Jordbrukslag

Jordbrukslaga har sytt for at bøndene har fått tilgang til ny kunnskap og nye reiskapar. Her blir harving med vinsj demonstrert i Eid i 1950.
Kring 1900 organiserte bøndene seg i såkalla jordbrukslag i mange bygder.
Jordbrukslaga var lokale samvirketiltak som den første tida etter skipinga av Den Vestlandske Felleskjøpsforening (sjå artikkelen Innkjøpssamyrket for jordbruket ) i 1901 fekk i oppdrag å stå som lokale innkjøpslag for maskinar, kunstgjødsel og andre produkt frå «Felleskjøpet». Seinare endra oppgåvene seg til å organisere oppstalling av avlshingstar og å syte for fórvertar til avlsoksar og avlsverar.
Landbrukslaga stod korkje tilslutta bondelaga eller bonde- og småbrukarlaga, men var sjølvstendige organ som i 1955 talde 899 medlemer over heile fylket. På same vis som Bondelaget og Bonde- og Småbrukarlaget, kunne jordbrukslaga vere fullverdige medlemer i Sogn og Fjordane Landbruksselskap , og hadde dermed same rettar som desse til å vere med på tildeling av statstilskot m.m. til jordbruket i fylket.
Jordbrukslaget hadde særskilt stor oppslutnad i Vik med 130 lokale medlemer. Andre bygdelag som hadde mange medlemmer i jordbrukslaga sine, var Holmedal (80), Hornindal (70) og Sørstranda i Gloppen (58). Eit anna jordbrukslag i Gloppen nytta framleis den gamle nemninga «sokneselskap» i 1955: Gloppen Sokneselskap som tydelegvis organiserte bønder kring Vereide, og talde i alt 58 medlemer.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014).
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.
Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.
Sist oppdatert: 09.02.2015