Hopp til innhold
X
Innhald

Hagebrukshistoria i Sogn og Fjordane

I delar av Sogn og Fjordane er det idéelle tilhøve for fruktdyrking, mellom anna på Rake i Loen, der vi fann dette epletreet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

I delar av Sogn og Fjordane er det idéelle tilhøve for fruktdyrking, mellom anna på Rake i Loen, der vi fann dette epletreet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Apollonius Liljedahl.

Apollonius Liljedahl.

 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
Vik i Sogn er på mange vis pionérbygda for fruktdyrking i Sogn og Fjordane.

Heilt tilbake til 1201 har ein sikre spor etter fruktdyrking i Vik. Då vart ein mann drepen i «Aldinhagi» - dvs. i ein frukthage - ved elva Hopra.

Men fruktavl av noko omfang kom ikkje i gang før Apollonius Liljedahl kom frå Danmark og slo seg ned som skreddar i Vik i 1755. Der vart han seinare klokkar, og kjøpte seg gard, der han starta planteskule på 1770-talet. Dette skjer berre 10 år etter at Christoffer Sjurson Hjeltnes (1730–1804) starta den første planteskulen i Noreg i Ulvik i Hardanger.

I 1784 fekk Liljedahl premie for fruktdyrking frå Det nyttige Selskab, og då vart det fortalt at han eigde 725 eple- og pæretre og dessutan 36 morell- og aprikostre i hagen sin på Hopperstad.

Liljedahl kunne poding

Men den viktigaste innsatsen til Apollonius var at han meistra podingsteknikken, og poda opp gode fruktsortar som han selde til andre interesserte i Sogne-bygdene. Han må ha selt mykje over 2000 frukttre kringom i Sogn. Liljedahl skreiv også ei lærebok i fruktdyrking. Takka vere Liljedahl sitt føredøme, var det mange i Vik som kring 1790 satsa på fruktdyrking. Jakob Thode, som var prest 1785-1817, var ein ivrig fruktdyrkar, og eit eple som vart dyrka på 1800-talet, var kalla opp etter prestekona i Vik.

Frukthage i Leikanger. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Frukthage i Leikanger. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Leikanger er i dag ei av dei store fruktbygdene i Sogn og Fjordane. Den første som planta ein større frukthage i Leikanger var prost Niels Normann, som var prest der frå 1816 til 1822. Frå byrjinga av 1800-talet er det tydeleg at fruktdyrkinga i Leikanger og Luster tok seg sterkt opp. I Nordfjord er det først og fremst dei indre bygdene kring Gloppefjorden og indre Nordfjord som har bydd det beste klimaet for fruktavl. Den først kjende som tok til å dyrke frukt i noko omfang i Nordfjord, var Peder Pavels, som var sokneprest i Gloppen 1801–1829. Han lærde bøndene å pode frukttre for å få fram betre avlingar. «Presteeplet» i Nordfjord skal stamme frå Pavels.

Sognefrukt til Bergen på 1700-talet

Epledyrkinga var i mange hundre år gjort for eige hushald på garden. Først i siste halvdelen av 1700-talet finn ein opplysningar om at frukt frå Sogn i noko omfang vart selt til Bergen.

Men det er tydeleg at sogningar med spesiell interesse for fruktavl hadde kontakt med utlandet lenge før den tid for å skaffe seg nye sortar til hagane sine. Mange dyrka så mykje at dei kunne betale dei årlege skattane sine i form av eple og kirsebær. Dette skriv biskop Erik Pontoppidan om midt på 1700-talet.

Teikning av Stedje frå tidleg på 1800-talet. På denne tida skulle det vere 6666 frukttre på garden.

Teikning av Stedje frå tidleg på 1800-talet. På denne tida skulle det vere 6666 frukttre på garden.

