Hopp til innhold
X
Innhald

Dei første styreformene og fogderia

Frå Gulatingstemnet i 1938. Mannen i framgrunnen spelar rolla til lovseiemannen. Foto: P. R. Sandal. © Fylkesarkivet.

Frå Gulatingstemnet i 1938. Mannen i framgrunnen spelar rolla til lovseiemannen. Foto: P. R. Sandal. © Fylkesarkivet.

Den første styreforma

Den første styreforma

I Gulatingslovene som tok form frå vikingtida (800-1000 e. Kr.) og utover, vart landskapa på Vestlandet delt inn i «fylke»: Firdafylket (Fjordane), Sygnafylket (Sogn, Haurda- eller Hordafylket (Hordaland) og Rygjafylke (Rogaland/Ryfylke).

Fram til rikssamlinga i 885 var det lokale småkongar som rådde i dei ulike «fylka». Då Harald Hårfagre starta samlinga av Noreg til eitt kongerike, tok han svært sannsynleg utgangspunkt i Sogn.

Ein reknar med at han medvite brukte Gulating-samlinga som ein viktig styringsreiskap for å skaffe seg kontroll over småhersane på Vestlandet. Sogn og Fjordane fylke valde i år 2000 Gulatingstaden i Flolid som «tusenårsstad» - sjå: Gulatinget.

Sysler og len

Dei norske kongane nytta i den første tida jarlar i den lokale fylkesstyringa. Landet vart seinare delt inn i sysler der kongens sysselmenn rådde. Grensene for sysla kunne skifte frå tid til tid alt etter kven som styrde, og kor store privilegier kongen tildelte den einskilde sysselmann.

Sidan vart lokalstyret delt inn i len der lensherrane styrde. Dette lensystemet var også gjeldande langt inn i dansketida. Då fekk ein inndeling i hovudlen, underlen og fogderi (futedøme). I mykje av dansketida høyrde det som no er Sogn og Fjordane under lensherren på Bergenhus. Lensdelinga varde til den vart avløyst av ordninga med amt – også kalla stiftsamt (sjå nedanfor).

- Les også den merkelege historia om Dale prestegjeld i Luster som vart skilt ut som eige len frå 1565 til 1614 med eigen lensherre og illgjetna futar. Også Årdal og Lærdal høyrde truleg under Dale len. (Sjå Luster kommune, artikkelen: Dale var eige len og futedøme).

Tyge Brahe var lensherre i Nordfjord utan at han nokon gong sette sin fot der

Tyge Brahe var lensherre i Nordfjord utan at han nokon gong sette sin fot der

Nordfjord tilhøyrde Tyge Brahe

Nordfjord spela ein spesiell rolle i den tidlegaste forskinga i det dansk-norske riket. På slutten av 1500-talet vart nemleg Nordfjord skilt ut som eige len for å finansiere forskinga til den kjende astronomen Tyge Brahe (1546–1601).

Tyge Brahe – også skrive Tycho Brahe – var dansk adelsmann til Knudstrup i Skåne. Han dreiv granskingar av stjernehimmelen frå eit observatorium på Uranienborg. Som ei ekstra påskjøning for dette arbeidet skilde kong Fredrik II (1534–1588) i 1578 ut Nordfjord som eige len frå Bergenhus og sette Tyge Brahe inn som lensherre for Nordfjord. Brahe var aldri i Nordfjord sjølv, men kunne kassere inn inntektene derifrå for å drive vitskapeleg arbeid.

I fleire rundar stridde Tyge Brahe med lensherre Hans Lindenov på Bergenhus om kven som hadde retten til inntektene frå Nordfjord. I 1586 tok kongen lena frå lensherrane for å nytte inntektene derifrå til å ruste opp marinen. Men som vederlag for tapet av Nordfjord len fekk Tyge Brahe løyve til å kassere inn 400 dalar årleg av Øresund-tollen.

I 1588 døydde kong Fredrik II, og sonen Christian IV (1577–1648) vart innsett som konge berre 12 år gamal. Året etter - i 1589 - fekk Tyge Brahe på nytt råderetten over Nordfjord len. Denne ordninga varde til 1596, då Christian IV igjen la Nordfjord under Bergenhus len. Tyge Brahe var kjend for å drive hardstyre i lena sine, og miste samstundes med Nordfjord også inntektene frå andre len som han hadde råderett over.

