Hopp til innhold
X
Innhald

Dyresjukdomar i Sogn og Fjordane

I tillegg til å behandle og førebyggje dyresjukdomar har veterinærane og ei oppgåve i å sjå etter at husdyr ikkje blir vanstelte. Foto: Mattilsynet.

I tillegg til å behandle og førebyggje dyresjukdomar har veterinærane og ei oppgåve i å sjå etter at husdyr ikkje blir vanstelte. Foto: Mattilsynet.

Kamp mot tuberkulosen

Heilt frå dei første dyrlegane kom til fylket i 1855, var det med dyr som med menneske på den tida: Det var kampen mot tuberkulosen som vart den største oppgåva heilt fram til effektive medisinar vart tekne i bruk frå 1930-talet og utover.

Tuberkulosebasillen smittar mellom menneske og dyr. Difor var det smitte frå eit eldre, tuberkuløst menneske som gjorde at ein i 1986 oppdaga det hittil siste kjende tilfelle av tuberkulose på ein buskap i Sogn og Fjordane. Det skjedde i Jølster.

Bruselose

Bruselose - ein sjukdom fører til at husdyr kastar fosteret, og også kan smitte til menneske - var mykje utbreidd på storfe i mellomkrigstida. Den vart utrydda med storfelt utslakting med offentleg støtte.

Veterinær Mirjam Hauke Tønnesen i arbeid. Foto: Torje Bjellaas, NRK.

Veterinær Mirjam Hauke Tønnesen i arbeid. Foto: Torje Bjellaas, NRK.

Skrapesjuke

Det første observasjonen av ein sjukdom som kunne vere den frykta sausjukedomen skrapesjuke, vart gjort på i ein saueflokk i Guddalen i Fjaler på 1880-talet. Truleg har det sidan vore skrapesjuke fleire gonger i fylket, utan at ein stilte diagnosen.

Det første sikre, registerte tilfelle av skrapesjuke i Noreg vart funne i Remmedalen i Eid i 1981. Sidan har det vore fleire utbrot, og det har m.a. vorte gjennomført nedslakting og bandlegging av gardsbruk, og sett sperregrenser for omsetning av livdyr for å hindre smitten i å breie seg. Slike tiltak er svært kostbare, og kan kome opp i 1 mill. kroner pr. gardsbruk.

Pelsdyr

I mellomkrigstida blomstra pelsdyrnæringa opp som ei viktig tilleggsnæring for Vestlands-jordbuket. Sunnmøringen Jens Noranger var tilsett som statskonsulent for hest på Vestlandet i 1922 - 1948. Men han viste også stor interesse for pelsdyravl, og reiste mellom 1925 og 1928 på fleire studieferder i Europa og Canada for å lære om sjukdomar på dei nye husdyra. I 1930 gav han ut ei viktig lærebok om sjukdomar og sjukdomsbekjemping på pelsdyr.

Asgaut Bleie.

Asgaut Bleie.

Havbruksveterinærar

Kring 1970 fekk veterinærane i fylket ei ny utfordring: Den veksande havbruksnæringa og sjukdom på oppdrettsfisk. Den første som tok spesialutdanning i fiskesjukdomar i Noreg var fylkesveterinær på Vestlandet, Gunnar V. Eide, som i 1962 reiste til England for å sanke kunnskap der.

Ein pioner i fiskemedisin i Sogn og Fjordane var distriktsveterinær Asgaut Bleie i ytre Nordfjord. Han påviste lenge før andre hadde kunnskap om fisk fleire av dei mest kjende sjukdomane på oppdrettslaks. Seinare er det fleire veterinærar i fylket som har spesialisert seg på fiskesjukdomar, og som arbeider berre i oppdrettsnæringa.

Les også om Statens Dyrehelsetilsyn og veterinærtenesta.

Arbeidsoppgåvene til veterinærane har endra seg. I dag handlar mykje om kjæledyr. Her steriliserer Ingjerd Bøkenes ein katt. Foto: Ole Ramshus Sælthun, NRK.

Arbeidsoppgåvene til veterinærane har endra seg. I dag handlar mykje om kjæledyr. Her steriliserer Ingjerd Bøkenes ein katt. Foto: Ole Ramshus Sælthun, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.02.2015