Nordens største fruktgard i Sogndal

I 1833 kjøpte godseigaren på Lysekloster ved Bergen, Henrik Formann storgarden Stedje i Sogndal. På Stedje planta han ut store mengder frukttre. Stedje skulle på denne tida ha ein av dei største frukthagane i Norden med 6666 tre. Ei tid var den kjende landbruksskulestyraren på Mo i Førde, Martin Luther Storm, gardsstyrar for Formann på Stedje.

Formann fekk i 1858 første premie for Sogne-frukta på ei utstilling i Bergen. I tillegg til eple, stilte han då ut fersken, aprikos og druer som han hadde dyrka i drivhus. På hagebruksutstilling i London 1862 fekk han bronsemedalje.

Henrik Formann dreiv også planteskule på Stedje gard som han eigde fram til 1871.

Prislista til Balvolls Planteskule i 1914.

Prislista til Balvolls Planteskule i 1914.

Oppsving frå 1870

Utover 1800-talet fekk fruktdyrkinga i fylket fleire tilbakeslag, men frå 1870 tok den seg sterkt opp, og vart ei viktig næringsgrein i Sogn og delvis i Nordfjord. I kystbygdene og i Sunnfjord var klimaet lite lagleg for lønsam fruktdyrking. Det vesle som var, vart dyrka stort sett til eige bruk. I 1875 starta Arne Balvoll planteskule for frukttre og bærbuskar i Vik. Kring 1900 var det registrert heile 113.000 frukttre i Sogn og Fjordane fylke.

Fylkesgartnarar som hagearbeidarar

Noko av det første som Landhusholdningsselskapet i fylket tok fatt på etter skipinga i 1857, var styrking av hagebruket. Frå 1864 til 1880 vart det difor tilsett tre fylkesgartnarar som skulle arbeide spesielt med rettleiing i dyrking av frukt og grønsaker.

Denne rettleiinga gjekk den første tida svært praktisk føre seg ved at fylkesgartnarane reiste rundt og deltok fullt ut i arbeidet i frukthagane med både planting, poding, skjering og sprøyting. Dette var grunnen til at det var gardbrukarane sjølve som måtte syte for mykje av løna til fylkesgartnarane dei første åra. Godtgjerdsle pr. arbeidsdag var 48 skilling betalt av gardbrukaren og 12 skilling frå landbruksselskapet.

Fruktplukking på Foss i Sogndal rundt 1920.

Fruktplukking på Foss i Sogndal rundt 1920.

Første fylkesgartnaren

Sjur Fuhr frå Luster var den første fylkesgartnaren i Sogn og Fjordane. I 1862 og 1863 var han lærling i den botaniske hagen i Oslo under botanikkprofessor Fredrik Christian Schübeler. Professoren var ein føregangsmann i norsk hagekultur, på den tida. Han meinte m.a. at meir varmekjære hageplantar hadde evna til å tilpasse seg med framskunda mogningstid dersom dei vart planta i kaldare klima i Noreg, og han gav ut ei mengde opplysningsskrifter om hagebruk.

Etter litt praktisk opplæring hjå ein handelsgartnar i Oslo kom Sjur Fuhr heim og vart tilsett som den første fylkesgartnaren i Sogn og Fjordane i 1864.

Fuhr fortalde at han berre på eitt år planta ut, okulerte, poda om og skar i alt 2100 frukttre i Sogne-bygdene. Men etter fem år i tenesta slutta han for å ta over farsgarden på Fuhr. Han kom tilbake i arbeidet som fylkesgartnar for Sogn i 1874.

I Fjordane vart Ole Hansen Lund frå Stårheim tilsett som fylkesgartnar i 1872. Også han hadde gått jordbruksskule og hospitert på Biotanisk hage i Oslo. Lund budde i Nordfjord og arbeidde for det meste der fram til han slutta i 1886. I 1880 vart difor Sjur J. Sårheim tilsett som fylkesgartnar for Sunnfjord. Fuhr og Sårheim slutta i 1902. Frå 1907 vart det tilsett berre to fylkesgartnarar i fylket.

