Hopp til innhold
X
Innhald

Fylkeslegen i Sogn og Fjordane

Petter Øgar var fylkeslege i Sogn og Fjordane frå 1995 til 2010. Foto: Roy Raasholm Fauske, NRK.

Petter Øgar var fylkeslege i Sogn og Fjordane frå 1995 til 2010. Foto: Roy Raasholm Fauske, NRK.

Fylkeslegen i Sogn og Fjordane har tilhald på Leikanger. Frå 2003 er fylkeslegen lagt administrativt under fylkesmannen og Statens Helsetilsyn. Før det sorterte fylkeslegen direkte under Helsedirektoratet.

Fylkeslegen skal føre kontroll og tilsyn med alle helsetenester og helsepersonell i fylket. Fylkeslegen er også klageinstans for pasientar og pårørande som meiner seg feil handsama av offentleg og privat helserøkt. Kontoret har også ansvaret for førebyggjande tiltak og kvalitetssikring i helsetenesta.

Tidlegare hadde fylkeslegen også ansvaret for autorisasjon av sjukepleiarar og hjelpepleiarar, og kunne også gje mellombels autorisasjon til t.d. legar og andre helsearbeidarar frå utlandet som kom hit som vikarar. Men frå og med 2001 er ansvaret for all autorisasjon av helsepesonell samla i eitt sentralt, statleg autorisasjonskontor.

Fylkeslegen har til oppgåve å sjå til at helsetenstene, som her ved Førde Sentralsjukehus, blir utførde til beste for pasientane.

Fylkeslegen har til oppgåve å sjå til at helsetenstene, som her ved Førde Sentralsjukehus, blir utførde til beste for pasientane.

Offentlege legar frå 1802

Den første offentlege legetenesta i Sogn og Fjordane vart organisert i 1802 då Christian Bonning Uchermann vart tilsett som distriktslege i Fjordane. Han hadde først bustad i Innvik i Nordfjord, men flytta seinare til Førde. Heilt fram til 1836 var det berre to distriktslegar i heile fylket; ein for Sogn og ein for Fjordane. I 1836 var talet på distriktslegar i fylket auka til fire ved at kvart distrikt vart delt i eit indre og eit ytre legedistrikt. I tillegg busette det seg ein lege i Førde i 1854 som dreiv privat praksis. I 1857 var det ny deling, og fylket fekk åtte legedistrikt. I 1893 kom ei ny deling som grovt sett delte dei åtte legedistrikta inn i to jamnstore delar. Dermed var ein oppe i 16 distriktslegeområde. I åra som fylgde, kom det endå nokre delingar til - m.a. fekk Årdal starten på ei eiga distriktslegeteneste i 1895 ved at den felles distriktslegen frå Lærdal fekk faste kontordagar i Årdal eit par gonger i veka. Liknande ”deltidsordningar” finn vi i fleire kommunar kring hundreårsskiftet.

Ludvig Trædal. © Fylkesarkivet.

Ludvig Trædal. © Fylkesarkivet.

Eigen fylkeslege

Sogn og Fjordane fekk si første ordning med fylkeslege i 1922 ved at distriktslegen i Sogndal, Ludvig Trædal, fekk dette embetet som bistilling. Denne kombinasjonsordninga med å vere fylkeslege samstundes som dei var distriktslege i Sogndal, arva etterfylgjaren Harald J. Blaauw. Blaauw vart tilsett i 1947 og fungerte til 1966. Då kom Rolf Hegbom som fylkeslege på heiltid.

Fylkeslegar i sjukehusstrid

Alle desse fylkeslegane kom til å stå sentralt i dei kvasse stridane om sjukehusutbygginga i fylket; for Ludvig Trædal i mellomkrigstida, for H.J. Blaauw og ikkje minst Rolf Hegbom i striden om sentralsjukehus kontra lokalsjukehus kring 1970.

I mellomkrigstida vart det arbeidd ut ein plan om utbygging av fylkeseigde sjukehus. M.a. skulle det byggjast eit sjukehus for Sogn på Leikanger. Florø sjukehus skulle byggjast vidare ut, og nordfjordingane kom med sine krav om eige sjukehus utan at det så tidleg vart nærare spesifisert kvar det skulle liggje. Men så kom planen om eit eige ”verk-sjukehus” i Høyanger opp. Fylkeslege Trædal gjekk inn for å støtte Høyanger-planen, og fekk sterk kritikk for det.

Rolf Hegbom i 1994. Foto: Atle Løkken, NRK.

Rolf Hegbom i 1994. Foto: Atle Løkken, NRK.

Den siste og skarpaste sjukehusstriden starta med at H.J.Blaauw som leiar av ei nemnd i 1964 gjekk inn for utbygging av lokalsjukehusa i Høyanger, Florø og Nordfjordeid, og nytt sjukehus for indre Sogn i Sogndal. Det politiske miljøet og fleirtalet i fylkestinget var på god veg til å få dette desentraliserte mønsteret gjenomført då Rolf Hegbom tok over som fylkeslege i 1966. Med helsedirektør Karl Evang som sterk bakmann fekk Hegbom stogga lokalsjukehusplanen. I staden lanserte han planen om sentralsjukehus for fylket i Førde til erstatning for alle lokalsjukehusa. Dei skulle leggjast ned.

Striden som fylgde kan du lese om i eigne artiklar under Sogn og Fjordane fylke, og under kommunane Eid, Flora, Lærdal, Høyanger og Førde. Fylkeslege Hegbom vart sett på som den viktigaste arkitekten bak planen om eit sentralsjukehus i Førde. Han vart sjølv leiar i byggjenemnda for sentralsjukehuset som stod ferdig i 1979. Hegbom vart avløyst som fylkeslege i 1994 av Petter Øgar. Frå og med 2003 er den statlege tilsynstenesta med helsevesenet i fylket organisert som ei avdeling under fylkesmannen.

Fylkeslegar i Sogn og Fjordane

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.02.2015