Hopp til innhold
X
Innhald

Stor- og Vårsildlaget

Stor- og Vårsildlaget vart skipa i 1929 som ein samvirkeorganisasjon for sildefiskarane frå Stad og sørover. Fiskarane nord for Stad hadde i 1927 organisert seg i tvillingorganiasjonen Storsildlaget. Desse organisasjonane tok seg av førstehandsal av sild og brisling. Dei to laga vart i 1936 slegne saman til Noregs Sildesalsag.

Saman med Staten og bergensfirmaet S. Bartz-Johannessen vart Noreg Sildesalslag deleigarar i den flytande sildoljefabrikken «Clupea» som på 1950-talet var stasjonert i Clupeahamn ved Smørhamn på Bremangerøya og i Vågsvåg eller ved Måløy.

Sildefiskarane organiserte seg også i Sildefiskernes Fabrikkslag som bygde fleire store sildoljefabrikkar langs kysten frå Egersund i sør til Vadsø i nord. Ein av dei største var sildoljefabrikken i Gunhildvågen i Florø som laget bygde i 1953 og som var i drift til 1981.

Sildoljefabrikken i Gunhildvågen i Florø på 1960-talet. I dag ligg fiskeforfabrikken EWOS der

Sildoljefabrikken i Gunhildvågen i Florø på 1960-talet. I dag ligg fiskeforfabrikken EWOS der

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.02.2015