Hopp til innhold
X
Innhald

Pelsdyroppdrett i Sogn og Fjordane

Pelsdyroppdrett har dei siste åra blitt ei svært omdiskutert næring, som dyrevernarane vil ha lagt ned. Foto: Vidar Gudvangen, NRK.

Pelsdyroppdrett har dei siste åra blitt ei svært omdiskutert næring, som dyrevernarane vil ha lagt ned. Foto: Vidar Gudvangen, NRK.

Frå 1928 voks pelsdyroppdrett fram som den store tilleggsnæringa for landbruket i Sogn og Fjordane.

I glansåra kring like før og etter 2. verdskrig vart det bygd små revefarmar mest på annankvar gard i mange bygder, og Sogn og Fjordane vart det nest største pelsfylket i landet etter Møre og Romsdal. Pelsdyrnæringa hadde si store blømingstid i åra før og like etter 2. verdskrig.

Pionéren Ole M. Totland

 

Pionéren Ole M. Totland

Oppal av pelsdyr starta i Canada på 1880-talet då pelsjegerar fanga inn ville dyr og avla på dei. Gode skinn kunne seljast for opptil 11.000 kroner - ein svimlande sum i dei dagar. Utsiktene til ei slik eventyrleg forteneste lokka folk i andre land til å prøve seg.

Ole M. Totland (sjå Pelsdyrpionér Ole M. Totland) frå Bryggja vart ein av pionérane i norsk pelsdyroppdrett. I 1910 starta han ein av dei første pelsdyrfarmane i Noreg på Marøyna ved Hornelen. Godtfred Fuglestrand frå Bjerkreim var den første i landet - ca. 1903.

På Marøyna let Totland dyra gå fritt. Ole Totland reiste dagleg med motorbåt over fjorden frå Bryggja for å fôre og halde tilsyn med dyra. Han fekk broren Jakob Totland med seg i arbeidet. Men vanskar med å skaffe olje til motorbåten under 2. verdskrig gjorde at Totland la ned revefarmen på den vesle øya.

Dette kartet syner kor mange revegardar det var i Sogn og Fjordane i 1929.

Dette kartet syner kor mange revegardar det var i Sogn og Fjordane i 1929.

Pelsdyroppdrett ein økonomisk risikosport

Totland og dei andre som freista seg på reveoppdrett den første tida, reiste sjølve til Canada for å kjøpe stamdyr. Der borte var sølvreven fanga som villrev av pelsdyrjegerar. Tilliks med dei andre som var tidleg ute, stilte Totland gard og grunn i pant for å prøve seg i den nye, men konjunkturfølsomme pelsdyrbransjen. Eit skikkeleg avlsdyr kunne etter den tids lokale målestokk koste ein formue, kjøp og Canada-reise inkludert.

Difor var det vanleg at bøndene gjekk saman i aksjelag og bygde pelsdyrfarmar då den nye næringa retteleg skaut fart frå 1928 og utover. Det var ikkje uvanleg at bøndene sette heile garden som pant når dei investerte i rev. Var dei så uheldige at dyra daua, kunne det verte ruin for eigaren, for den gongen fanst det ikkje forsikring for slikt.

Dei første pelsdyroppdrettarane i Sogn og Fjordane satsa i første omgang på å drive fram gode avlsdyr for sal. Gode avlsdyr kunne verte selde for svimlande summar, så utgiftene til reise og sølvrevkjøp i Canada var raskt inntente dersom ein ikkje fekk uhell undervegs.

Rev i bur i Lærdal. Foto: Vidar Gudvangen, NRK.

Rev i bur i Lærdal. Foto: Vidar Gudvangen, NRK.

Appelsiner og kalvefilét var revefór

Dei kostesame avlsdyra vart stelte og vakta som dei skulle vore av gull. Det var vanleg å fóre dyra med både kalvefilét, rosiner og appelsiner for at pelsen skulle skine!

Eit aksjelag som bygde ein stor pelsdyrgard på øya Alden, satsa på å gjere farmen sjølvforsynt med fór ved å setje ut villgeiter som gjekk fritt på øya. Desse kunne ein så skyte etter behov og fóre reven med blodferskt geitekjøt! Selskapet tilsette eigne røktarar frå Nordland som skulle ta seg av både jakt og stell, men prosjektet havarerte etter kort tid.

Rev i bur på Molde i Lærdal. Foto: Vidar Gudvangen, NRK.

Rev i bur på Molde i Lærdal. Foto: Vidar Gudvangen, NRK.

Nettingbura fekk bukt med spoleormen

Den første tida gjekk reven i store gardar med høge gjerde, og netting nedgraven i bakken slik at dyra ikkje skulle grave seg ut og røme. Inne i garden hadde gjerne kvar rev si eiga, eksklusive hytte, og det var ofte laga vandretrapp opp på taket av hyttene slik at reven kunne sitje høgt og nyte utsikta. Slike «miljøtiltak» skulle auke trivnaden og dermed kvaliteten på dyra, meinte ein den gongen.

Men desse revegardane hadde eitt stort lyte: Reven gjekk direkte på jordbakken der den også skeit. Dette førde til at revane lett fekk spoleorm – ein parasitt i tarmsystemet.

Oppdrettarane løyste dette problemet med å byggje nye revegardar der dyra gjekk på netting høgt over bakken med dei smittefårlege ekskrementa. På slutten av 1930-talet var det få revegardar att av den gamle «jordbaserte» typen.

