Hopp til innhold
X
Innhald

Skogbrukshistoria i Sogn og Fjordane

Kaupanger er eitt av dei viktigaste områda for skogsdrift i Sogn og Fjordane. Her er det og bygt ein stor tømmerkai. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kaupanger er eitt av dei viktigaste områda for skogsdrift i Sogn og Fjordane. Her er det og bygt ein stor tømmerkai. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Sjølv om Sogn og Fjordane ikkje er noko typisk skogfylke, kan einskilde bygder i indre Sogn og indre Nordfjord skryte av å ha noko av den rankaste fureskogen i landet.

Dei første oppgangssagene er registrerte i fylket kring tidleg på 1600-talet, og skogsdrift vart god forretning både for griske futar og rike jordeigarar, særleg på godsa i indre Sogn. Frå slutten av 1800-talet vart det sett i gang stor utplanting av gran i dei bratte vestlandsliene, og jamvel ein cellulosefabrikk fekk nokre magre år i fylket før draumen om ei framtid for vestlandsbonden som velståande skogeigar døydde bort.

I indre Ofredal i Årdal står framleis saga (til høgre) og kverna frå 1800-talet. Foto: Egil Jørgen Lund.

I indre Ofredal i Årdal står framleis saga (til høgre) og kverna frå 1800-talet. Foto: Egil Jørgen Lund.

Dei første sagbruka

Det var furu som var det viktigaste treslaget som trevirke på Vestlandet i gamal tid. Det meste av granskogen som vi ser i vestlandsliene heilt ut til dei ytste skjer er planta.

Det er særleg i bygdene kring Hafslo, Kaupanger, Ofredal, Frønningen og Fresvik i Sogn, og Fjaler, Gaular, Førde og Midtgulen i Sunnfjord, og Sandane, Breim, Utvik, Markane, Hornindal, Eidsbygda i Eid og Ålfoten at vi finn dei største fureskogane i dag.

Kaupanger stavkyrkje er bygd av solid sognetømmer. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kaupanger stavkyrkje er bygd av solid sognetømmer. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Framleis står dei mange stavkyrkjene i Sogn; Urnes, Kaupanger, Borgund, Undredal og Vik, som trauste vitnemål om kvaliteten i sognatømmeret. Dei gamle kyrkjebyggjarane kjende vel til den gamle kunsten med å få furestokkane «fullala» ved å kviste trea heilt til topps og så la dei stå ei tid på rot slik at kvaen kunne fylle heile stokken før dei felte det. Slik gjorde dei gamle treverket haldbart mot både rote og makk.

Dei første oppgangssagene (vassdrivne sager som saga med opp-og-nedgåande sagblad i staden for sirkelsager som vart vanleg frå slutten av 1800-talet) her i fylket vart bygde på 1500-talet. Oppgangssagene vart registrerte i offentlege papir fordi dei betalte 10% skatt for utsaga virke. Kring 1600 var det registrert i alt 180 oppgangssager på heile Vestlandet, og skurlasta vart eksportert med god forteneste. Skuter frå Hansa-byane var dei viktigaste kjøparane av skurlast frå dei nordlege lutane av Vestlandet. Dei sigla til Spania og bytte trelasta mot salt, medan det meste av tømmeret frå Austlandet gjekk til Nederland.

I 1603 var det registrert 10 sager i Sogn. Dei skogrike bygdene kring Dalsfjorden sytte for virke til m.a. store oppgangssager i Osen i Gaular og ved Flekkeelva, og jamvel på Svanøy vart det bygt demning slik at dei kunne samle vatn og drive ei oppgangssag der. I Gloppen vart det t.d. talt fire sager i 1563, og 14-15 tidleg på 1600-talet.

