Hopp til innhold
X
Innhald

Tilskotsordningane har styrt utviklinga

Heilt frå starten av dei ulike produksjons- og salsledda i jorbrukssamyrket, har den lokale strukturen i stor mon vorte styrt av statlege tilskotsordningar: Desse har fungert som gulrot m.a. for å få bøndene til å samle seg om stendig større slakteri- og meierieiningar.

Dei første ti-åra var desse tilskota den fremste stimulansen for å få bygt produksjonsanlegg. Seinare, når det vart snakk om sentralisering og nedlegging, skapte bruken av tilskotsordningane store konfliktar - ikkje minst mellom lokale bondelag og sentral-leiinga i deira eigne organisasjonar.

Skapte strid

På 1980-og 1990-talet skapte såleis den hardhendte sentraliseringspolitikken til dei som sat på tilskotssekken mykje strid - spesielt kring storslakteriet i Førde (Vestlandske Salslag i Førde) og sentralmeieriet på Byrkjelo - sjå: Meieristrid og bygdespenningar.

Les meir om: Bondesamyrket på Vestlandet

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 17.02.2009