Hopp til innhold
X
Innhald

Storféavl i Sogn og Fjordane

Kyr på beite i Lærdal med Stødnafossen i bakgrunnen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kyr på beite i Lærdal med Stødnafossen i bakgrunnen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Frå den tida kyrne vart mjølka for hand og gjerne utandørs.

Frå den tida kyrne vart mjølka for hand og gjerne utandørs.

Idéane om at ein gjennom import av nye dyrerasar og målretta avl kunne auke avdråtten på husdyrhaldet, tok til å få feste i norsk jordbruk midt på 1800-talet.

Føregangsmennene var opplyste embetsmenn og velståande godseigarar. Slik var det også i Sogn og Fjordane.

Import av avlsdyr

Både for storfé- og småféhaldet vart løysinga den første tida å importere nye og foredla rasar frå utlandet og antan avle på dei som eigen rase, eller å blande dei med lokale férasar. Noko av det første Nordre Bergenhus amts landhusholdningsselskab gjorde etter skipinga i 1857, var å engasjere ein fjøsrøktar frå Sveits, G. Frich, som skulle arbeide som omreisande lærar i moderne fjøsstell i fylket. Sveitsiske fjøsrøktarar vart nytta som lærarar også andre stader i Noreg på den tida. Difor har profesjonen som fjøsrøktar ofte vorte kalla «sveitsar» her i landet.

Sveitsaren fekk hyven

Men det skulle vise seg at interessa for ny kunnskap om fjøsdrift mildt sagt var laber mellom vanlege bønder i Sogn og Fjordane: Berre nokre få gardbrukarar i Aurland melde seg interesserte. Men opphaldet til G. Frich i Aurland vart kortvarig: Sveitsaren kom i klammeri med myndige budeier som slett ikkje ville la seg fortelje frå ein importert betrevitar korleis dei skulle stelle fjøs og ku! Dei fraus han kort og godt ut.

Landhusholdningsselskabet gjorde deretter ein mislukka freistnad på å plassere Frich i Sogndal. Men det gjekk ikkje betre der. No hadde Frich fått nok og bad seg løyst frå kontrakten. Det vart han, og han reiste heim til Sveits.

Smørkinning i Hornindal. Foto: Tordis Lødøen.

Smørkinning i Hornindal. Foto: Tordis Lødøen.

Og Landhusholdningsselskabet kunne berre slå fast at «Administrationen maa med Beklagelse erkjende, at Distriktet endnu ikke er modent for en saadan Foranstaltning som Schweitzeres Hidkaldelse».

Vandrelærarar

Frå 1879 vart det gjennomført ei ordning med jordbruksskuleutdanna agronomar som omreisande lærarar i fjøsstell. Dei første åra var det fem slike vandrelærar på reise i fylket.

I åra frå 1905 til 1914 vart det med støtte frå Selskapet for Norges Vel skipa til budeieskule hjå gardbrukar Jens Engebø i Holmedal. Kursa var først på eit halvt år, seinare redusert til to månader, med seks elevar i kvart kull.

Frå 1946 vart det skipa til kortvarige fjøsrøktarkurs fleire stader i fylket. Fram til 1955 vart det gjenomført 100 slike kurs med i alt 1142 elevar. Noko av det bøndene fekk lære på desse kursa på 1950-talet, var korleis dei skulle bruke mjølkemaskinene, som var nye på den tida.

Vestlandsk fjordfe.

Vestlandsk fjordfe.

Fésjå og svelteforing

I Sogn og Fjordane som i landet elles, var det i eldre tider ei mengd lokale kurasar. Her fanst både Nordfjord-fé, Sunnfjord-fé, svart kollete Sunnfjord-fé, Sogne-fé og vestlandsk kystfé.

Det første dyresjået i Sogn og Fjordane vart halde på Faleide ved Stryn i 1859. Der vart det stilt 19 oksar, 77 kyr og 12 kviger. Seinare same året vart det halde storfésjå på Sande i Gaular og på Viksøyri.

Året etter ville ein av praktiske grunnar skipe til fésjå om våren, men det viste seg at dyra jamnt over var så sveltefora at dei ikkje kunne stillast. Dette var grunnen til at det i ettertida vart vanleg å halde dyresjåa om hausten når kyr og småfé kom velfødde ned frå fjellbeita.