- Sjå elles artikkelen «Nordfjord og Sunnmøre var eige fylke» nedanfor.

Fylkesgrensa endra i sør

Dagens fylkesgrenser for Sogn og Fjordane fylgjer i forbausande stor grad dei same yttergrensene som galdt for Firdafylket og Sygnafylket i norrøn tid – men med to unntak i sør:

Dette biletet er teke frå vegen til Dinjga i Gulen, like sør for Dingeneset, som fram til 1773 var fylkesgrensa mot Hordaland. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Dette biletet er teke frå vegen til Dinjga i Gulen, like sør for Dingeneset, som fram til 1773 var fylkesgrensa mot Hordaland. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Fram til 1773 gjekk grensa mot Hordaland fylke ved Dingeneset like ved innløpet til Sognefjorden, medan bygda Oppheim i Voss kommune høyrde til Sogn. Den tida Gulatinget var i funksjon (ca. fram til 1300), låg altså tingstaden i Gulen i Haurdafylket (Hordaland).

Mot Møre har grensa til Firdafylket - og dermed Sogn og Fjordane - vore den same som no, sjølv om Sunnmøre heilt fram til 1983 høyrde til Bjørgvin bispedøme. Mot aust er det høgfjella som frå urgamal tid har sett klåre grenseskilje mellom aust- og vestlandsfylka. På dette viset var det fjord og sjø som var den viktigaste ferdslevegen, og høgfjella som stengde mot aust, som la premissane for korleis både statleg og kyrkjeleg styringsverk på Vestlandet har vorte organisert.

Men ingen regel utan unnatak: Sjølv om både kyrkjeadministrasjon og embetsverket med futar, sorenskrivarar og militære i hovudsak organiserte seg etter fjordlandskapa i Sogn og Fjordane, så fekk vi eit kortvarig avvik frå denne «regelen» på slutten av 1600-talet: Nordfjord og Sunnmøre amt.

Kart over Nordfjord, teikna av Hans Michael Seehusen i 1761, då han gav ut skriftet ”Nordfjord Herred”.

Kart over Nordfjord, teikna av Hans Michael Seehusen i 1761, då han gav ut skriftet ”Nordfjord Herred”.

Nordfjord og Sunnmøre var eige «fylke»

Grensedelinga i det dansk/norske forvaltningsapparatet både når det galdt len, amt og futedøme kunne nemleg vere svært føyeleg i einevaldstida dersom danskekongen fann det for godt å vise ein av sine innyndarar særskild gunst. Løna for dette kunne vere eit len, eit amt eller eit futedøme i provinsen. Og fanst det ikkje noko ledig, så skipa einevaldskongen eit nytt som høvde.

Såleis vart Nordfjord og Sunnmøre i ein kort periode - frå 1675 til 1680, eige amt - eller fylke! Amtmannen Christian Lindenov budde på Nordfjordeid. Han kom frå ei gamal og rik adelsætt i Danmark. Men nokre år før denne merkelege frådelinga, hadde Romsdals amt (Romsdal og Nordmøre) vorte oppretta, og Sunnmøre var lagt under dette frå 1671 og fram til det mellombelse «ekteskapet» med Nordfjord kom i stand i 1675.

Etter at Lindenov i fem år hadde rådd over sunnmøringar og nordfjordingar i sitt eige «lilliput»-fylke, fall han i unåde for hor og svir. Sunnmøre vart igjen lagt under Bergenhus Stiftsamt, fram til landskapet som no heiter Møre og Romsdal vart eige amt i 1689 (også i Møre og Romsdal skifta amtsgrenser og organisering mykje, heilt til det stabiliserte seg med noverande fylkesgrenser i 1704).

- Sjå elles artikkelen «Nordfjord tilhøyrde Tyge Brahe» ovanfor.

Frå Leikanger på Stadlandet ser vi nordaustover mot Møre og Romsdal. Fylkesgrensa går midt i Vanylvsfjorden. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Frå Leikanger på Stadlandet ser vi nordaustover mot Møre og Romsdal. Fylkesgrensa går midt i Vanylvsfjorden. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Bergenhus Stiftsamt

Ved innføringa av det kongelege eineveldet i 1660, vart den gamle inndelinga i len avløyst av amt. Desse vart oftast kalla stiftsamt fordi dei den første tida fylgde den kyrkjelege inndelinga med «stift» som var den vanlege nemninga på bispedøme. Her vestpå femnde bispedømet frå Rogalands-grensa i sør til og med Sunnmøre i nord, og nemninga var Bergenhus Stiftsamt med ein stiftsamtmann på toppen.

