Hopp til innhold
X
Innhald

Sau- og geiteavl i Sogn og Fjordane

Import frå England

Sogn og Fjordane har vore det største geitefylket i landet, og saman med sauen har geita vore dei viktigaste husdyra på mangt eit brattlendt og skrint småbruk.

Import frå England

Kaptein Ditlev Fredrik Tillisch kom til Vik i 1837 og vart ein pionér i saueavlen på Vestlandet. Tillich bygde garden Lille Vange opp til eit mønsterbruk. Han innførte sauerasen sheviot til Vik i 1870-åra, og saman med oberst Christen Christensen innførte han storsau - d.v.s. leicestersau - frå England i 1855. Denne importen la grunnlaget for den norske dalasau-rasen då den vart blanda med cheviot.

Men det var først då Staten ytte tilskot til saueavlen og i 1860 fekk skipa dei første avlsstasjonane, at den organiserte saueavlen tok til å breie seg i fylket:

I 1857 vart Johan Lindequist tilsett som den første statskonsulenten for husdyr her i landet. I 1860 reiste han til England og kjøpte inn 14 dyr frå oxfordshirerasen, 12 cheviot og tre av leicesterrasen, og på desse bygde ein nye, norske sauestammar.

I Sogn og Fjordane vart det plassert ut i alt 53 cheviotverar i åra frå 1862 til 1865, og i lang tid skulle dette verte den dominerande sauerasen i dette fylket.

Avl var overklassesport

Avl var overklassesport

Men husdyravl var midt på 1800-talet først og fremst ein «overklassesport» i fjordfylket: Avlsdyra vart plasserte ut hjå embetsmenn og rike godseigarar. Først då dei lokale avlsstasjonane vart skipa frå 1871 tok vanlege bønder til å interessere seg for saueavl.

Rådyre angorageiter

Men den manglande forståinga for verdien av medveten saueavl var vanskeleg å få bukt med: Dette fekk ein merke då den såkalla Hanndyrlova skulle innførast på 1960-talet. Kommunane stod då fritt til å avgjere om dei skulle innføre lova som sette forbod mot at forplantingsføre hanndyr kunne gå fritt på beite. Slik lauslivnad kunne øydeleggje alt det systematisk avl freista å byggje opp. I mange kommunar i Sogn og Fjordane vart dette forbodet innført etter svært sterk motstand, ikkje minst frå sauehaldarar.

Rådyre angorageiter

Ein kuriositet i det første avlsarbeidet for småfé, var då Sogn og Fjordane landbruksselskap i 1871 gjorde vedtak om økonomisk støtte til dei som ville innføre angorageit frå Austen i husdyrhaldet.

Angorageit er ein geiterase som kan gje både mjølk, kjøt og ull (mohair). Fem geitebønder frå indre Sogn melde seg på og ville ha oppover fem bukkar og åtte geiter frå Tyrkia. Men då det kom melding frå den norske generalkonsulen i Instanbul om at prisen vart tre gonger det ein hadde rekna med, kjølna interessa brått, og angorageitene vart snytte for Noregs-turen!

Ysteri

Ysteri

Det vanlege i gamal tid var heimeysting av geitosten. Men då osteprisane steig på 1920-talet, vart det bygd fleire lokale småysteri i Sunnfjord og Nordfjord. I 1930 var det 14 slike i Nordfjord og seks i Sunnfjord. I midtre og indre Sogn der kvar geitebonde kunne ha større bølingar på 30-60 geiter kvar, var det framleis vanleg med heimeysting.

I dei økonomiske nedgangtidene på 1930-talet hadde ikkje folk flest råd til geitost, og prisane fall til botnar. Mange geitebønder la ned, og med dei fall også alle småysteria bort. Dei einaste som fann mon i å halde fram med geit, var dei som kunne levere geitemjølka til større meieri. Den mest kjende lokale geitosten frå Sogn og Fjordane er den kvite geitosten som vert ysta i Undredal i Aurland kommune.

Utstillingar

Utstillingar

Sauen vart for første gong mønstra på utstilling i Sogn og Fjordane på statsutstillinga for husdyr i Sogndal i 1874. Frå 1901 vart det skipa reine sauesjå, dei to første i Vik og Askvoll.

Først i 1905 kom geita med på småfésjåa. Den første reine statsutstillinga for småfé i Sogn og Fjordane – både for sau og geit – vart halden i Gloppen i 1922. Sidan er det halde mellom sju og ni saueutstillingar i året kringom i fylket. Frå 1942 har to av dei vore statssjå, styrde av statskonsulenten for småfé. Sauebøndene har skipa beitelag for betre utnytting av fjellbeita, og mange har også gått saman i gjetarlag og sankelag som har bygd felles gjetarhytter i fjella.

Småfehaldarane i Sogn og Fjordane er organiserte i Sogn og Fjordane Sau- og Geitealslag som vart skipa i 1948. På toppen i 1986 talde fylkeslaget i alt 61 lokallag med 2936 medlemer. Talet på sauebruk har minka dei seinare åra, til 1682 i 2011. Pr. 1.1.2011 var det 95.572 vinterfora sauer i Sogn og Fjordane.

Småfesjukdomar

Småfesjukdomar

Eitt av dei store problema for sauehaldet i fylket frå tidleg 1980-tal var sauesjukdomane mædi og scrapie. I Noreg vart det første mædi-tilfellet registrert i 1973, og i Sogn og Fjordane vart det funne eitt utbrot av sjukdomen.

