Hopp til innhold
X
Innhald

Sogn og Fjordane forsøksring

I 2007 gjekk fem tidlegare regionale forsøksringar for jordbruket saman og skipa Forsøksringen Sogn og Fjordane. Forsøksringen driv rettleiing innan jord- og hagebrukskultur, byggteknisk planlegging, miljøplanlegging, rettleiing i økologisk landbruk, funksjonstesting av jordbruksreiskap og andre former for næringsutvikling.

Det fylkesomfemnande laget hadde frå starten 11 tilsette og kring 1800 medlemer.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.02.2015