna av arkitekt Klaus Lindstrøm. Under krigen vart hotellet nytta som kaserne av tyskarane - sjå: Krigshistoria i Luster.

Hagen til Walaker Hotell med utsikt over fjorden mot Ornes. Foto: Walaker Hotell.

Hagen til Walaker Hotell med utsikt over fjorden mot Ornes. Foto: Walaker Hotell.

I 1964 vart anlegget utvida med eit motell på vestsida, og hotellet fekk etter dette 23 gjesterom. I 1978 vart gardsdrifta på Valaker skilt frå hotelldrifta ved at Hermod Nitter Walaker vart eigar av hotellet og broren Erik tok garden.

Galleri Walaker 300

Hermod Nitter Walaker og ektemaken Oddlaug bygde om den gamle låven frå 1882 til eit særmerkt kunstgalleri.

Hotellfamilien Walaker samla i jula 1994. Privat foto.

Hotellfamilien Walaker samla i jula 1994. Privat foto.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 18.03.2011