Fruktblomstring på Austrheim i Gloppen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Fruktblomstring på Austrheim i Gloppen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Lokal utdanning i hagebruk

Dei første seks-vekers kursa i hagebruk vart skipa til på Hærum gard i Luster i 1898 med gardbrukaren sjølv, Kristian Hærum, som lærar. Han hadde gått både på jordbruksskule og hagebruksskule. Kursa fekk stor søknad og måtte raskt utvide frå seks til 10 elevar og åtte vekers læretid.

I 1908 vart hagebrukskursa flytta til Krokane ved Florø fordi fjordingane kravde at kursa måtte kome nærare deira bygder. Elias Melvær var lærar på kursa i Krokane fram til dei vart lagde ned i 1910. I alt 109 elevar gjekk på desse hagebrukskursa i Luster og Krokane i dei 12 åra som dei var i gang. I 1917 starta så fylket Sogn jord- og hagebruksskule i Aurland. Skulen kom i stand etter sterke krav frå Sogn Hagebrukslag.

Sogn jord- og hagebruksskule ca. 1950. Foto: Normann.

Sogn jord- og hagebruksskule ca. 1950. Foto: Normann.

Også på Mindresunde jordbruksskule i Stryn og seinare på Langvin Jordbruksskule i Innvik vart det undervist i hagebruk. I tilegg til utdanning i frukt- og grønsakdyrking, vart det frå ca. 1910 skipa til kurs i konservering og bruk av frukt og grønsaker. Det var 4–5 kvinner som stod for denne undervisninga dei første par åra. Frå 1912 hadde Malena Sandved (1867–1947) heile fylket åleine med seks kurs i året spreidd kringom i fylket. I 1919 vart ho tilsett fast som vandrelærar i husstell.

Forsøksgarden på Njøs i Leikanger. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Forsøksgarden på Njøs i Leikanger. Foto: Ottar Starheim, NRK.

I 1919 la Staten den nyskipa forsøksstasjonen for frukt og bær på Vestlandet til Njøs i Leikanger. Her disponerer forsøksgarden 70 dekar innmark. I mellomkrigstida vart Njøs sentral i forsøka med kjemiske sprøytemiddel mot skadedyr og soppåtak.

På 1940-talet utvikla garden ein metode med gasslagring som gjorde det mogeleg å lagre pæresorten Grev Moltke mykje lengre. På 1980-talet satsa stasjonen sterkt på forsking på grønsaker til konserves og konsum, men på 1990-talet vart dette arbeidet flytta til ein forsøksgard på Kise.

Forsøksgarden har sidan starten vore ein viktig samlingsstad for fruktdyrkarane i fylket. Det har vorte arrangert årlege fagsamlingar med kring 80 deltakarar på markdagane ute i forsøksfelta.

Epletre i Sogndalsfjøra. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Epletre i Sogndalsfjøra. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

1000 ulike fruktsortar

Forsøksgarden har også drive registrering av den enorme mengda lokale fruktsortar som fanst i landet tidlegare. I 1950 hadde Njøs registrert 600 eplesortar, 150 pæresortar, omlag 150 plommesortar og kring 100 sure og søte kirsebærsortar.

Sidan 1966 har forsøksgarden stått sentralt i utviklinga av to av dei mest kjende eplesortane her til lands, Summer Red (innført frå Canada) og Aroma (innført frå Sverige). Garden har elles gjort eit stort arbeid for utvikling av plommesorten Edda, bringebærsortane Veten, Norna og Sygna, og jordbærsorten Glima. Alle desse er foredla og spreidde frå forskingsgarden på Njøs. I samarbeid med forsøksgarden Balgsgård Sverige har Njøs også utvikla pæresortane Fritjof og Ingeborg.

Forskingsstasjonen har gjort viktige forsøk med intensive dyrkingsmetodar - dvs. vekstfremjande tiltak som tildekking av jord og skjæring av frukttre. Dessutan har Njøs drive forsøksdyrking av fersken, aprikos og vindruer.

