Hopp til innhold
X
Innhald

Sogn og Fjordane Fiskarkvinnelag

Amanda Igland tok initiativet til og var i mange år leiar av fiskarkvinnelaget.

Amanda Igland tok initiativet til og var i mange år leiar av fiskarkvinnelaget.

Det første fiskarkvinnelaget i Sogn og Fjordane vart starta i Batalden, men det er uvisst når det vart starta og kor lenge dette laget var i drift.

Det er også uvisst om dette laget var tidlegare ute enn det første dokumenterte fiskarkvinnelaget i landet; Damegruppen «Havglimt» som vart skipa i Kristiansund i 1947.

Norges Fiskarlags Kvinnelag vart skipa i 1953, og fylkeslaget av Norges Fiskarlags Kvinnelag i Sogn og Fjordane vart skipa i 1959 etter opptak frå Amanda Igland. Ho var leiar i fylkeslaget i mange år, og var også medskipar og leiar i landslaget i 11 år. I 1976 talde fiskarkvinnelaget i Sogn og Fjordane 11 aktive lokallag.

På 1980-talet gjorde fiskarkvinnelaga ein stor innsats i innsamling av kulturminne frå kysten. Medlemssvikt gjorde at Norges Fiskarkvinnelag vart lagt ned i 2006. May-Britt Bratseth frå Bremanger var den siste landsleiaren i laget.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.02.2015