Hopp til innhold
X
Innhald

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane 1976 til 2019

Fylkesmannen er vert når representantar for kongehuset kjem til Sogn og Fjordane. Her er det kronprins Haakon og kronprinsesse Mette-Marit som er på vitjing. Foto: Cosmin Cosma, NRK.

Fylkesmannen er vert når representantar for kongehuset kjem til Sogn og Fjordane. Her er det kronprins Haakon og kronprinsesse Mette-Marit som er på vitjing. Foto: Cosmin Cosma, NRK.

Fylkesmannen hadde ei svært sterk stilling i fylkesstyringa fram til det vart innført direkte val til fylkesting i 1976, og ein fekk eigen fylkesrådmann og heiltids fylkesordførar.

Berre Statens mann

Etter omskipinga av fylkeskommunen i 1976, er fylkesmannen berre Staten sin øvste representant i fylket. Fylkeskommunen er styrt av eit folkevald fylkesting og fylkesordførar, og med ein fylkesrådmann som øvste administrative leiar.

«Til gagn for fylket»

Som Kongen og regjeringa sin øvste representant, skal fylkesmannen formidle nasjonale politiske mål og retningsliner, og samstundes gje tilbakemelding til statsstyret om korleis den statlege politikken og - verkemidla ter seg i praksis.

Fylkesmannen har instruksfesta at han skal verke til gagn for fylket. I dette ligg det at han spelar ein aktiv rolle i samfunnsbygginga og tek initiativ til beste for fylket.

Frå 1994 til 2011 var Oddvar Flæte fylkesmann, i 2011 vart Anne Karin Hamre den første kvinnelege fylkesmannen i Sogn og Fjordane. Frå 1995 til 1997 var Per Drageset assisterande fylkesmann, frå 1997 til 2008 Ingrid Bjørkum, frå 2008 til 2011 Anne Karin Hamre og frå 2011 Gunnar O. Hæreid. Frå 2019 er Lars Sponheim fylkesmann i Vestland fylke.

Mellom oppdraga til fylkesmannen er utdeling av Kongens fortenestemedalje. Her er det Arne Eldegard frå Øvre Årdal som får medaljen. Til høgre kona hans, Ester Eldegard. Foto: Steinar Kvigne.

Mellom oppdraga til fylkesmannen er utdeling av Kongens fortenestemedalje. Her er det Arne Eldegard frå Øvre Årdal som får medaljen. Til høgre kona hans, Ester Eldegard. Foto: Steinar Kvigne.

100 tilsette

Dei ulike kontora og etatane som sorterer under fylkesmannen i Sogn og Fjordane har i 2002 kring 100 tilsette.

Her er eigne avdelingar for miljøvern, landbruk (lokalisert til Førde), oppsyn med kommunal økonomi og forvaltning, sosiale spørsmål som t. d. barnevern, sivil beredskap, og juridisk avdeling. Frå og med 2003 er også fylkeslegen og Statens utdanningskontor lagt under fylkesmannen.

Fylkesmannen har vedtaksmynde i ei lang rad saker. Dette gjeld m.a. søknader om separasjon og skilsmisse, fri rettshjelp, saker etter forureiningslova og utvida opningstid for butikkar.

Nigardsbreen, ein del av Jostedalsbren nasjonalpark. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Nigardsbreen, ein del av Jostedalsbren nasjonalpark. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Nasjonalparkar og naturvern i Sogn og Fjordane

Miljøvernavdelinga til Fylkesmannen har m.a. ansvaret for å forvalte dei verna områda, som utgjer kring 15 % av det totale arealet i Sogn og Fjordane.

Les også om amtmenn og fylkesmenn i Sogn og Fjordane og statlege institusjonar i Sogn og Fjordane.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 19.09.2018