 

Omsetning av frukt og bær i eldre tid

Heilt frå 1700-talet hadde Bergen vore den viktigaste marknaden for frukt og bær frå Sogn og Fjordane.

Elles utvikla det seg i fleire bygder ein kultur for å reise på eplehandel om haustane: Oppkjøparar reiste rundt med skuter og kjøpte frukt som så vart frakta anten til Bergen eller Ålesund for torgsal og dørsal. I Nordfjord-bygda Stårheim har frukthandel ved omførselssal såleis vore ei viktig inntekstkjelde og tradisjon for mange heilt opp til i dag.

Pæreplukking på Husabø i Leikanger i 1943. Som vi ser var det uråd å plukke frukt utan stige på den tida. I dag er trea mykje mindre og plukkinga dermed lettare og mindre risikabel. Foto: Per Tang. Eigar: DHS Sogn Folkemuséum/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Pæreplukking på Husabø i Leikanger i 1943. Som vi ser var det uråd å plukke frukt utan stige på den tida. I dag er trea mykje mindre og plukkinga dermed lettare og mindre risikabel. Foto: Per Tang. Eigar: DHS Sogn Folkemuséum/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

I Hornindal, Markane i Stryn og i andre bygder med mykje blåbærmark, var det folk som gjorde gode pengar på innkjøp av blåbær for sal til Bergen, og jamvel for eksport til England. Ein av desse var Rasmus K. Grodås frå Hornindal. Han fekk tilnamnet «Blåbærkongen».

Emballasje sytte frukt– og bærprodusentar stort sett for sjølve med saging av kassebord på eigne gardssager. For bæra frå Hornindal nytta ein fletta sponkorger som var laga lokalt.

Ein annan tidleg «bærpionér» var Anders Bertelson Hantveit frå Austgulen i Gulen kommune. Sjølv om han dreiv gard i ei kystnær bygd, planta han ut 300 bærbuskar og dreiv frå 1907 eksport av bær til England. På det meste produserte han 18.000 kilo bær i året.

Ein av dei som gjorde gode pengar som frukthandlar i mellomkrigstida, var landhandlar Erling Nesse i veglause Nessane i Sogn. Han var truleg den første i landet som gjennomført standardisering av emballasjen til norsk frukt. I 1925 tok han til å pakke frukta i 10, 15 og 20 kilos øskjer i papp. Emballasjen vart utstyrt med pene fargeetikettar. I kassene kunne kundane finne lappar med muntre slagord som «Et eple hver kveld gjør deg god og vel» o.s.b.

Ein annan sogning som dreiv det stort i frukthandel var Olav H. Grinde frå Grinde i Leikanger. I 1920 starta han som fruktgrossist med lager både i Bergen og Oslo.

1932 organiserte styraren for forsøkgarden på Njøs på Hermansverk, Erling Kvåle, den første frukttransporten med lastebil frå Sogn til Oslo. Då Sognefjellsvegen opna i 1938, vart den ein viktig transportveg for sognefrukta nordover til marknaden i Trøndelag.

I fruktsesongen var det vanleg at Fylkesbaatane sine lokalruter gjorde seg ekstra rundar til ei mengd private kaier i Sogn for å laste ombord fruktkasser som skulle sendast til Bergen.

Frå lageret til Sognefrukt på Leikanger. Foto frå tv-reportasje, NRK.

Frå lageret til Sognefrukt på Leikanger. Foto frå tv-reportasje, NRK.

Fruktlager og Gartnerhallen

Før omsetninga av frukt og grønt vart organisert gjennom samvirketiltaket Gartnerhallen som vart skipa i 1930, måtte kvar einskild frukt- og bærdyrkar ordne seg med omsetnad og kjøparar så godt dei kunne. Men i Sogn og Fjordane skulle det gå lang tid før Gartnerhallen gjorde nytte for seg. Det første synlege tiltaket frå Gartnarhallen i Sogn og Fjordane var då laget like etter 2. verdskrig bygde salssentral for bær, grønsaker og poteter i Florø.

