Hopp til innhold
X
Innhald

Frå militær til sivil vegadministrasjon

Frå 1939 til 1980 heldt vegadministrasjonen til i Tinghus I. Foto: Arild Nybø, NRK.

Frå 1939 til 1980 heldt vegadministrasjonen til i Tinghus I. Foto: Arild Nybø, NRK.

Den første vegsjefen, Christopher Engebreth Borch. Foto utlånt av Christian Borch.

Den første vegsjefen, Christopher Engebreth Borch. Foto utlånt av Christian Borch.

Ei ny veglov i 1851 dempa det militære innslaget i norsk vegadministrasjon, og i 1864 vart den første sivile vegdirektøren tilsett som øvste leiar for vegadministrasjonen i Noreg.

Første gong fylkestinget i Sogn og Fjordane sette opp ein slags vegplan var i 1864, då ein prioriterte ulike vegprosjekt - sjå: Fylket som skipsreiar og vegbyggjar.

Første amtsingeniøren

I 1874 tilsette Sogn og Fjordane kaptein M. T. Christensen som den første amtsingeniøren. Han vart avløyst av Chr. Engebreth Borch, som i 1895 vart den første med vegsjef-tittel i Sogn og Fjordane. Kontoret hadde året etter til saman fem tilsette, og heldt i mange år til på Hermansverk i eit hus som vart kalla «Borch-huset». Dette huset brann i 1977. Knud Knudsen var ein mann som kom til å prege vegpolitikken i fylket i svært lang tid: Han kom til fylket som vegingeniør 1896. Frå 1899 til 1922 budde han i Nordfjord, der han leia arbeidet med viktige veganlegg som Stryn - Nordfjordeid og vegen gjennom Hornindal. I 1924 vart Knudsen vegsjef i Sogn og Fjordane og hadde stillinga i 12 år.

Skiltet utanfor vegadministrasjonen i Askedalen på Hermansverk. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Skiltet utanfor vegadministrasjonen i Askedalen på Hermansverk. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Flytta administrasjonen

I 1939 flytta vegsjefen og administrasjonen hans frå «Borch-huset» og inn i det nybygde «Tinghus I» på Leikanger. På grunn av plassmangel i tinghusa, heldt planavdelinga til i eit kontorbygg på Hermansverk i 10 år. Vegkontoret var leigetakar i dei kommunale tinghusa på Leikanger heilt til det i 1980 flytta inn i eige bygg i Askedalen på Hermansverk. Dette bygget vart utvida i 1993.

Omorganisering i 2002

I 2002 vart vegstellet i Noreg omorganisert, og frå 2003 er Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane slegne saman i Region Vest med Ole Christian Torp som vegsjef. Etter sterk motstand frå Bergen, vedtok samferdsleministeren at Region Vest skal ha hovudkontor og vegsjef plassert på Hermansverk.

Les meir om Statens Vegvesen i Sogn og Fjordane.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.02.2015