Hopp til innhold
X
Innhald

Laksefiskarane organiserte seg tidleg

Karl Vadøy i døra til sjøbua si i Smørhamn i Bremanger med ein rusk av ein laks. Ukjend fotograf. Eigar: Hildegunn Nilsen Andal/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Karl Vadøy i døra til sjøbua si i Smørhamn i Bremanger med ein rusk av ein laks. Ukjend fotograf. Eigar: Hildegunn Nilsen Andal/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
Mellom dei utøvande fiskarane i Sogn og Fjordane ser det ut til at det var sjølaksefiskarane som først såg nytta i å skipe eigne interesseorganisasjonar.

Grunnen var den nye Lakselova som vart vedteken i 1891, og som innførte vekefreding på laksefisket med not frå fredag kveld til måndag kveld. Dette skapte mykje harme: I 1892 samla 2000 laksefiskarar seg til eit protestmøte i Bergen. Vestlandske Laxefiskerforening vart skipa med 550 medlemer, og langs heile Vestlandskysten vart det skipa lokallag. Eitt av desse vart skipa på Stadlandet i 1894.

Sogn og Fjordane Grunneigar- og sjølaksefiskelag vart skipa i 1941, og dette lokallaget gjorde opptaket til skiping av Noregs Grunneigar- og Sjølaksefiskarlag i 1946.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.02.2015