Denne bygningen i Utvik var det første fruktlageret i fylket. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Denne bygningen i Utvik var det første fruktlageret i fylket. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Rundt om i fruktbygdene freista ein med større eller mindre hell å organisere fruktomsetninga gjennom lokale fruktsalslag. Desse skipa også til kurs i pakking og rett stell av den hausta frukta. Lager- og omsetningsmulighetene for fruktdyrkarane i Nordfjord og Sogn betra seg radikalt då det i første halvdel av 1950-talet vart bygd ei mengd lokale fruktlager med kjøleanlegg og pakksentralar i dei viktigaste fruktbygdene.

Fresvik Kjølelager, det første fruktlageret i Sogn. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Fresvik Kjølelager, det første fruktlageret i Sogn. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Nordfjordingane var først ute med Utvik fruktlager i 1951, Innvik fruktlager i 1952, Hennebygda fruktlager i 1952, Blakset Fruktlager i 1953, Hopland fruktlager i 1954 og Gloppen fruktlager i 1956. I Sogn vart det første fruktlageret bygd i Fresvik i 1952 (kjøleanlegg installert i 1957), Aurland fruktlager i 1954, Lærdal frukt- og potetlager i 1956, Balestrand fruktlager i 1957, Luster frukt- og potetlager i Høyheimsvik i 1958, Vangsnes fruktlager i 1958 og Leikanger fruktlager i 1960.

Dei minste av desse fruktlagera vart lagde ned etter ei tid. Andre vart overtekne av Gartnerhallen, og då Gartnerhallen vart omorganisert i 1998, vart nokre drivne vidare av lokale fruktprodusentar.

Lerum-konsernet har restaurert den gamle saftfabrikken til Nils Hanson Lerum og laga museum i huset. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Lerum-konsernet har restaurert den gamle saftfabrikken til Nils Hanson Lerum og laga museum i huset. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Lokal foredling av frukt og bær

På slutten av 1800-talet kom dei første konservesfabrikkane i fylket i gang med hermetisering og safting av frukt og bær: Halvard Drægni starta produksjon av saft og syltetøy i Skjolden i Luster i 1900, og i 1920 bygde han stor fabrikk på Hermansverk.

I 1909 bygde Nils Hansson Lerum ein liten konservesfabrikk på Sørheim i Luster, flytta til Sogndal og bygde stort og nytt der i 1919 og la dermed grunnlaget for det landskjende Lerum-konsernet.

Klimaet i Sogn og delar av Nordfjord er ideelt for dyrking av bringebær. Dette er bringebærsorten Veten.

Klimaet i Sogn og delar av Nordfjord er ideelt for dyrking av bringebær. Dette er bringebærsorten Veten.

I Nordfjord vart det starta fleire konservesfabrikkar: Dei største var Nordfjord Konservesfabrikk, starta i 1916 på Nordfjordeid og etter konkurs overteken av Peder Jacobsen ( sjå under Kjende personar i Eid fødde år 1850-1900) i 1922.

Nordfjord Frukt- og Saftfabrikk A/S vart starta på Seternes i Måløy i 1920, og ei tid dreiv også Gloppen Fruktpakkelager ein konservesfabrikk på Sandane, der Peldyrfórkjøkenet ligg i dag.

I Lærdal slo Bergensmeieriet og Drægni AS retteleg på stortromma då dei bygde ein svær konservesfabrikk på Lærdalsøyri i 1979 basert på kontraktdyrka grønsaker. Den gjekk konkurs to år etter. Fabrikken vart driven med andre eigarar til den vart lagd ned i 1994. Denne fabrikken dreiv ikkje med konservering av frukt og bær.

Det nyaste skotet på konservesstammen for lokale hageprodukt er Balholm Safteri som vart skipa i 1998 av Balestrand fruktlager. Elles er det ei rad frukt- og bærdyrkarar i fylket som sidan midten av 1990-talet har teke opp produksjon av frukt- og bærkonserves som gardsproduksjon.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.02.2015