Hopp til innhold
X
Innhald

Arbeidstilsynet

Frå ei arbeidsulukke i Vågsøy. Arbeidstilsynet rykkjer ut når det er arbeidsulukker med personskade.

Frå ei arbeidsulukke i Vågsøy. Arbeidstilsynet rykkjer ut når det er arbeidsulukker med personskade.

Det første tilsynet på norske arbeidsplassar for å sikre betre arbeidsvilkår og tryggleik for dei tilsette kom i 1892 då det såkalla Fabrikktilsynet vart skipa. Før den tid fanst det berre ein del spreidde og meir tilfeldige reglar for t.d. tenestefolk, leiglendingar, husmenn osb.

Nye lover

Den første omfattande lova var Arbeidarvernlova i 1956, og denne vart avløyst i 1977 av den mykje meir omfattande Arbeidsmiljølova. Det er denne som i dag er grunnlaget for Arbeidstilsynet si verksemd.

Laga lokalavdelingar

Organiseringa av det lokale arbeidstilsynet starta nokre år før Arbeidsmiljølova kom, og lokalavdelinga vart bygt opp frå nord mot sør. Såleis høyrde Sogn og Fjordane frå 1975 under 9. distrikt som hadde kontor i Ålesund.

Lokale inspektørar

Dei første lokale inspektørane kom på plass på Nordfjordeid og i Førde i 1975, og i 1976 kom det inspektørar i Høyanger og Hermansverk. Då dei tilsette inspektørane i Høyanger og Hermansverk slutta, vart avdelingane der lagde ned og stillingane flytta til Førde. Dette kontoret sorterer under 8. distrikt med hovudkontor i Bergen, medan kontoret på Nordfjordeid med sine to tilsette sorterer under 9. distrikt med hovudkontor i Ålesund.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.02.2015