Denne ordninga vart formelt innført i 1662. Stiftsamtmannen og biskopen utgjorde den såkalla «stiftsdireksjonen» som m.a. hadde til oppgåve å forvalte kyrkjebygg, kyrkjegardar og veldedige stiftingar innan bispedømet. Ordninga med «stiftsdireksjon» varde heilt fram til 1997 då ei ny lov overførde dette forvaltningsansvaret til bispedømeråda, og noko av det til fylkesmennene.

Stiftet sterkt inne i skulestyringa

Men i eldre tider var oppgåvene til stiftsamtmannen langt vidare enn berre det som galdt kyrkja og kyrkjegods: I tida frå 1692 til 1918 var stiftsamtmannen den høgste embetsmannen i eit distrikt. Og sjølv om Sogn og Fjordane vart skilt ut som eige amt i 1763 og fekk eigen amtmann (fylkesmann frå 1919), så hang framleis «stiftet» som administrasjonsnivå igjen i lang tid etter frådelinga. Særleg galdt dette i skuleverket, som av tradisjon var nær knytt til den kyrkjelege inndelinga av landet i bispedøme og prestegjeld: Ved skulereforma i 1860 var det såleis stiftsamta - og ikkje fylka (amta) - som fekk eigen skuledirektør.

Heilt frå 1860 til 1961 hadde difor Sogn og Fjordane felles skuledirektør med Hordaland og Bergen. Skuledirektøren hadde det overordna tilsynsansvaret for alle skular innan stiftet, og skulle godkjenne alle kommunale og fylkeskommunale vedtak for skuleverket.

Vi kan mellom anna lese at skuledirektøren i Bergen rett som det var la seg opp i dei harde stridane som rasa kring 1900 om målforma i skulane i Sogn og Fjordane.

– Les meir om dette m.a. under Vik og Lærdal kommunar, der målstridane fekk nasjonale dimensjonar over seg.

Fogderia (futedøma)

Fogderia - eller futedøma - er nok mest kjende i Sogn og Fjordane fordi dei var opphavet til omgrepet «fogderistrid». I det meste av dansketida fylgde grensene for futedøma nemleg den naturlege delinga i fjordlandskapet: Nordfjord, Sunnfjord og Sogn.

Heilt frå det første fylkestinget kom saman i 1838 kunne ein merke sterke interessemotsetningar mellom dei tre «fogderia»: Ingen måtte forfordelast. Alle samfunnsgode måtte bytast likt antan det galdt skular, sjukehus, vegar eller båtruter. Og vart fylkestinget tvinga til å velje og prioritere, så vart det slagsmål. Difor lever omgrepa «fogderi» og «fogderistrid» i beste velgåande den dag i dag når ein skal setje merkelapp på politiske motsetningar og kappestrid mellom Sogn, Sunnfjord og Nordfjord.

Dei einaste stadane som ein med visse kan seie at det står att embetshus frå futetida er på Svanøy i Flora, Bruland i Førde, Alværa ved Lavik og Askelund i Balestrand kommune.

Futegarden på Bruland i Førde. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Futegarden på Bruland i Førde. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Under bispar og lensherrar

Forløparane til det kongelege «futeveldet» på Vestlandet frå 1500-talet og utover var Bjørgvin-bispen sine ombodsmenn som frå ca. 1200-talet m.a. hadde som oppgåve å krevje inn avgifter til bispestolen. Også dei lokale prestane hadde slike oppgåver.

Då dei kongeutnemnde lensherrane tok over i dansketida, nytta lensherrane i Bergen i den første tida omreisande futar som kravde inn skattar og utførde andre embetsoppgåver på reisa.

På desse reisene kunne futen og fylgjet hans te seg som reine valdsmenn og røvarar, og fleire gonger hende det at bøndene klaga åtferda inn for lensherren. Det gjorde ikkje klimaet betre at mange futar misbrukte embetet sitt til å grave til seg store jordeigedomar og kyrkjegods der dei styrde.

Mange segner om futedrap

Fleire stader i fylket finst segner om drap på forhatte futar, særleg etter at dei kom under kongens kommando. Då auka skattekrava ofte til det tidoble i høve til kva lensherrane på Bergenhus hadde kravd inn. Ei av desse segnene knyter seg til «Futespranget» over Helvetesfossen i Årøyelva i Sogndal. Etter at illsinte bønder hadde kjeppjaga futen frå Hafslo, fann han ikkje anna råd enn å freiste å hoppe over det smalaste punktet i Helvetesfossen i Årøyelva, men fall i fossen og drukna.

