Hopp til innhold
X
Innhald

HAFS Regionråd

HAFS Regionråd har m.a. engasjert seg i arbeidet med å byggje ut industriområdet på Lutelandet i Fjaler. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

HAFS Regionråd har m.a. engasjert seg i arbeidet med å byggje ut industriområdet på Lutelandet i Fjaler. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

HAFS Regionråd vart skipa i 1992 av kommunane Askvoll, Fjaler, Hyllestad, Solund og Gulen. Rådet greier ut og målber saker av felles interesse for regionen; m.a. utvikling av oljeretta og annan industri på Lutelandet i Fjaler ved skipinga av selskapet Lutelandet Utvikling AS i 2005. Eit anna felles tiltak er Stiftinga Jensbua ved Flekke i Fjaler som arbeider med kulturminnevern og reiseliv.

Regionrådet er sett saman av ordførarar og rådmenn i medlemskommunane, og leiarvervet går på omgang medlemskommunane i mellom.

Gulen kommune har i tillegg hatt eit nært samarbeid med Masfjorden kommune i Nordhordland om den oljerelaterte utbygginga i Sløvåg gjennom Masfjorden Utviklingsselskap AS (sjå Gulen kommune).

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 30.09.2011