Hopp til innhold
X
Innhald

Sogn og Fjordane Bondekvinnelag

Lokale bondekvinnelag starta lenge før bondekvinnene organiserte seg i lands- og fylkeslag.

Lokale bondekvinnelag starta lenge før bondekvinnene organiserte seg i lands- og fylkeslag.

Dei første lokallaga kom i gang i Sande i Gaular og i Midtredalen i Naustdal i 1932. I 1933 vart det skipa bondekvinnelag i Horstad og Naustdal skulekrinsar i Naustdal kommune, i Førde og Vetlefjorden i Balestrand kommune. I 1936 kom lokale bondekvinnelag i Fuglsetfjorden på Høyanger sørside, Dalsøyra i Gulen og i Lærdal, og i 1938 i Gloppen og Breim.

Sogn og Fjordane Bondekvinnelag vart skipa i 1948 med Ingebjørg Ølnes frå Sogndal som første leiar. Både ho og den seinare fylkesleiaren Ambjørg Sælthun har vore leiarar i landsstyret i Norges Bondekvinnelag.

Norges Bygdekvinnelag

Organisasjonen bytte namn til Norges Bygdekvinnelag i 2002. Sidan hausten 2007 har Annie Bjørnarheim frå Skei i Jølster vore generalsekretær i Norges Bygdekvinnelag.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.02.2015