Også i Stryn går det segner om ein forhatt fut som søkte tilflukt på freda grunn i kyrkja når har var i bygda. Men ein gong måtte han ut, og med ein mann som vart kalla »Storkjeft-Ola» i brodden, nådde folkehopen att futen ved Risebrua og drap han.

Eit anna futedrap hende ved Moldreimsneset vest for Utvik, der liket av futen vart løynt i ei steinur.

Ein annan fut vart teken av dage på garden Heggdal i Innvik ved at han vart pressa mellom tingbordet og veggen. Bonden på Heggdal, Helje Bagge var med på drapet, og måtte løyne seg som fredlaus i «Baggehola» på nordsida av fjorden. Ei liknande segn om eit futedrap med eit tungt tingbord kjenner ein frå Breim. – Les meir om desse segnene og om andre brutale og tjuvaktive futar som Gjøde Pederssøn i Kaupanger og Simen Hansen i Alværa under dei einskilde kommunane der futar budde.

Føregangsmenn og folkeopplysarar

Men trass i mange misferder: Det må leggjast til at lokale futar, sorenskrivarar, offiserar og prestar – dei fleste med dansk eller mellomeuropeisk opphav – i mange hundre år var det einaste bindeleddet som mange bygder hadde med utanverda. Embetsmennene var også dei einaste som var boklærde og som henta impulsar utanfrå.

Difor var det oftast danskeveldet sine embetsmenn som bygde dei første oppgangssagene, bygde jekter og starta handel med Bergen, og som vart føregangsmenn i fruktavl, åkerbruk og jorddyrking kringom i bygdene. Dei innførde også nye byggeskikkar, klesdrakter og møbelmotar, og prydde ofte kyrkjene med importert kunst.

Futane vart Kongens menn

I 1596 gjekk futane over frå å vere tenarar for lensherrane til å verte reine kongelege embetsmenn – både som øvste leiar i det lokale styringsverket, og som Kongens sendemenn. Dette vart særleg tydeleg i regjeringstida til kong Christian IV frå 1588 til 1648. Då vart futane både påtalemakt og leiarar for bygdetinga, i tillegg til å vere skatteoppkrevarar.

Utanom den makta som prestane forvalta m.a. i fattigkommisjonar og i skulevesenet frå starten av dette kring 1740, så var det futen som var det viktigaste lokale styringsnivået nest etter stiftsamtmannen i Bergen Stiftsamt.

Då Nordre Bergenhus Amt vart skipa i 1763, overtok amtmannen i Sogn og Fjordane dei fleste av stiftsamtmannen i Bergen sine oppgåver, men ordninga med futar og «futedøme» varde heilt til 1898.

Fogderigrensene skifta mykje

Fogderigrensene kunne skifte mykje: Såleis var Sogn delvis samla under ein fut - delvis bytt mellom to eller fleire futar. Det same var tilfelle i Fjordane - med delvis samling, delvis skilje mellom Nordfjord og Sunnfjord.

Flesje i Balestrand var futesete. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Flesje i Balestrand var futesete. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Sogn futedøme vart delt

Sogn var heilt fram til 1630 styrt av futar som det meste av tida budde på storgardane i Sogndal: Først og fremst i Kaupanger og Stedje. Også gardane Fardal, Kvåle/Rutlin og Foss - alle i Sogndal - er nemnde som futegardar, men det er uvisst om futane budde der.

Hafslo skal ha vore buplass for ein forhatt fut som vart jaga i Helvetesfossen i Årøy. På gardane Fuhr, Talle, Flahamar og Røneid i Luster har det også budd futar, men nokre av dei som budde ved Lustrafjorden, var knytte til Dale len (sjå ovanfor) i den tida det eksisterte. Opplysningane om futar og futegardar i indre Sogn kan elles tyde på at det i desse bygdene samstundes kunne vere to futar som stod direkte i Kongens teneste.

Etter delinga i 1630 var gardane Målsnes og Flesje i Balestrand futesete den første tida. Seinare busette futen i ytre Sogn seg i Bjordal og deretter i Alværa i noverande Høyanger kommune, før Askelund i Balestrand vart bustad for Sogne-futen fram til ordninga vart avvikla i 1898.