Den første fylkesomfemnande storféutstillinga vart skipa til i Sogndal i 1874. Denne utstillinga var ei stormønstring av både hest, storfé og sau, og landbruksprodukt som smør, gamalost og geitost. Det vart også stilt ut og premiert jordbruksreiskap som plogar, horver, treskemaskiner, hakkemaskiner og andre jordbruksreiskap produsert av lokale produsentar. Slike stormønstringar for heile fylket vart sidan ei årviss hending som veksla utstillingsstad mellom dei tre fogderia. Desse store jordbruksutstillingane vart etter kvart supplert med jord- og hageprodukt og husflid.

Frå 1899 til 1906 heldt statsutstillinga for storfé til i Gloppen. Sidan veksla Førde, Askvoll og ein vekslande stad i Sogn om å vere utstillingsplass.

Frå eit fesjå i Storehagen på 1920-talet. Foto: Olai Fauske. © Fylkesarkivet.

Frå eit fesjå i Storehagen på 1920-talet. Foto: Olai Fauske. © Fylkesarkivet.

Fjøssjå tilpassa gardkonene

I 1868 kom ordninga med fjøssjå, der omreisande fylkesagronomar kunne gje råd og rettleiing om foring, reinhald og innreiing av fjøsane. Det første fjøssjået vart halde i Hornindal. Fjøssjåa vart skipa til for ei bygd eller kommune, og omfatta heile besetninga på dei gardane som melde seg på. Dette skulle vise seg å verte eit meir kløktig knep enn fjøsrøktarar frå Sveits for å få innført meir moderne metodar for husdyrrøkt og betre avdrott: No vart god foring og reinsemd premiert med sølvsaker. Gode budeier fekk også premie, og det vart m.a. delt ut ekstrapremie for praktisk innreiing av uthusa og godt førde mjølkerekneskap.

Men det viktigaste av alt: Medan dei store fésjåa først og fremst var ei sak for mennene på garden, vart fjøssjåa ein stad der fylkesagronomane fekk møte dei som hadde det daglege ansvaret for fjøsstell og røkt – nemleg kvinnene på garden. Dermed vart ikkje dei nye idéeane om betre fjøsstell «spilt vekk» på karar på kurs, men kom direkte fram til budeia i fjøset. Og gjorde ho arbeidet sitt bra, fekk ho ei sølvskei attpå til! Ordninga med fjøssjå heldt seg heilt fram til 1910.

Okse av gamalt nordfjordfe.

Okse av gamalt nordfjordfe.

Ku av gamalt sunnfjordfe.

Ku av gamalt sunnfjordfe.

Ku av raudt sognefe.

Ku av raudt sognefe.

Avlsdyrimport ingen suksess

I 1861 vart det kjøpt inn ein fullrasa og ein halvblods okse av rasen ayrshire som vart sett i avl på stasjonar i Hornindal og Vik. I 1864 vart ein halvblods okse plassert i Jølster. Men interessa for ayrshire tapte seg fort, truleg fordi den storvaksne kurasen kravde meir fór enn det lokale féet. Ein av dei som arbeidde aktivt imot ayrshirerasen, var fylkeagronom Ellend Eide.

I staden satsa ein midt på 1870-talet på avlsstasjonar for gode oksar av lokale storférasar, særleg det vestlandske kystféet. I indre Sogn førte ein også inn avlsdyr frå telemarksrasen. Men det 19. hundreåret ebba likevel ut utan at det det hadde blitt skikkeleg fart i avlsarbeidet for storfé. Dei statsfinansierte avlsstasjonane for både telemarksfé og vestlandsfé i fylket vart lagde ned etter få års drift.

I 1889 løyde Stortinget tilskot til kjøp av stamdyr for storfé og småfé. Dette gav dei lokale avlslaga økonomi til å skaffe seg skikkelege avlsdyr. I 1894 freista dei med lokale marknader for sal av avlsdyr i Stryn, på Sandane og i Askvoll utan den store suksessen. Same året vart det innført særskilde oksesjå og kåring av stamkyr kringom i bygdene.

Synnøve Herstad i Høydal i Flora har satsa på vestlandsk fjordfe. Foto: NRK.

Synnøve Herstad i Høydal i Flora har satsa på vestlandsk fjordfe. Foto: NRK.

Pengepremiar og sølvpokalar

I 1898 innførte Landbruksdirektøren såkalla utvalssjå eller bygdefésjå med pene pengepremiar og sølvpokalar for gode dyr, og springpengar for å bruke dei beste oksane. Halvparten av springpengane vart betalte av Staten. I 1901 vart denne ordninga for første gong prøvd ved fésjå i Vik, Holsen, og Oppstryn, og året etter i Lærdal, Jølster og Eid, men økonomien i ordninga var for usikker til at den vart nokon suksess i Sogn og Fjordane.

