Hopp til innhold
X
Innhald

Fiskerihistoria

Det er ein lang veg frå dei opne båtane som drog fiske utanfor kysten til dei moderne havgåande fiskebåtane.  Dette er linebåten ”Vestkapp”, heimehøyrande i Vågsøy, som her er fotografert den tida han heitte ”Kamaro”. Foto: J.K. Photo, John Kråkenes.

Det er ein lang veg frå dei opne båtane som drog fiske utanfor kysten til dei moderne havgåande fiskebåtane. Dette er linebåten ”Vestkapp”, heimehøyrande i Vågsøy, som her er fotografert den tida han heitte ”Kamaro”. Foto: J.K. Photo, John Kråkenes.

Første fiskeriorganisasjonen i Sogn og Fjordane var Florø Fiskeriselskab, skipa i 1880.

Selskabet for de norske Fiskeries Fremme»

Den første organiseringa av norske fiskeriinteresser skjedde då "Selskabet for de norske Fiskeries Fremme» vart skipa i 1879 med hovudkontor i Bergen. Opptaket til laget var teke av borgarar i Bergen, og det fekk alt året etter eigne lokalforeningar i Stavanger, Florø, Kristiansund og Trondheim. Foreninga i Florø heitte «Florø Fiskeriselskab».

Sild i store mengder blir ausa opp i båten ved Hauge i Bremanger. Ukjend fotograf. Eigar: Kurt Arne Hauge/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Sild i store mengder blir ausa opp i båten ved Hauge i Bremanger. Ukjend fotograf. Eigar: Kurt Arne Hauge/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Frå kystfiske til havfiske

Desse foreningane arbeidde for å spreie kunnskap om nye fiskemetodar, og ytte tilskot til dei som m.a. ville freiste seg på bank- og havfiske som på denne tida var kjent frå andre Nordsjø-land, men svært lite utnytta i Noreg.

Pionérar på dette havfisket i Noreg var sunnmøringane som alt på 1600-talet hadde våga seg ut på fiske på Storegga i spinkle åttringar. Fisket på Storegga fekk eit oppsving frå 1861, då to svenskar frå Bohuslän dreiv fiske der med havgåande seglskøyter. Dei lossa store fangstar i Ålesund, og lokale fiskarar tok etter: I 1885 gjekk det første norske fiskedampskipet, «Activ», ut på fangst frå heimehamn i Ålesund. Det er etter dette skipet at fiskebanken Aktivneset ved Stad er oppkalla.

I 1880 sende Florø Fiskeriselskab seks unge fiskarar til Maassluis i Nederland for å få opplæring i drivgarnfiske til havs, og same året drog 35 menn til britiske fiskerihamner i same ærend. Her lærte dei seg at havfiske først og fremst var tungt slit med lite svevn – men med god forteneste.

Teikning av sildefiske ved Kinn frå Skilling Magazin.

Teikning av sildefiske ved Kinn frå Skilling Magazin.

Første havfiskeforsøk ved Kinn?

Alt i 1876 hadde nokre menn frå Kinn med proprietær H. Lass i spissen, gjort primitive forsøk med bankfiske etter vårtorsk utanfor Kinn og Batalden, og i 1883 søkte ”Florø Aktieselskab for Havfiske” om tilskot frå Selskabet for norske Fiskeriers Fremme til å starte bankfiske og drivgarnfiske. Dei fekk avslag fordi det ikkje fanst kapital. Bakteppet for denne søknaden var nedgangstida og armoda som rådde i Florø i desse åra, og mislukka forsøk frå Florø-kjøpmenn på å få innpass i fiskeria på Island og i Nord-Noreg.

På dette biletet frå Måløy ser vi fiskedampskipet ”Ruth” til høgre ved kai utanfor Lem-buda. Dette var den andre fiskebåten med dampmaskin i Sogn og Fjordane.

På dette biletet frå Måløy ser vi fiskedampskipet ”Ruth” til høgre ved kai utanfor Lem-buda. Dette var den andre fiskebåten med dampmaskin i Sogn og Fjordane.

Måløy først med fiskedampskip

Måløy først med fiskedampskip

I 1899 vart det første fiskedampskipet til Sogn og Fjordane levert til Måløy-reiarlaget Lefdals fiskeriselskap. Skipet heitte «Egil» og var bygd ved Kristiansand Mek. Verksted, slik dei fleste av fiskedampskipa som vart leverte til Vestlandet var. «Egil» var 75 fot lang, og gjorde 8,5 mils fart. I 1899 kjøpte også fiskeeripionéren Ulf Lem i Måløy fiskedampskipet «Ruth». Han hadde alt i 1885 starta banklinefiske med ei seglskøyte, og var nok den første i Nordfjord som freista seg på dette havfisket.

Det første fiskedampskipet for havfiske som kom til Florø, var «Haveggen» som vart bygd i år 1900. Året etter føya «Havsulen» og «Havørnen» seg til fiskedampskipsflåten i Florø.

Fiskedampskipet Batalder.

Fiskedampskipet Batalder.

20 fiskedampskip

Flåten av moderne fiskedampskip vaks sterkt i Sogn og Fjordane i åra fram til 1910. Det statlege Havfiskefondet som vart skipa i 1900 for å fremje utviklinga av moderne havfiske, hadde mykje å seie for denne utviklinga. Fleire av fiskedampskipa som kom til fylket i åra etter, fekk opp til 20.000–25.000 kroner i lån frå Havfiskefondet.

Mellom 1907 og 1910 var det registrert i alt 20 fiskedampskip i fylket (ver merksam på at mange av desse skipa var eigde av aksjelag, sjølv om dei her berre er førde opp under registrert reiar):

{| class="wikitable"

- ! NAMN ! BYGGJEÅR ! HEIMEHAMN ! REIAR

-

Ruth

1899

Måløy

Ulf Lem

-

Egil

1899

Måløy

L.P. Lefdal

-

Haveggen

1900

Florø

Abraham Haave

-

Havsulen

1901

Florø

A. Vassbotten jr.

-

Havørnen

1901

Florø

Abrahan Haave

-

Gohald

1902

Solund

Jan Hess

-

Nesodden

1902

Florø

Arbraham Haave

-

Sjøfuglen

1902

Florø

K. J. Nygaard

-

Skallagrim

1902

Måløy

J. Lefdal

-

Skjold

1902

Nordfjord

A/S Nordthun

-

Solundir

1902

Askvoll

Mathias Gilsvik

-

Olga

1902

Solund

Jan Hess

-

Alden

1907

Askovll?

G. Stavestrand

-

Batalder

1903

Florø

Samson O. Batalden

-

Bjørnulf

1907

Måløy

Ulf Lem

-

Bremanger

1903

Kalvåg

J. Lieske

-

Grane

1906

Florø

Elias A. Olsen m.fl.

-

Odin

1906

Florø

Elias A. Olsen

-

Thorulf

1907

Måløy

J. Lefdal

-

Høvding

1908

Florø

Thor Bjørlykke

|}

Det vart denne «industrialiserte» fiskeflåten med moderne fiskedampskip og talrikt mannskap som førde til den første organiseringa mellom fiskarar – sjå Sogn og Fjordane Fiskarlag.

Fiskebåtar i Kalvåg i Bremanger rundt 1920.

Fiskebåtar i Kalvåg i Bremanger rundt 1920.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.02.2015