Hopp til innhold
X
Innhald

Meierisamvirket

Meieribruket var først ute med samyrketiltak: Det første meieriet på samyrkebasis vart skipa på Tolga i Østerdalen i 1856.

Meieribruket var først ute med samyrketiltak: Det første meieriet på samyrkebasis vart skipa på Tolga i Østerdalen i 1856.

Den første større meieriorganisasjonen var Den Nordenfjeldske Meieriforening i Trondheim. Norske Meieriers Eksportlag vart skipa i 1928. Seinare skifta dette namn til Norske meieriers Salgssentral.

Etter at Sogn og Fjordane Landhusholdningsselskap (sjå under Dei første landbruksorganisasjonane) – det som seinare vart Sogn og Fjordane Landbruksselskap - frå 1871 tok til å yte støtte til meieribygg, kom det på få år opp ei mengd lokale meieri i fylket - dei første i Vik og Hafslo i 1874. I 1905 vart det registrert 79 meieri i Sogn og Fjordane. Berre i Jølster kommune åleine har det gjennom åra vore 26 meieri i drift!

Ysting av geitost.

Ysting av geitost.

Grendameieri vert avløyste av «bygdemeieri»

Grendameieri vert avløyste av «bygdemeieri»

Frå 1917 og utover 1920-talet vart dei små bygdemeieria avløyste av større meieri med vidare omland. Bygder som ikkje var knytte til meieri, organiserte seg i smørlag som samla inn heimekinna smør for omsetning til kjøpmenn i Bergen.

Men framleis var meieristrukturen basert på at den einskilde bonden stort sett kunne frakte mjølka til meieriet med hest og vogn sjølv. Det einaste større meieriet i mellomkrigstida var Høyanger Meieri, bygd i 1932. Dette meieriet hadde over 200 leverandørar i ytre Sogn, og mjølkebåtrutene gjekk nærmast frå gard til gard langs dei veglause grendene og samla inn mjølkespanna. Dette «stormeieriet» hadde elles mjølkebilruter til Viksdalen i Sunnfjord.

Mjølkebilar og regionmeieri

Mjølkebilar og regionmeieri

I åra etter 2. verdskrig slo bilen for alvor igjennom som varetransportør. Mjølkebilane la grunnlaget for ein ny sentraliseringsrunde. Det vart bygd store meieri som kunne ta imot mjølk frå eit omland som gjerne kunne strekkje seg over fleire kommunar. Slike meieri vart m.a. bygde i Måløy, Nordfjordeid, Stryn, Sandane, Byrkjelo, Førde, Bygstad, Florø, Vik, Sogndal og Årdal.

Som det første i fylket innførte Nordfjord Meieri i Stryn gardstankar og tankbilhenting av mjølk i 1970. På få år hadde tankhentinga utkonkurrert dei gamle mjølkespannene over heile fylket.

Stormeieri for heile fylket

På 1980-talet var tida komen for ein ny sentraliseringsrunde innan meieribruket: I første omgang fylkesmeieri, og i neste omgang eit meierilag for det meste av Vestlandet.

Etter kvass strid der konflikten galdt kva for meieri som skulle leggjast ned og kven som skulle få overleve, vart P/L Sogn og Fjordane Meieri skipa den 20. februar 1985. Dette stormeieriet omfatta det meste av fylket, med unntak av bøndene som leverte til Vestlandsmeieriet – d.v.s. Dalsfjord-området i Sunnfjord og produsentar i ytre Sogn, og nokre bønder langs Møre-grensa som leverte til Sunnmøre Meieri.

Stormeieriet til Tine på Byrkjelo. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Stormeieriet til Tine på Byrkjelo. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Tine Meieriet Vest BA

På 1990-talet kom ein ny og radikal sentraliseringsrunde som førte fram til at så godt som all konsummjølka frå Sogn og Fjordane frå 1996 vert levert til stormeieriet på Byrkjelo (sjå Tine Meieriet Vest BA, Gloppen kommune). Anlegget kosta 55 millionar kroner, og etter utviding for 180 millionar som m.a. omfattar osteproduksjon, fekk anlegget kring 80 tilsette.

I dag er alle meieria i fylket ein del av Tine Meieriet Vest BA, som er skipa ved samanslåing av Tine Meieriet Vest og Tine Vestlandsmeieriet. Dette siste bygde i si tid eigne meieri i Askvoll (sjå Askvoll kommune) og Bygstad (sjå Gaular kommune), og har elles teke imot det meste av mjølka frå ytre Sogn. Det øvrige fylket vart i ein kort periode på 1980-1990-talet organisert i Sogn og Fjordane Meieri.

I 2003 var «Vestlands-avdelinga» med sine 10 anlegg og omlag 780 tilsette ein del av den landsomfattande TINE Gruppa - skipa i 2002. Tine Meieriet Vest hadde i 2003 4900 leverandørar av landets samla tal på kring 20.000 mjølkebønder.

Gamalostmeieriet i Vik er det einaste meieriet att i Sogn og Fjordane utanom stormeieriet på Byrkjelo. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Gamalostmeieriet i Vik er det einaste meieriet att i Sogn og Fjordane utanom stormeieriet på Byrkjelo. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Forutan stormeiereiet på Byrkjelo, hadde Tine Meieriet Vest i 2003 produksjonsavdelingar i Vik (gamalost), Bygstad og Førde. Dei to siste vart lagde ned då osteproduksjonen ved det utvida anlegget på Byrkjelo kom i gang.

Ein konsekvens av sentraliseringa av meieribruket er at mjølka blir frakta over lange strekningar. Denne tankbilen ventar på ferja i Askvoll. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Ein konsekvens av sentraliseringa av meieribruket er at mjølka blir frakta over lange strekningar. Denne tankbilen ventar på ferja i Askvoll. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.02.2015