Ola Dagfinn Årdal i Årdal i Jølster er mellom dei som har satsa mest på pelsdyr i Sogn og Fjordane. Privat foto.

Ola Dagfinn Årdal i Årdal i Jølster er mellom dei som har satsa mest på pelsdyr i Sogn og Fjordane. Privat foto.

Statskonsulenten for husdyr på Vestlandet, Jens Nordang, var utdanna veterinær. Han engasjerte seg sterkt i helserøkta i pelsdyrnæringa som vaks fram på 1920-talet. Frå 1925 til 1928 studerte Nordang sjukdomar på pelsdyr ved studiereiser til Canada, Tyskland, Danmark og Sverige, og i 1930 gav han ut ei banebrytande lærebok om pelsdyrsjukdomar. Han gjorde også reiser til Russland som sakkunnig i pelsdyravl.

Første minken kom til Lote

Norges Sølvrevsavlslag – seinare omdøypt til Norges Pelsdyralslag - vart skipa i 1926 og har hovudkontor i Oslo. Frå 1929 vart det starta eit meir systematisk avlsarbeid med regelmessige utstillingar. På 1930-talet auka interessa for sølvrev - ein type som er ein variant av raudrev. Platinareven kom inn som ein mutasjon av sølvrev i 1933, og i nokre år vart det reine «platinafeberen».

Det første tre minkepara som vart innførte frå Amerika til Sogn og Fjordane, kom til ein oppdrettar på Lote i Nordfjord i 1928 og kosta 1200 kroner paret. Men det var først frå slutten av 1950-talet at mink avløyste reveskinna som den store motepelsen. I fleire tiår skulle ikkje marknaden ha noko anna, og den lokale reveavlen låg på sotteseng. Først på slutten av 1900-talet tok reveavlen seg oppatt.

Skinnauksjonar

Sidan 1947 har Norges Pelsdyralslag drive Oslo Skinnauksjoner. To andre auksjonsforretningar for skinn vart samstundes lagde ned. Oslo Skinnauksjoner har vore den viktigaste staden for omsetning av norsk pelsverk sidan. Grunnen til at pelsskinn vert omsette på slike auksjonar er at oppkjøparane der har høve til å handfare kvart einskilt skinn og kontrollere kvalitet før dei handlar.

Oslo Skinnauksjoner S/L omsette i 1996 145.000 minkskinn og 481.000 reveskinn til ein verdi av 428 millionar kroner. Mest alle skinna går til eksport.

Pelsingssentralen på Austrheimsøyra. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Pelsingssentralen på Austrheimsøyra. Foto: Ottar Starheim, NRK.

På Austrheim i Gloppen bygde Fjordane Pelsdyralslag ein stor utstillingshall og ein pelsingssentral for pelsing (slakting) av pelsdyr og stell av skinna. Denne sysselset mange menneske i sesongane. Dei store oppdrettskommunane i åra kring 2. verdskrig var Gloppen, Stryn, tidlegare Davik kommune (no delt mellom Bremanger, Vågsøy og Eid), Naustdal og Lærdal. Seinare kom også Jølster til som ein stor pelsdyrkommune med mange dyktige oppdrettarar.

Fórkjøken på Sandane

Arbeidet med å skaffe til veges revefór var både slitsamt og skitsamt, særleg for dei som ikkje haddde tilgang til fryseri i nærleiken. Det vanlege revefóret var håhovud og anna avskjær frå fiskeindustrien. Mykje av dette måtte tørkast på garden før det gjekk i revekverna. Å dra ei revekvern fleire gonger dagleg var eit tungt slit, og det var difor ei lette for mange oppdsrettarar då Gloppen Pelsdyrfórlag A/L bygde stort fórkjøken på Sandane i 1961 og tok til å levere ferdig pelsdyrfór med bil direkte til oppdrettarane. Pelsdyrfórkjøkenet på Sandane er sidan bygd mykje ut, og leverer fór til pelsfarmar i heile Sogn og Fjordane og store deler av Møre og Romsdal.

Pelsdyrfôrkjøkkenet på Sandane. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Pelsdyrfôrkjøkkenet på Sandane. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Mislukka pelsverkfabrikk

I 1973 starta ein for første gong industriell foredling av pelsverk i fylket, då buntmakarverksemda AS Fjord-Pels vart starta på Sandane etter opptak frå disponent Kristoffer Rygg i Gloppen Pelsdyrfórlag. Verksemda sydde både kåper, jakker og luer i pels og skinn, og hadde på det meste 35 tilsette. Men det viste seg at det var vanskeleg å tevle i pris og kvalitet med pelsvarefabrikkar i Finland og Aust-Europa. Fjord-Pels gjekk konkurs i 1983.

Mot avvikling av næringa

I 2011 var det 55 pelsdyroppdrettarar i Sogn og Fjordane, og næringa gjekk godt økonomisk med høge skinnprisar. Men aksjonar frå dyrevernhald og reportasjar som synte pelsdyrgardar med dårleg stell og skadde dyr gjorde at mange politikarar vart skeptiske til næringa. Landsmøtet i Arbeidarpartiet gjekk dette året inn for ei styrd avvikling av pelsdyrnæringa.

Pelsdyrgard ved Vassenden i Gloppen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Pelsdyrgard ved Vassenden i Gloppen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.02.2015