Svanøy-futane store jordeigarar

I Sunnfjord var det Fure i Fjaler og Svanøy i Flora som var dei viktigaste futeseta, men også på Hafstad i Førde, Flekke i Fjaler, Askvoll og jamvel Sørbøvåg i Hyllestad har det budd Sunnfjord-futar. (Grensa mellom futedøma i Fjordane og Sogn gjekk tvers gjenom det som no er Hyllestad kommune: Heilt fram til Hyllestad vart skipa som eigen kommune i 1861, gjekk grensa mellom prestegjelda/futedøma mellom bygdene Leirvik og Hyllestad.) Det går også segner om at Sunnfjord-futen ei tid skal ha budd på Haugsbakk i Dale.

Frå 1789 og fram til 1898 var garden Bruland i Førde tilhaldsstad for futen i Fjordane.

Vestlandets rikaste på Fure?

I 1705 overtok Hans Nielsen Rue som fut på Fure, som han kjøpte frå bestefaren sin, sorenskrivar Christian Rue. Hans Nielsen Rue slo under seg mykje jord og vart styrtrik. Han rådde over 3/5 av jorda i Sunnfjord og var på denne tida større enn dei som då eigde Svanøy-godset. Rue vart ein av dei største skyttytarane på Vestlandet.

Hans Nielsen Rue vart i 1731 avsett som fut etter at det vart oppdaga kassemanko. 50 år seinare rådde Hans Thiis Nagel over vel så mykje jord då han fekk hand om Svanøy-godset.

Eide i Gloppen, der futen budde ein periode. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Eide i Gloppen, der futen budde ein periode. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Øydde ut skogen

Garden Maurstad i Vågsøy var ei kort tid på 1500-talet bustad for futen i Nordfjord. Men den lengste tida budde Nordfjord-futane på storgarden Eide i Gloppen, og frå 1609 på Davik. Fureskogen i Gloppen var ein viktig grunn til at Nordfjord-futen busette seg på den gamle hovdinggarden Eide ved Sandane. Christen Søfrenson Wittrup, som var fut i Nordfjord kring år 1600, fekk også hand om garden Evebø og dreiv stort sagbruk ved ein foss i Storelva i Gloppen.

Det var mykje fordi Wittrup dreiv rovdrift på skogen i Gloppen at ein i 1606 vedtok å flytte futesetet for Nordfjord til Davik. Samstundes låg Davik meir sentralt i Nordfjord enn Sandane.

Nordfjord og Sunnfjord futeembete samla

I 1710 - i futen Rue si «regjeringstid» - vart Sunnfjord og Nordfjord slegne saman til eitt futedøme. - Sjå elles Gloppen kommune om kvar futane i Nordfjord hadde tilhald. Den felles Fjordane-futen budde aldri i Nordfjord, men på gardane Fure vest i Fjaler, Svanøy ved munningen til Førdefjorden og til sist på Bruland i Førde.

Sorenskrivargarden på Leikvin i Eid. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Sorenskrivargarden på Leikvin i Eid. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Fjordane delt mellom to sorenskrivarar

Men sjølv om Fjordane fekk sams fut, så hadde Nordfjord og Sunnfjord i alle høve kvar sin sorenskrivar frå 1690. Sorenskrivaren i Nordfjord budde på garden Apalset i Gloppen fram til 1700, då sorenskrivar Peder Clausøn Paust kjøpte garden Leikvin på Løkja i Eid og busette seg der.

Sorenskrivaren budde også tidvis på garden Skårhaug på Nordfjordeid, ein kort periode på «gamlegarden» Apalset i Gloppen, deretter Setre på Hundeide i Eid, for til sist å kome tilbake til Leikvin fram til 1957, då det vart bygd kombinert kontor og embetsbustad på prestegarden på Mel på Nordfjordeid.

I Sunnfjord budde sorenskrivarane truleg i nærleiken av futegarden på Fure den første tida, men har sidan budd både i Sørbøvåg i Hyllestad og frå 1649 på Yksnebjør i Dale. Utover 1700-talet veksla det litt mellom Skei i Førde og gardane Ysknebjør, Dale og Tysse i Fjaler kommune fram til 1852. Sidan har embetssetet vore fast i Førde, med sorenskrivargard på Skei.

Hovudside: Sogn og Fjordane fylke

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.02.2015