I staden valde Sogn og Fjordane Landbruksselskap å skipe til bygdefésjå der selskapet også bar utgiftene med pengepremiar; 10 kroner for 1. premie, åtte kroner for 2. premie og fem kroner for 3. premie. Samstundes vart det vedteke at fylket skulle ta heile utgiftene til springpengar for bruk av premierete og godkjende avlsoksar.

Når fórvertane for avloksane dessutan fekk fortilskot frå Staten, vart det økonomi nok til at det på kort tid skipa oksehaldslag i mest alle bygder i Sogn og Fjordane. Ordninga med såkalla springsetlar varde heilt til 1953, då også dei så kalla utvalssjåa vart avvikla.

Tidleg på 1900-talet starta arbeidet med stambokføring av dei beste avlsdyra, men det tok lang tid før arbeidet viste att: Først i 1928 kom det ut ei stambok for alle oksar av Vestlandsk fjordfé i Sogn og Fjordane. Der var arvelinene til alle stamoksar heilt tilbake til kring 1890 kartlagde.

I 1955 vart det også innført avkomstgransking av oksar.

Fjøskontrollørane hadde mellom anna som oppgåve å sjå til at mjølka vart produsert under hygieniske tilhøve. Slik skulle ikkje dyra sjå ut. Foto: Mattilsynet.

Fjøskontrollørane hadde mellom anna som oppgåve å sjå til at mjølka vart produsert under hygieniske tilhøve. Slik skulle ikkje dyra sjå ut. Foto: Mattilsynet.

Fjøskontrollen

Eit grunnleggjande tiltak for betre fjøsstell og storféavl har vore fjøskontrollen. Fjøskontrollen vart, som nemnt ovanfor, innført i Noreg i 1898 med dei såkalla fjøssjåa der bøndene fekk råd og rettleiing om rett fóring og avl. Med fjøskontrollen skulle det førast nøye rekneskap med fórmengde og avdrott for kvar ku.

I dag blir det lagt stor vekt på at kyrne skal ha det reint og fint rundt seg.

I dag blir det lagt stor vekt på at kyrne skal ha det reint og fint rundt seg.

Det var omreisande fjøskontrollørar som gjorde arbeidet med veging og måling av feittinnhald i mjølka for kvar ku tre gonger årleg. Fjøskontrollørane i fylket vart frå 1923 utdanna på Mo jordbruksskule i Førde. Seinare fekk også bonden sjølv plikt til å vege og ta mjølkeprøvar ni gonger årleg i tillegg.

Då dei store sentralmeieria avløyste bygdemeieria etter 2. verdskrig, overtok meieria ansvaret for å administrere fjøskontrollen frå dei lokale fjøskontrollaga.

Kyr på beite i Breim. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kyr på beite i Breim. Foto: Ottar Starheim, NRK.

NRF - norsk raudt fe

NRF er i dag den heilt dominerande kurasen for kjøt- og mjølkeproduksjon i Noreg.

Arbeidet med å avle fram ei norsk «superku» starta på 1930-talet. NRF-rasen er basert på hedemarksféet, men innkryssingar av både sør- og vestlandsfé, dølafé, telemarksfé, rødt trønderfé, sidan trønderfé, østlands raudkollefé, nordlandsfé og målselvfé. Også fleire utanlandske férasar er blanda inn, særleg ayrshirefé (som ein gjorde importforsøk med m.a. til Sogn og Fjordane på 1860-talet – sjå ovanfor) og svensk raud og kvit-buskap (SRB).

På 1970-talet kom det også inn gener frå holstein-frisisk fé. Denne blandinga gjer at NRF-dyr kan vere både svarte, svart-kvite, heilt raude eller raud-kvite.

Oksestasjonane (seminstasjonane) for NRF ligg på Stange og ved Trondheim. 95 prosent av all storféavl i Noreg vert i dag gjort med NRF-sæd. På 1990-talet vart det sett i gang eit meir målmedvete arbeid for å sikre at det som framleis fanst att av dei opphavelge, lokale kurasane ikkje vart tekne vare på.

Færre mjølkebruk

Dei siste åra har talet på mjølkebruk minka ein god del i Sogn og Fjordane, mange har selt mjølkekvoten sin. I 2011 var det 1056 mjølkebruk i fylket. Talet på mjølkekyr har ikkje minka tilsvarande. Pr. 1.1. 2011 var det 17.269 mjølkekyr i fylket, til saman var det 52.627 storfe.

NRF-ku.

NRF-ku.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.02.2015