Olav T. Haukås og Georg Sleppen med bordstablar på Kaupanger Dampsag i 1931. Sagbruket vart øydelagt av brann i 1935. Foto: Johan Sleppen. Eigar: Georg Sleppen/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Olav T. Haukås og Georg Sleppen med bordstablar på Kaupanger Dampsag i 1931. Sagbruket vart øydelagt av brann i 1935. Foto: Johan Sleppen. Eigar: Georg Sleppen/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Kjøpmannsbord og leveringsplikt

Frå indre Sogn kjenner ein særleg til dei store sagbruka på godsa kring Kaupangerbukta og Frønningen, på Tingastad vest for Kaupanger, i Fresvik og i Ofredal ved Årdalsfjorden. Også i Kvamsøy og i Nessane låg det store oppgangssager frå gamalt av. Storsagene i Sogn vart storleverandørar av «kjøpmannsbord» og anna byggjevirke til Bergen.

I den tida då Årdal Koparverk var i drift i Årdalsfjella mellom 1702 og 1762, gjekk ein stor del av skogen i indre Sogn med til brennevirke i malmgruvene. I dei åra kopargruvene i Årdal vart drivne av Kongen, hadde skogeigande bønder i indre Sogn plikt til å levere ei viss mengde skogsvirke til grunene i Årdal.

Lærdalsøyri på 1880-talet. Som vi ser var det smått med skog på den tida. Foto: A. B. Wilse. Eigar: Norsk Folkemuséum.

Lærdalsøyri på 1880-talet. Som vi ser var det smått med skog på den tida. Foto: A. B. Wilse. Eigar: Norsk Folkemuséum.

Snaua bort skogen

Utanom vanleg skogsvirke frå furu, vart fururøtene brotne opp og nytta til produksjon av tjøre og trekol som m.a. vart godt betalt på marknaden i Bergen.

Lauvvirket vart i hovudsak brukt til brenneved, reisverk (skykkja) og sperrer og tro på enkle uthus i tun og ved sjø. Av hasselteinar smidde ein tønneband. Hardved vart også nytta til bygging av hjul, vogner, sledar og plogar, og reiskap som river, skaft o.s.b.

Med tida vart skogen så uthoggen at bygdefolket måtte hente brenneved frå skogsteigar heilt oppe under tregrensa. Denne fjellskogen vart hoggen og køyrd til gards på godt sledeføre om vintrane, slik ein også gjorde med høyet frå utslåttene.

På gamle fotografi frå kring 1900 kan ein sjå at heimeliene ovanfor gardane ofte var heilt snaua for skog før nye granplantefelt tok til å kle landet på nytt.

Skuleelevar frå Kirkhorn skule i Hornindal på skogplanting i 1914 saman med vikarlæraren, Olav T. Leivdal. Foto: Rasmus S. Kirkhorn. Eigar: Gunnhild Humborstad/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Skuleelevar frå Kirkhorn skule i Hornindal på skogplanting i 1914 saman med vikarlæraren, Olav T. Leivdal. Foto: Rasmus S. Kirkhorn. Eigar: Gunnhild Humborstad/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Skogreising ein lekk i nasjonsbygginga

Frå midten av 1800-talet fekk Noreg fleire ideelle organisasjonar som kvar på sitt vis vart ein del av det store prosjektet: Nasjonsbygginga. Nokre av dei som stod tydelegast fram og fekk størst oppslutnad, var «skyttarsaka» og «skogreisingssaka». Den eine, skyttarsaka, kunne skape grunnstammen i eit nasjonalt landvern med våpenføre menn dersom det vart trong for det i frigjeringskampen.

Den andre, skogreisingssaka, skulle kle landet og skape velstand i Bygde-Noreg.

Skyttarsak og skogreising hand i hand

I mange lag gjekk desse «rørslene» hand i hand: Då den idealistiske bergensaren Jens RolvssonJens Rolvsson kom til Dalsfjorden og starta «Bondehøgskulen» sin i 1871, fekk han også skipa Norskelaget i Holmedal. Dette tok opp både skogplanting og skyteøvingar som aktivitetar. Det same var tilfelle med mange av dei første frilynde ungdomslaga som vart skipa kring 1900.

