Hopp til innhold
X
Innhald

Det norske forsvaret

Frå ei militærøving rundt 1900. Mannen som pila peikar på er Søren Abrahamson Loftheim frå Askvoll. Foto: Mimmi Jansen. Eigar: Sigrid Loftheim/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Frå ei militærøving rundt 1900. Mannen som pila peikar på er Søren Abrahamson Loftheim frå Askvoll. Foto: Mimmi Jansen. Eigar: Sigrid Loftheim/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

I denne bolken kan du lese historia om utbygginga av det norske forsvaret i Sogn og Fjordane heilt frå den norrøne leidangshæren og fram til i dag. Fleire detaljar om lokale kompani og militære installasjonar finn du omtala under kvar kommune. Her kan du også lese ei samla framstilling av krigsutbrotet og kampane i Sogn og Fjordane i aprildagane 1940, samt historia om falne og andre krigsoffer gjennom fem vonde krigsår.

Fjordane infanteriregiment nr 10 – IR 10

Fjordane infanteriregiment nr 10 – IR 10 vart skipa i 1628 då kong Christian IV den 18. januar utferda ein «Krigsordinans» om oppbygging av ein legdshær i Noreg.

Fjordane regiment

– sjå Fjordane infanteriregiment nr 10 – IR 10.

Fange i den amerikanske borgarkrigen

Rundt 6000 utvandra nordmenn deltok i den amerikanske borgarkrigen 1861-1865.

Brigade 471 i Tysklandsbrigaden kjem til Tyskland.  Oppakninga deira står klar på dekk.

Brigade 471 i Tysklandsbrigaden kjem til Tyskland. Oppakninga deira står klar på dekk.

Krigsåra 1940–1945 i Sogn og Fjordane

2. verdskrig 1939-1945 kosta til saman 283 fjordingar og sogningar livet.

Heimevernet

Ein sentral lekk i det nye norske forsvaret etter krigen var skipinga av Heimevernet i 1946.

Tysklandsbrigaden

I sju etterkrigsår - frå 1947 til 1953 - stilte Noreg med ein heil brigade soldatar som vaktstyrke i Tyskland – den såkalla Tysklandsbrigaden.

Ubåtjakt i Sognefjorden

Den mest «krigerske» hendinga i Sogn og Fjordane etter 2. verdskrig var då det i 1972 vart sett i gang ei stor jakt etter det som ein meinte var ein fiendtleg ubåt i Sognefjorden.

Sogn og Fjordane Sivilforsvarsdistrikt

Sivilforsvaret høyrer inn under Justis- og politidepartementet og vart først organisert etter ei lov frå 1953.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 30.09.2011