Hopp til innhold
X
Innhald

Svineavl i Sogn og Fjordane

Smågrisar i eit moderne grisefjøs. Foto: Steinar Lote, NRK.

Smågrisar i eit moderne grisefjøs. Foto: Steinar Lote, NRK.

Dei første forsøka med ein målretta svineavl i Sogn og Fjordane vart gjort i 1864 då statskonsulent Johan Lindequist reiste til England og kjøpte inn nokre par av rasane Berkshiresvin og Prins-Albertsvin.

Desse avlsdyra vart her i fylket sette i stasjon i Vik, Førde og Gloppen. Det viste seg etter kort tid at Prins-Albertsvina både vaks seint og var dårlege beitedyr. Difor kvitta ein seg med desse, og brukte ei tid Berkshiresvina til kryssing med dei lokale svinerasane.

I 1878 gjorde ein freistnad på kjøp av smågris frå Austlandet, men transporten vart for kostbar og komplisert i ei tid utan jernbane og bilar.

Avlsstasjonar

Det var først då Stortinget frå 1898 tok til å yte økonomisk støtte at det vart skipa avlsstasjonar, ein for norsk landsvin og ein med rasen yorkshire. I 1899 vart den første avlsstasjonen for yorkshiresvin starta hjå gardbrukar Hans I. Melheim i Olden. I 1905 kom den første avlsstasjonen for norsk landsvin hjå gardbrukar Lars Gjerde i Balestrand. I 1927 kutta fylket ut tilskota til avlsstasjonane, som vart lagde ned. I mellomkrigstida var det vanleg at landbruksskulane i fylket dreiv stort oppal og sal av smågris, og ved alle dei tre landbruksskulane vart det skipa avlsstasjonar for rasen landsvin.

Her blir kniven brynt før parteringa av grisen tek til. Det var griseslakt på mange gardar til seint på 1900-talet.

Her blir kniven brynt før parteringa av grisen tek til. Det var griseslakt på mange gardar til seint på 1900-talet.

Spesialisering

Med omleggjinga av jordbruket på slutten av 1900-talet vart svinehaldet sterkt spesialisert. Det gamle mønsteret med to-tre grisar og purke på kvar gard vart avløyst av store produksjonsanlegg som kan levere fleire hundre slaktegris årleg. Smågrisproduksjonen er også spesialisert.

Norsk Svineavlslag, Norsvin, vart skipa på Hamar i 1958 som interesseorganisasjon for svineprodusentar i Noreg. I 1997 hadde organisasjonen 3900 medlemmer. Norsvin tek seg av alt avlsarbeidet i landet, og har stor eksport av avlsmateriale til USA, Australia og Aust-Asia.

Grisar på sin siste tur - frå dyretransporten og inn i slakteriet på Reset i Førde. Foto frå tv-reportasje: Heidi Lise Bakke, NRK.

Grisar på sin siste tur - frå dyretransporten og inn i slakteriet på Reset i Førde. Foto frå tv-reportasje: Heidi Lise Bakke, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.02.2015