Hopp til innhold
X
Innhald

Eineveldig amtmann

Amtmannen - frå 1919 med tittelen endra til fylkesmann - var heilt fram til 1976 den øvste administrative leiaren både for den statlege og den fylkeskommunale adminisitrasjonen i eit fylke:

Han var Staten sin øvste sendemann og tilsynsorgan i fylket, samstundes som han hadde tilrådingsrett og leia den daglege drifta av fylkeskommunen.

Før det lokale folkestyret vart innført med formannskapslovene i 1837, hadde amtmannen/fylkesmannen m.a. ansvaret for sjuke- og medisinalstellet, offentleg vegbygging og vedlikehald av lokale vegar (nasjonale sambandsvegar låg under militærvesenet heilt fram til 1864), og hadde dessutan ein del økonomisk og administrativt mynde i samband rettsvesen, polititenester og formyndarordninga. Men formannskapslovene i 1837 endra på dette, sjå: Folkestyre og fylkesting.

Les også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 20.10.2008