Hopp til innhold
X
Innhald

Fjørféavl i Sogn og Fjordane

Egga frå desse hønene blir frakta langt før dei kjem i butikkane. Foto: Heidi Lise Bakke, NRK.

Egga frå desse hønene blir frakta langt før dei kjem i butikkane. Foto: Heidi Lise Bakke, NRK.

Norsk Fjørfélag vart skipa i 1884 og organiserer dei som driv egg- og fjørfékjøtproduksjon i landet. Laget talde i 1997 1800 medlemmer.

Sogn og Fjordane Fjørféavlslag vart skipa i 1949 etter opptak frå Sogn og Fjordane Landbruksselskap. Bakteppet for denne skipinga var at marknaden for fjørféslakt braut heilt saman i åra etter 2. verdskrig, og det var trong for ein meir organisert omsetnad for fjørféprodukt frå Sogn og Fjordane.

Slakteri i Førde

Slakteri i Førde

Med støtte frå Omsetningsrådet og Bergen og Omland Eggsentral fekk det nyskipa fylkeslaget leigd det gamle VS-slakteriet ved Halbrendsbrua i Førde, seinare i lokala til Førde Kjølelager. I 1995 overtok fjørfeavlslaget det gamle meieriet i Teigen i Førde og bygde det om til fjørféslakteri. Her vart det m.a. bygd kjølelager og lagerrom for egg.

Egg i butikken.

Egg i butikken.

Sentralisert til Sandnes

Vestlandske Eggsentral vart skipa i 1920. I 1986 bygde Eggsentralen nytt kjøle- og lageranlegg på industrifeltet Reset i Førde. Dette dreiv Eggsentralen til 1996. Men det var berre små mengder egg som vart leverte direkte frå produsentane til dette anlegget. Hovudmengda gjekk til samleanlegg i Bergen. Seinare vart både slakting av fjørfé og eggsentral for heile Vestlandet samla i eit storanlegg i Sandnes i Rogaland.

Prior og Gilde saman

Vestlandske Eggsentral slo seg saman med dei to andre regionale eggsentralane til Prior Norge i 2000. I 2006 vart kjøtsamvirket sitt selskap Gilde og Prior Norge slegne saman til eitt selskap under namnet Gilde Prior BA.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.02.2015