Hopp til innhold
X
Innhald

Nydyrking og bureising

Stubbebrytaren var ein god reiskap når det skulle ryddast nytt landbruksareal. Dette biletet er frå Hornindal.

Stubbebrytaren var ein god reiskap når det skulle ryddast nytt landbruksareal. Dette biletet er frå Hornindal.

Heilt frå Opplysningstida på 1700-talet premierte Det Nyttige Selskab i Bergen og liknande «utviklingsselskap» nydyrking og bureising:

Auke av det norske jordbruksarealet vart ei av dei viktige oppgåvene for Det Kgl. Selskab for Norges Vel (sjå under Dei første landbruksorganisasjonane) då det vart skipa i 1809.

Alt på midten av 1800-talet vart det første myrdyrkingslaget skipa her i landet då Romsdals Myrdyrkingsselskap vart skipa i 1856. I 1896 vart Bergens Myrdyrkingsforening skipa, og arbeidde i hovudsak for dyrking av myrområde i Hordaland fylke. Det er ukjent om dette laget engasjerte seg i myrdyrking i Sogn og Fjordane.

Ny Jord-pionérane frå Sunnfjord

Det norske myrselskap var ein landsomfemnande organisasjon som vart skipa i 1902, og myrselskapet kom saman med Selskapet Ny Jord, som vart skipa i 1908, til å spele ein sentral rolle i nydyrkinga her til lands. Ny Jord satsa frå 1912 m.a. på innkjøp av store, dyrkbare utmarksvidder som dei parsellerte ut til pionérar som ville rydde og dyrke.

Mest kjende i Sør-Noreg er Ny Jord-felta ved Hustadvika i Møre og Romsdal, der brørne Randulf Gjelsvik og Eystein Gjelsvik frå Gjelsvik i Sunnfjord gjorde ein pionérinnsats både som nydyrkarar og feltstyrarar. Bureisaren Randulf Gjelsvik dyrka sjølv opp ein kjempegard på 400 dekar på Farstad og hadde mange tenestefolk. Også Ole J. Fedje frå Feios og Harald Håland frå Kyrkjebø i Høyanger kommune reiste til Hustad og vart nydyrkarar.

Nydyrking i Struen i Bremanger. Foto frå Bremanger bygdebok.

Nydyrking i Struen i Bremanger. Foto frå Bremanger bygdebok.

Sogn og Fjordane banebrytande for jorddyrkinga

Men det vart etter kvart tydeleg at det gamle premieringssystemet, lån frå jorddyrkingsfondet og liknande tiltak vart for puslete om ein skulle få retteleg fart på nydyrkinga i landet. I 1908 gjorde difor styret i Nordre Bergenhus amts landhusholdningsselskap (fylkeslandsbruksstyret) framlegg om direkte statstilskot til nydyrking. Dette var eit epokegjerande framlegg som kravde store, årlege løyvingar over statsbudsjettet.

Det var ein av dei fremste landbrukspolitikarane i Noreg på den tida som var arkitekten bak framlegget: Anfin Anfinson Øen var styreformann i landhusholdningsselskapet då denne saka vart fremja, og Øen kom elles til å spele ein sentral rolle ved skipinga av både Vestlandske Felleskjøp og Vestlandske Salslag.

Grøftegraving i myr på Statens Forsøksgard på Fureneset i 1952. Roald Yndestad ved rattet. Dei spesielle

Grøftegraving i myr på Statens Forsøksgard på Fureneset i 1952. Roald Yndestad ved rattet. Dei spesielle

Søkte om 3000 kroner og fekk det til slutt

Nordre Bergenhus amts landhusholdningsselskap bad i første omgang om ei statsløyving på 3000 kroner som dei kunne fordele. Fylkesmannen støtta kravet om at løyvingar til nydyrking måtte kome inn på statsbudsjettet, og gav saka ein ekstra dytt med å orde frampå om at fylket då kunne løyve ein tilsvarande sum. Men Landbruksdepartementet møtte dette banebrytande framlegget med skepsis og skar ned til 1000 kroner. Men i Stortinget snudde det:

Landbrukskomitéen såg tvert imot på framlegget frå Sogn og Fjordane som ein framifrå måte å få fart på nydyrkinga på. Det enda med at Stortinget løyvde 3000 kroner slik det vart søkt om, og utan ordskifte. Vedtaket danna presendens, og dermed hadde Sogn og Fjordane fått gjennom ei sak som kom til å få avgjerande verknad for den nydyrkingsbylgja som voks i åra som fylgde. Nydyrkinga vart særleg viktig i «sjølvbergingsåra» under 1. verdskrig og som sysselsetjingstiltak gjennom dei økonomiske uåra i mellomkrigstida.

Dvergsdalsdaleni Jølster er eitt av dei største nydyrkingsfelta i fylket. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Dvergsdalsdaleni Jølster er eitt av dei største nydyrkingsfelta i fylket. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Jølster den store nydyrkingskommunen

I perioden frå 1922 til 1955 vart det løyvd tilskot til i alt 623 bureisingsbruk i Sogn og Fjordane. Selskapet Ny Jord spela ei aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i fylket. I Sogn og Fjordane merkjer Jølster seg ut som den store bureisingskommunen med i alt 57 bureisingsbruk i tida frå 1922 til 1955. I alt vart det i denne kommunen fulldyrka 8122 dekar på eksisterande bruk og bureisingsbruk.

Jølster låg dermed klårt føre dei neste på lista: Gaular med 7335 dekar, Førde med 6360 dekar og Hafslo med 6218 dekar.

I tillegg til Jølster, Gaular og Førde var det også stor bureisingsaktivitet i dei andre Sunnfjord-kommunane i mellomkrigstida. Jamvel i kystkommunane Kinn og Askvoll vart det rydda mange nye bruk i denne tida.

I Nordfjord toppar kommunane Selje og Hornindal, og dessutan bygdene i den tidlegare Innvik kommune i indre Nordfjord.

Bygdene Hafslo, Jostedal og Luster merkjer seg klårt ut som dei viktigaste bureisingsbygdene i indre Sogn. Elles vert det i desse åra rydda mange nye bruk i bygdene kring Lavik.

– Sjå elles artiklane: Bureisinga i Dvergsdalsdalen, Bureisinga i Gaular og Nydyrking i mellomkrigstida

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.02.2015