Hopp til innhold
X
Innhald

Innkjøpssamyrket for jordbruket

Felleskjøpet på Skei. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Felleskjøpet på Skei. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Nest etter meierisamyrke, som var første ute av «bondesamyrka», vart «Felleskjøpet» det neste, store samyrkesteget i landsdelen:

Den Vestlandske Felleskjøpsforening vart skipa i 1901. Det markerte ein milepel i moderniseringa av jordbruket på Vestlandet. No kunne bøndene for alvor leggje om til maskinell drift utan på verte flådde økonomisk. Felleskjøpet gjorde det nemleg mogeleg for bøndene å oppnå gode rabattar på landbruksmaskiner, gjødsel og andre driftsmidlar gjennom eiga forening. Tidlegare måtte dei stå med lua i handa og betale det Bergens-kjøpmennene fann det for godt i forlange.

Ei av dei store forretningane innan landbruksmaskiner i Bergen på 1800-talet var Knut Skurtveit - eit firma som har eksistert fram til i dag, og som også har hatt avdelingar i Sogn og Fjordane.

Ein av dei fremste landbrukspolitikarane tidleg på 1900-talet, Anfin Anfinson Øen, fødd i Hyllestad og lensmann i Vik, var ein av skiparane og styreformann i felleskjøpet dei 11 første åra.

Anlegget til Felleskjøpet i Florø. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Anlegget til Felleskjøpet i Florø. Foto: Ottar Starheim, NRK.

«Felleskjøpet»

Samyrkeorganisasjonen endra seinare namn til «Vestlandske Kjøpelag», og seinare igjen til «Felleskjøpet Vestlandet». I siste halvdel av 1900-talet bygde Kjøpelaget/Felleskjøpet ut store lager og forretningsavdelingar i Sogn og Fjordane:

I 1949 etablerte laget avdeling i Florø, og bygde mjølblanderi og kraftforlager der i 1954. Frå 1967 bygde laget fleire kornsiloar på 50 meters høgde i kystbyen.

Skei i Jølster fekk Felleskjøp-avdeling i 1969, sjå Vestlandske Felleskjøp. Denne avdelinga sel landbruksmaskiner, og vart sterkt utvida med nybygg i 1999. Sogndal fekk Felleskjøp-avdeling i 1986, og FK-butikk vart opna på Øyrane i Førde i 1998. I Førde bygde laget ny, stor butikk i 2003. Også i Sogndal, på Lærdalsøyri, Sandane, Nordfjordeid og i Stryn har Felleskjøpet eigne butikkar.

I 1999 slo Felleskjøpet Vestlandet seg saman med tilsvarande organisasjon på Austlandet til Felleskjøpet Øst Vest.

Felleskjøpet si avdeling i Sogndal. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Felleskjøpet si avdeling i Sogndal. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.02.2015