Hopp til innhold
X
Innhald

Vestlandsbøndene organiserer seg

Industrialiseringa og den sterke folkeauken i dei norske byane i siste halvdel av 1800-talet, gjorde det naudsynt for bøndene å organisere seg i samyrkelag som kunne samordne leveransane av jorbruksprodukt til byane, og samstundes sikre bøndene stabile prisar og trygge oppgjersformer.

Før bondesamyrket tok på seg desse oppgåvene, hadde bøndene ordna dette kvar for seg med eigne kontakter i byen. Dette førte til at dei vart prisgjevne bykjøpmannen sine handelsvilkår på godt og vondt.

Fekk dårleg pris

Resultatet var oftast dårleg pris på kjøt og mjølkeprodukt, medan kjøpmannen visste å ta seg godt betalt når han selde landbruksmaskiner, såkorn, kunstgjødsel og andre varer som bonden måtte kjøpe den andre vegen.

Bundne av krita

På same vis som for fiskarane sitt tilhøve til Bergens-kremmarane, måtte mykje av maskinhandelen gå føre seg på krita. Dermed vart bøndene endå meir bundne til kjøpmannen sine salsvilkår og prissetjing. Eigne omsetningslag og kjøpelag etter samyrkemodellen skulle få bukt med dette uvesenet.

Skaut fart med bondelag

På landsbasis vart det skikkeleg fart i bondesamyrket etter at Fjaler-mannen Theodor Landmark fekk skipa Norsk Landmannsforbund (seinare Norges Bondelag) i 1896.

Les om: Bondesamyrket på Vestlandet

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.02.2015