På dette biletet ser vi granskogen som har vokse på Fjærestad. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

På dette biletet ser vi granskogen som har vokse på Fjærestad. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

”Fingerpek til Vorherre”

I Balestrand hadde futen Johan Widing Heiberg Landmark planteskule på Askelund i 1860-åra, og han fekk planta ut ein del tre i utmarka over Fjærestad. Han skal ha delt ut plantar til skuleborn og sagt om dei små trea: ”De er som et fingerpek til Vorherre”. Ei anekdote i Balestrand frå tida til Landmark fortel at når det var dugnad på futegarden så kunne folk velje om dei ville ha dram eller granplantar for jobben. Slik kunne ein i lang tid etter sjå i liane kven som valde dram og kven som valde granplantar.

Då bilen gjorde sitt inntog vart tømmertransporten lettare, sjølv om dei første bilane ikkje akkurat var spesialbygde for slik transport. Dette er ein Chevrolet frå Kjøs Auto på veg til Kongsviksaga med fire tømmerstokkar. Karane som poserer for fotografen er Rasmus M. Kjøs framfor bilen, Andreas Bøe heilt på toppen og Rasmus Sandnes. Ukjend fotograf. Eigar: Irene Bøe Pisani/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Då bilen gjorde sitt inntog vart tømmertransporten lettare, sjølv om dei første bilane ikkje akkurat var spesialbygde for slik transport. Dette er ein Chevrolet frå Kjøs Auto på veg til Kongsviksaga med fire tømmerstokkar. Karane som poserer for fotografen er Rasmus M. Kjøs framfor bilen, Andreas Bøe heilt på toppen og Rasmus Sandnes. Ukjend fotograf. Eigar: Irene Bøe Pisani/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Skogen - den nye levevegen?

Med skogplanting ville dei nye «nasjonsbyggjarane» ta heile landet i bruk: Ikkje berre ved skogplanting i tradisjonelle skogdistrikt på Aust- og Sørlandet og i Trøndelag, men også stupbratte fjordlier og karrige kyststrok på Vestlandet skulle kleast med drivverdig skog. Det som fanst av «gamalskog» i dette landskapet, var først og fremst furu. Men no var det den rasktveksande grana som skulle kle landet. Lerk vart også nytta i mindre målestokk.

Granskogen skulle verte den nye ressursen og hovudnæringa til Vestlands-bøndene, trudde mange idealistar og fagfolk: Så seint som på 1950-talet såg skogbrukssjefen i Sogn og Fjordane, Barthold Vonen, føre seg at ein gardbrukar på eit gjennomsnitts vestlandsbruk «årlig kunne tjene en industriarbeiders inntekt» berre på å drive ut eigen skog! - Den gongen låg lønene i industrien nærmare på det doble av det ein middels vestlandsgard kasta av seg.

Slike perspektiv var bakgrunnen for den storstilte utplantinga av granskog som starta på Vestlandet kring 1900, og der både ungdomslag, skulebarn og «skogplantingsforeningar» i byane tok del.

Fram til 1947 hadde t.d. medlemene i Noregs Ungdomslag planta ut 25 millionar skogplantar i Noreg, og skuleborna kring 70 millionar! I Sogn og Fjordane var det vanleg heilt fram på 1960-talet at dei eldste klassane i folkeskulen vart «utkommanderte» på ein eller to dagars skogplanting kvar vår.

På Kråkenesfjellet i Vågsøy finn vi dette skogholtet, eit resultat av arbeidet med å

På Kråkenesfjellet i Vågsøy finn vi dette skogholtet, eit resultat av arbeidet med å

Kle kysten!

Innsatsen var særleg stor i skogberre kyststrok. Eit merke som framleis er godt synleg etter desse pionérprosjekta, er dei såkalla «fredsskogfelta» som ein kan sjå oppetter liene fleire stader langs kysten.

Bergens skog- og træplantningsselskap var særleg aktive. I den jordfattige Solund kommune skreiv selskapet kontrakt på leige eller kjøp av høvelege plantefelt. Mykje av skogen som i dag finst i denne øykommunen, skriv seg frå aktiviteten til Bergens skog- og træplantningsselskap.