Det er særleg scrapie – eller skrapesjuka – som har skapt problem for sauehaldet i fylket. Symptoma på sjukdomen er sterk kløe, ofte med sterke skjelvingar i muskulaturen. Sterkt utvikla sjukdom fører til ullavfall, nervøse dyr og ustø gange. Eit særmerke med scaripe er den lange inkubasjonstida. Det kan ta frå eitt til fire år frå smitte til sjukdomen bryt ut. Dette gjer det særs vanskeleg å oppspore smittekjelda, og tilsvarande lang tid å få bukt med sjukdomen.

Tsjernobyl og atomskya

Det første tilfellet av scrapie – eller skrapesjuke – vart påvist i Sogn og Fjordane i 1981, og det var eit nytt tilfelle i 1985. For å hindre spreiing vart fylket delt inn i 11 soner der det vart sett forbod mot å føre småfe frå den eine sona til den andre.

Tsjernobyl og atomskya

Atomkraftverkulukka i Tsjernobyl i 1986 førde i fleire år til store problem for sauehaldet også i Sogn og Fjordane: Atomskya dreiv nordvestover, og radioaktiv nedbør på fjellbeita førde til at sauene i fleire år etter måtte «nedforast» før dei kunne slaktast – d.v.s. at dei måtte i fleire veker etter sanking forast med eit stoff som heiter «Bentonitt» for å få reinsa radioaktiviteten ut av kroppen. I 1987 måtte 34.000 slaktedyr i Sogn og Fjordane nedforast i 4-8 veker. Dette kosta Staten fem millionar kroner i tilskot og ulempekompensasjon.

Tsjernobyl-ulukka førde til at «bequerel» – måleeininga for radioaktivitet – vart vart teken inn i det daglege ordforrådet til nordmenn.

Rovdyrplaga

Rovdyrplaga

Frå midten av 1800-talet vart det sett i verk ei systematisk utrydding av dei store rovdyra bjørn, ulv, gaupe og jerv i Noreg. Etter opptak frå konservator Hans Heyerdahl Rasch ved Universitetet i Oslo vedtok Stortinget i 1845 ei lov som tok sikte på å utrydde alle større rovdyr. Staten hyrte også profesjonelle jegerar som reiste kring i landet på bjørnejakt. I tillegg vart det utbetalt fellingspremiar for både desse og mindre rovdyr som rev og ørn. Alt året etter at jaktlova vart innført, vart det felt 238 ulvar i Noreg. I Sogn og Fjordane vart det felt 202 ulvar i åra frå 1846 til 1870. Det vart jakta ulv heilt ut til kysten, og det var vanleg å organisere jakta i store jag som kunne strekkje seg t.d. frå Sognefjorden ved Hyllestad og heilt nord til Førdefjorden. Etter 2. verdskrig er det prova at bjørn har slege bufé både i Leirdalen og Veitastrond i Luster og i Sunndalen i Stryn på 1950-talet, og i 2006 var ein eller to streifbjørnar på ferde og tok sau både i Sunnfjord, Fjærland og Jostedalen. Frå tid til anna har det også vore observert streifande ulv i fylket. Men frå 1970-talet er det særleg den aukande jervestamma som har skapt dei største problema for sauehaldarane – særleg i indre Sogn. Ved fleire høve har fylkesmannen gjeve høve til jakt på skadedyr både i Luster, Årdal, Lærdal og Aurland. Også i Nordfjord og indre Sunnfjord har det vorte jakta på jerv. Det vekte oppsikt då ein jerv vart skoten i 1981 i fjella mellom Gloppen og Naustdal, og ein trefota jerv vart skoten i Svartebotn på Utvikfjellet i 1985.

Ullvarefabrikkar

Ullvarefabrikkar

På slutten av 1800-talet og byrjinga av 1900-talet vart det bygd ei mengd ullvarefabrikkar kringom i fylket. Ullvarefabrikkane var lenge den største industrigreina i Sogn og Fjordane, og sysselsette fleire hundre menneske i bygdene Innvik, Sandane, Holmedal, Førde, Salbu, Hermansverk og Sogndal. Den største ullvarefabrikken var Indvik Uldvarefabrik, starta av Wald P. Skaaden i heimbygda i 1890. I 1910 bygde Anders Hansen frå Utvik om ein shoddyfabrikk på Sandane til ullvarefabrikk, og denne var starten på det som utvikla seg til Evebøfoss Fabrikker.

Ved eit lite vassdrag i Holmedal i Sunnfjord bygde bergensaren Industrigründeren Johan Jensen Troldefos Uldvarefabrikk i 1895. Etter å ha lært faget ved Trollefoss, reiste Mathias Leivestad til Førde og starta Førde Ullvarefabrikk i 1919.

Sunnfjordingen Mathias Larsen, (sjå under Kjende personar i Leikanger fødde år 1850-1875) frå Guddalen grunnla ein shoddy- og ullvarefabrikk ved Henjaelvi i 1910. Då Arne Johannessen frå Askøy tok over i 1913, vart namnet på denne fabrikken Sygna Uldvarebrikk A/L.

Sogns Uldspinderi og Fargeri låg ved Fossfossen i Sogndal og var starta av skotten Wilfred Burton Rowley Kennedy i 1887 i dei tidlegare lokala til Sogndal Tændstikfabrik. Då den kom over på norske hender under 1. verdskrig, skifta den namn til A/S Sognefjorden Uldvarefabrikk.

Også den allsidige gründeren Andreas Gjertsen frå Fjaler bygd ein liten ullvarefabrikk på Salbu i Hyllestad.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.02.2015