Hopp til innhold
X
Innhald

Sogn og Fjordane Fiskarlag

Fiskebåtane ”Solbas” og ”Frøyabuen” ved kai i Kalvåg i Bremanger. Foto: Arild Nybø, NRK.

Fiskebåtane ”Solbas” og ”Frøyabuen” ved kai i Kalvåg i Bremanger. Foto: Arild Nybø, NRK.

Sogn og Fjordane Fiskarlag vart skipa i 1918. På nasjonalt plan vart den første interesseorganisasjonen for fiskarane skipa i 1879. Det var «Selskapet for de norske fiskeriers fremme» som vart skipa på eit møte i Bergen. Men så tidleg som i 1880 vart det første lokale interesselaget for fiskeria skipa i Florø:

Florø Fiskeriselskab (les meir om dette under Fiskerihistoria i Flora). Men dette lokallaget var først og fremst dominert av fiskekjøparar og fabrikkeigarar. Denne dominansen kom også til syne då Fiskeridirektoratet vart skipa i 1900 og fekk sitt eige rågjevande organ; Fiskerirådet. I rådet var Sogn og Fjordane representert med dei mektige fiskehandlarane Ulf Lem og Lars P. Lefdal frå Måløy.

Torskefiske på Bremangerpollen i 1920. Båten er MB Nansen, eigd av Alf og Kristoffer Torvanger. Ukjend fotograf. Eigar: Magnhild Hauge/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Torskefiske på Bremangerpollen i 1920. Båten er MB Nansen, eigd av Alf og Kristoffer Torvanger. Ukjend fotograf. Eigar: Magnhild Hauge/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

I Måløy vart det skipa eit lokalt fiskarlag i 1903. Dette var først og fremst eit lag som organiserte fiskarar som arbeidde på dei nye fiskeridampskipa som fleire lokale fiskeriselskap kjøpte på den tida ( Les meir om dette under Vågsøy kommune – Måløy vert fiskerisenter). Dette første fiskarlaget i Måløy har truleg vore i drift berre nokre få år. Selje Fiskeriforening som vart skipa i 1906, fekk derimot lengre levetid. Elles kom det på denne tida lokallag i Rognaldsvåg og Batalden i dåverande Kinn kommune (Flora), Nord-Vågsøy og Barmen i Selje kommune.

Sogn og Fjordane Fylkes Fiskerilag

Sogn og Fjordane Fylkes Fiskerilag – det som no heiter Sogn og Fjordane Fiskarlag – vart skipa den 28. oktober 1918 som eitt av dei første fylkeslaga i landet. I alt 13 lokallag sende utsendingar til skipingsmøtet. Sekretariatet vart lagt til Florø, men vart seinare flytta til Måløy. Saron Batalden frå Kinn vart vald til første formann.

Den landsomfemnande organisasjonen Norges Fiskarlag vart skipa i 1926. I mellomkrigstida auka talet på lokale fiskarlag sterkt, og i 1938 var 61 lokallag innmelde i fylkesfiskarlaget. Desse organiserte omlag 1800 fiskarar – det vil seie kring tredjeparten av alle registrerte fiskarar i Sogn og Fjordane. I 1946 hadde fiskarlaget 68 lokallag med 2700 medlemmer, d.v.s. halvparten av fiskarane i fylket.

Sogn og Fjordane Brisling- og Småsildfiskarlag vart skipa som ei eiga avdeling under fylkesfiskarlaget i 1934.

Utdanning og velferd prioritert

Utdanning og velferd prioritert

Fylkesfiskarlaget la dei første åra stor vekt på fagutdanning av fiskarar, og fekk skipa til kurs i motorlære og navigasjon og handsaming av fisk. I fiskesesongane sytte fiskarlaget for leserom og andre sosiale tiltak i fiskeværa.

Sogn og Fjordane Fiskarlag reiste som det første i landet, krav om skiping av eit eige fiskeridepartement.

Eitt av dei viktigaste tiltaka som Sogn og Fjordane Fiskarlag fekk sett i verk, var skipinga av Sogn og Fjordane Fiskesalslag i 1946, som i ein periode dreiv eigne mottakanlegg fleire stader langs kysten.

Samvirketanken stod sterkt

blant fiskarane i etterkrigstida, og fiskarane dreiv frå 1947 til konkurs 1952 også eigen slipp med 80-90 tilsette for vedlikehald av fiskebåtar i Stongfjorden: Stongfjordanleggene A/S).

Laget var også ein sterk pådrivar for å få Staten til å overta Fiskarfagskulen i Florø i Florø i 1947, ein skule som vart starta i 1921 etter opptak frå fiskarhovdingen Magnus Nilsson Seim. Fylkesfiskarlaget tok også initiativet til å skipe eit velferdshus i Lerwick på Shetland på slutten av 1950-talet. Det vart tilsett eigen velferdssekretær, og huset har sidan fungert som ei «sjømannskyrkje» for norske fiskarar som dreiv linefiske etter pigghå, lange og brosme kring Shetland, Rock All, Hebridane og Orknøyane.

Sjark ved kai på Raudeberg. Foto: Bjarne Eldevik.

Sjark ved kai på Raudeberg. Foto: Bjarne Eldevik.

Eigne «fiskarlister» ved vala

I etterkrigsåra vart det stilt det som på folkemunne vart kalla «fiskarlister» ved kommune- og stortingsvala: Det offisielle namnet på «fiskarlista» som vart stilt ved stortingsvalet i 1945 var «Sogn og Fjordane fiskar- og småbrukarparti», men nokon formell partiorganisasjonen stod ikkje bak.

Lista var sterkt kystdominert og hadde lærar og fiskelagssekretær Ola Moldnes frå Florø på topp. På dei neste plassane fann ein lensmann Alf Rosenlund, lærar Søren Randal og fiskar Alfred Høvik frå Måløy. Denne «fiskar- og kystlista» fekk god oppslutnad i kystkommunane, men låg likevel langt unna representantplass. Derimot gjorde «fiskarlistene» svært gode val i fleire kystkommunar ved kommunevala i 1947 og 1951, og fekk inn mange representantar i kommmunestyra.

Jarl Magne Silden vart vald til leiar i Sogn og Fjordane Fiskarlag i 2009. Foto: Vegar Erstad, NRK.

Jarl Magne Silden vart vald til leiar i Sogn og Fjordane Fiskarlag i 2009. Foto: Vegar Erstad, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.02.2015