Granskog ved Solnes i Solund. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Granskog ved Solnes i Solund. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Også i Gulen leigde eller kjøpte Bergens skog- og træplantningsselskap parsellar for granplanting. Storholmen i Brandangersundet og fleire holmar kring Eivindvik vart tilplanta på denne tida.

I 1866 vart Hans Andreas Tanberg Gløersen (1836–1904) tilsett som forstmeister (skogmeister) i det nyskipa Vestlandske Forstmesterdistrikt som strekte seg heilt frå Lindesnes og nord til Møre. Han arbeidde mykje for å få skipa lokale «Træplantningsselskaber» som med teknisk rettleiing frå forstvesenet kunne få statsstøtte til skogplanting, særkeg i kyststroka.

Skogen på Storåsen i Florø har Florø Træplantingsselskab æra for. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Skogen på Storåsen i Florø har Florø Træplantingsselskab æra for. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

I Florø vart Florø Træplantingsselskab skipa i 1870. Det var dominert av dei «kondisjonerte» i den vesle kystbyen, og stod for tilplantinga av «byfjella» Litjeåsen og Storåsen. Særleg læraren og redaktøren Elias M. Hole gjorde ein stor innsats for «skogsaka» i Florø.

I skogkratta på Ersholmen ved Selje står ei minnestøtte over «potetpresten» Johan Daniel Stub Landmark som kring 1880 fekk planta ut heile den vesle holmen med gran, furu, lerk og fleire lauvtresortar.

Og i liene over Måløy er «Strand-skogen» eit varig minne etter idealisten og norskdomsmannen distriktlege Einar Strand, som for eiga rekning fekk planta ut 100.000 bartre på eigedomen sin!

Men korkje Strand sin innsats på Vågsøy eller fredsskogfelta i andre kystbygder vert i dag rekna som drivverdig skog:

Plantane vart i si tid sette med «eit hakkeskafts avstand», og korkje tynna eller stelte særleg mykje etterpå. Resultatet er tettplanta og misvaksne granfelt som no berre tener ei nytte: Å gje ly for den stendig aukane hjortestammen ute ved kysten.

«Strand-skogen» i lia over Sør-Vågsøy kyrkje på Sæternes i Måløy. Foto: Ottar Starheim, NRK.

«Strand-skogen» i lia over Sør-Vågsøy kyrkje på Sæternes i Måløy. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Skogbruket vert organisert

Det vart Nordre Bergenshus amts landhusholdningsselskap (sjå under Dei første landbruksorganisasjonane) – forløparen til Sogn og Fjordane Landbruksselskap – som frå midten av 1800-talet vart den viktigaste pådrivaren for auka skogplanting og skogsdrift i fylket. Landhusholdningsselskapet sende kunnige forstmenn på talarferd kringom i bygdene, og premierte bønder som hadde gjort ein særskilt innsats for «treplantning».

I 1875 løyvde landhusholdningsselskapet pengar for å sende interessert ungdom avgarde på kurs i skogplanting. Desse vart haldne kring Bergen. Ingen melde seg det første året, men i 1876 søkte 16, og sju fekk reise. På same vis som sokneselskapa (sjå artikkelen Distriktskommisjonar og sokneselskap under Dei første landbruksorganisasjonane) tidleg på 1800-talet delte ut hardføre kornsortar som himalayabygg til åkerbruket, så freista landhusholdningsselskapet seg på utdeling av granfrø og -plantar til dei som ville satse på skogplanting i utmarka.

Men det var først då dei lokale planteskulane kom i gang med dyrking av granplantar at det vart fart på den organiserte skogplantinga i Sogn og Fjordane. Pionéren var Arne Balvoll i Vik som starta planteskule i 1875, først for frukttre og bærbuskar, og som kom i gang med dyrking av granplantar kring 1900.

Tømmerhogst i Sagadalen i Årdal i 1937. Hjalmar Haugen (t.v.) og Egil Natvik tek ein pust i bakken. © Årdal Sogelag.

Tømmerhogst i Sagadalen i Årdal i 1937. Hjalmar Haugen (t.v.) og Egil Natvik tek ein pust i bakken. © Årdal Sogelag.

Sogn og Fjordane Skogselskap

Den einskildpersonen som likevel fekk mest å seie for skogsaka i Sogn og Fjordane på slutten av 1800-talet, vart styraren på Mo jordbruksskule i Førde, Martin Luther Storm. Han var styreformann i Nordre Bergenshus amts landhusholdningsselskap frå 1874 til 1885. Storm nytta kvart høve til å argumentere for auka skogreising: Mottoet hans var: «Der plogen ei kan gaa og ljaaen ei kan slaa, der bør et træ staa».

I 1895 vart skogbruket fastare organisert på nasjonalt plan ved at konsul Axel Heiberg fekk skipa Det norske Skogselskap. Dette avløyste organisasjonen Den norske Forstforening, og fekk etter kvart lokale skogselskap under seg i kvart fylke.

I 1896 sende landhusholdningsselskapet ut innbyding til skiping av eit skogplantingsselskap i Sogn og Fjordane, og dette laget fekk 200 medlemer frå starten. Skogplantingsselskapet arbeidde som sjølvstendig lag til 1902, då det gjekk inn i Bergens Skogselskap.

Sogn og Fjordane sitt samarbeid med Bergens Skogselskap varde til 1941 då Sogn og Fjordane Skogselskap vart skipa og fekk tilsette eigen fylkesskogsjef. På same vis som fylkeslandbruksselskapa har vore regionale forvaltningsorgan for tilskot og fagplanar for jord- og hagebruk, har fylkesskogselskapa hatt tilsvarande forvaltningsansvar for skogbruket med tildeling av midlar, skogplanting, avvirkingsplanar og bygging av skogsvegar, velteplassar, tømmerkaier o.s.b. Nede på kommuneplan er det heradsskogmeistrane som har vore forvaltningsorganet. I 1923 starta skogselskapet planteskule i Brandsøy i Flora. Planteskulen fekk hand om ein eigedom på 800 dekar og produserer skogsplantar for heile den nordlege luten av Vestlandet.

Brandsøy Planteskule. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Brandsøy Planteskule. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Eigne fabrikkar og sagbruk

I 1951 vart det sett ned ein Vestlands-komité som skulle få fart på skogbruket i landsdelen. Resultatet vart Vestlandske Skogeigarsamband som bygde den første og hittil einaste tremassefabrikken i Vadheim i 1959: Den heitte Vestlandske Treforedling A/S – VeTreFo (sjå Den mislukka cellulosefabrikken) i Vadheim, og skulle koke papirmasse på lauvtrevirke.

Tømmerkai på Stårheim i Eid. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Tømmerkai på Stårheim i Eid. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Men fabrikken sleit frå første stund og gjekk konkurs i 1971. I 1976 bygde Sogn og Fjordane Skogeigarlag eit stort sagbruk, Sunnfjord Sag AS i Osen i Gaular kommune.

Frå 1980-talet har skogeigarlaget fått bygd ei mengd utskipingskaier for sliptømmer kringom i fylket. Herfrå har sliptømmeret vorte frakta med lasteskip til ein cellulosefabrikk i Vestfold.

I 2008 gjekk skogeigarlaget i Sogn og Fjordane saman med skogeigarane i Hordaland og Rogaland i selskapet Vestskog AS. Vestskog har hovudkontor i Granvin, og med ein administrativ del som har kontor i Førde.

Mykje av skogen i Sogn og Fjordane er vanskeleg tilgjengeleg, og i enkelte tilfelle har helikopter vore i bruk for å få ut tømmeret.

Mykje av skogen i Sogn og Fjordane er vanskeleg tilgjengeleg, og i enkelte tilfelle har helikopter vore i bruk for å få ut tømmeret.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.02.2015